Etter at eg i går nemnte Rørsla for å gjere svake verb sterke, har nokre snakka saman, og det skal i byrjinga av juni vere årsmøte i Rørsla. For fyrste gong på fleire år! Årsmøtestad vert kunngjord seinare. I samband med årsmøtet tek Rørsla sikte på å lage ei liste over:
1) fem ord som BØR gjerast sterke,
2) fem ord som i festlege lag KAN gjerast sterke.
Framlegg til kamp-verb kan sendast til denne bloggen.
6 kommentarer:
Presisering: Rørsla har diverre nettopp fått ei utbrytargruppe som bruker tida på å irettesetje folk som har ei utgliding i talemålet (t.d. ved at dei bøyer "å gale" svakt og t.d. "å spy" sterkt). Rørsla som heilskap tek avstand frå all form for individ-orientert moralisering. Føremålet er annleis.
Elles: Det har til no kome inn to framlegg, "p-ordet" og "å kule han".
Kva med
"å smila - smeil - har smole"?
Å blogge - blyg- blaug - har bloge. For dette liknar på "å lyge" - i alle fall slik eg bøyer det.
Framlegga vert sende til interimsstyret for Rørsla.
Når det gjeld "å blogge" – her har faktisk bokmål eit problem, for der er det slik at det som på nynorsk heiter å "bløgge/blodge" ein fisk heiter nettopp "å blogge" ein fisk. Så med tanke på dei mistydingane som kan skje dersom frua i huset seier at ho har vore og "blogga", og mannen trur at no er fisken i orden, medan ho altså har drive på meg vev-bloggen, ja, du skjønar, fisken kan verte liggjande der ute og få makk i seg. Så du har eit poeng her. Rørsla er ikkje heilt samd her, men framlegget vert handsama på årsmøtet.
På nynorsk kan ein altså skrive "bløgge" eller "blodge" (sistnemnde pga. norrønt "bló∂ga"). Men kven som seier "blodge", veit eg ikkje. Hm. Skal spørje dialektkunnige i morgon.
Kven tarv vel målførekunnuge når Grunnmanuskriptet ligg so høveleg til på veven?
blodga v.
(a) såra, slå el. skjera so det bløder, L, A, ("blògga" (Lærdal 1811), Bb), Å, ("bloogga" Ma), R, ("blogge" Snm) 1810, "bloogge" (Tel), (Va) B, ("blugga" Ry, Nhl, Nfj, Roms), ("blòkka" Har, "bløkke" Gol i Hal), R. Gn. blóðga.
Det er fulla ikkje vìtet det skortar på hjå dei som segjer "blodga", endå um det berre er hjå Olav H. Hauge eg hev lese formi - det eg kann minnast.
Legg inn en kommentar