18 oktober 2010

Fryslân


Så kom ein seg omsider tilbake til Frisland, etter atten år sist gong. Eg er på forskingsopphald ved Fryske Akademy, og hat fått ein fin kontorplass mot bakhagen. Er òg godt motteken, var med på ei samling som alle medarbeidarane har kvar måndag, og vart vist rundt i bygningane.

Eg kom i går kveld, og innlosjerte meg som planlagt på gjestehuset Kia Ora, i gamlebyen i Ljouwert. Det er kort spasertur til akademiet, og hyggeleg å gå rundt i, med brustein og 1600-/1700-talshus.

I morgon skal eg halde eit innlegg på akademiet - om nynorsk/frisisk og om dialektar og hipphopp. Innlegget har jamvel fått medieomtale i frisisk radio (Omrop Fryslân), så forventingane er tydelegvis høge.

Ingen kommentarer: