24 mai 2005

Nur für Wissenschaftlers

Undertittel: Porno og sterke verb

Det har som kjent kome ei pornografisk side på Internett med bilettekst på nynorsk. Her det eigentleg tale om ei over 30 år gamal sak. Det var nemleg i 1971 at Einfrid Perstølen på talarstolen under landsmøtet åt Noregs Mållag etterlyste pornografi på nynorsk. Og no har altså ein sotrabu på 25 år teke opp hansken frå 1971.

Før vi kjem til sjølve saka (vi er sjølvsagt ikkje pornografar og kjem til saka med ein gong), kan det høve å sjå litt på kva Ivar Aasen gjorde. I dag fekk eg nemleg høyre av godt informerte kjelder at ein stad, gøymt bak støvete kasser inne i eit arkiv, ligg der ei liste Ivar Aasen laga over tabu-ord. Desse tabuorda går særleg på seksualitet, og er, naturleg nok, dei saftigaste og djervaste som tenkjast kan på området. Ein må gå ut frå at Aasen noterte slike tabuord, slik han noterte andre ord, og at det ein stad finst ei liste med desse orda. Og ein vakker dag får nok ein filolog tak i den lista, og kan slå seg fram som den frimodige og folkelege, slik ein folklorist gjorde på 1970-talet då han fekk eit forlag til å publisere erotiske norske eventyr. Desse erotiske eventyra hadde vorte haldne tilbake for folk flest av moralske grunnar. Rett nok hadde dei vorte publiserte over hundre år tidlegrare, men då på tysk, i eit tysk vitskapleg tidsskrift for folkloristar. Folkloristen som eg snakka med i kantina i dag, fortel at det jamvel stod ei åtvaring framføre eventyra: „Nur für Wissenschaftlers“. Asbjørnsen, som samla inn desse eventyra, gjorde suksess i selskapslivet med å fortelje grove erotiske eventyr til damer frå den høgare borgarskapen. Kompanjong Moe la derimot ein dempar på den skriftlege erotikken.

Saka her er likevel ikkje pornografi. Saka er i staden, som ho ofte er i målsamanhengar, den forma for nynorsk som vert brukt. For kva er det den unge pornografen – som Noregs Mållag, av alle, har hylla og reklamert for - kva er det han skriv? Jau, les vi i BA, han skriv om ei jente at ho "sug kuk". Som Finn Tokvam med rette peikar på, i nynorsk heiter det "syg"!

Dette fører oss så vidare til ei rørsle som var aktiv for nokre år sidan, nemleg rørsla for å gjere svake verb sterke. Den rørsla engasjerte seg særleg for eit ord som ein meinte skulle bøyast som "suge". Det er det såkalla "p-"-ordet. Det skulle då bøyast slik: i presens "pyl", i preteritum "paul" og i perfektum partisipp "har pole". Diverre har eg høyrt lite frå den rørsla dei siste åra, men sidan vi var inne på eit emne som ikkje var direkte irrelevant i denne samanhengen, tenkte eg det kunne vere eit poeng å nemne dette.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette var svært interessant. Eg kan nemne at eg fann fleire feil på den nynorske pornosida, og at eg generelt vart skeptisk og litt ufjelg av å sjå på henne.
Velkomen i blogosfæren!

Vidar sa...

Eg var med og modifiserte rørsla for sterke verb ved å ta med dialektvariantar òg. T.d. å påLå, peL, poL, hi pyLy!