24 mai 2005

Debutere

Det er mykje ein kan seie om det å debutere, men eg skal unngå å gjere lesaren forlegen, og nøye meg med å slå fast at dette er min debut som bloggar. Og kva så? spør du. Kvifor dette intimitetstyranniet gjennom offentlege dagbøker – noko så pinleg! Og kven bryr seg eigentleg?

Ute regnar det som vanleg. I korridoren utanfor døra traskar professorar og fyrsteamanuensar tungt forbi. Gjennom vindauget, på hi sida av atriet, ser eg studinene svinsar lett bortover sin korridor, på veg til lesesal eller snakking i sofakroken. På Mållagslista diskuterer dei nynorsk pornografi. På eposten kjem det ebrev frå svenskar. Dei skal eg ha eit sommarkurs for i juni. Og nede i Berrrrrgen sentrum går sikkert dei innfødde inn ein stad og kjøper fiskepudding eller pølser som dei stappar i seg, nøgde med seg sjølve, som vanleg, utan tanke på at eg altså sit her og debuterer som bloggar.

Så kva er poenget? Kven bryr seg? Og – utanom Olaug Nilssen – har eigentleg desse bloggane lesarar?

Denne bloggen byrjar altså med ein del modifikasjonar. Kva som skal vere poenget med bloggen, kjem eg tilbake til.

4 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Hjarteleg velkomen som bloggar! Dette lovar bra, og det er fint at du ikkje vil gjera oss forlegne. Kva vert neste steget? Kanskje du kjem på msn?

Purisme sa...

Takk takk! Men eitt steg av gongen. No har eg ført deg opp på lenkjelista, forresten.

Fru Lur sa...

wow. om du er interessert i endå meir intimitetstyranni, sjå frulursur.blogspot.com

Purisme sa...

Den var ganske intimitetstyranniserande, ja...