22 mars 2006

Livet i revy

Kvar gong eg slår av og så slår på att PowerBooken min, vert datoane "nulla", dvs. eg endar alltid opp med 1. januar 1970. Spør meg ikkje kvifor. Sender eg då epost får ebrevet sendardato 1. januar 1970. Lite lurt. Når eg så klikkar på tasten for å nå 2006 ser eg alle årstala, 1971, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976, 1977, 1978, 1979, 1980, 1981, 1982 osv. rulle forbi. Og det er nett som livet rullar forbi. Kva skjeddde desse åra? Kva har eg fått gjort på denne tida? Er eg verkeleg så gamal? Slik vert eg sitjande og fundere kvar gong eg slår på Power-Booken.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Eg tippar at klokkebatteriet er tomt, laust eller aldri sett i.

Anonym sa...

Skjer det same når maskina går i dvale? For det er mogeleg å aldri slå maskina av, berre lukke henne.. men det visste du vel.

Purisme sa...

skjer aldri når maskina går i dvale. eg bruker elles ikkje å slå av maskina.

medan vi er inne på dette: etter jul har batteriet ikkje funka. eg kjøpte nytt i fjor, men no funkar ikkje batteriet, det ladar seg verken opp eller ut, der er ikkje samband. eit uforskamma vesen i databutikk seier at det stort sett er betre å kjøpe ny maskin enn å kome og få den reparert.