20 oktober 2010

Praat mar frysk


I formiddag gjekk spaserturen til Afûk, dvs. Nynorsksenteret for frisisk. Vart motteken av Mirjam Vellinga som har ansvaret for kampanjemateriellet, bl.a. for "Praat mar frysk"-kampanjen. Den kampanjen har toppmodelen Doutzen Kroes (ihuga frisiskkvinne) som ein av ambassadøran sine. Butikkar kan klistre på "Praat mar frysk"-merke (snakk gjerne frisisk) med det som visstnok er forma som leppene til Douzen Kroes. "Mei in tútsje fan Doutzen."

Afûk har mange tiltak, prosjekt, bokutgivingar kursverksemd etc. Eigentleg ganske imponerande kva ein får til ut frå avgrensa ressursar. Og så har ein ein bokhandel for frisiske bøker og for diverse tilhørsle, t.d. smokkar, smikke og klesklyper med frisiske frasar på. Ein kan òg lære frisisk på veven her. Ein slager er elles barnebøker med figuren Tomke. Kjøpte faktisk eit par bøker med han, som ein start på frisiskundervisninga i heimen.

Ingen kommentarer: