27 oktober 2010

Frisarar med protest


Tysdagen for ei veke sidan var det pressekonferanse på Fryske Akademy. Vi sat inne i eit flott seminarrom med tapet som på 1700-talet visstnok skulle illudere jungelen. Arrangørar var 17 ulike frisiske organisasjonar og institusjonar, og dei hadde støtte frå alle dei politiske partia i Frisland.

Saka galdt mangelen på språkpolitisk oppfylging frå den nederlandske regjeringa. No gjorde frisarane det klart at ein klaga den nederlandske regjeringa inn for Europarådet og Europaparlamentet. Det var alt sendt eit brev dit.

Utgangspunktet var at Nederland i september i år skulle ha levert den treårige ekspertrapporten om korleis ein fylgjer opp det europeiske sjarteret for regionalspråk og minoritetsspråk - eit sjarter Nederland har underskrive og dermed er pliktig til å fylgje opp. Nederland hadde likevel ikkje levert nokon rapport. Det viste seg at ein faktisk ikkje hadde byrja førebuingane. Det same skjedde førre gong – då var ein 15 månader for seint ute. Så kom det i 2007 ein rapport der ein etterlyste konkrete tiltak som galdt for skulen, media og rettsstellet. Det har så Nederland ikkje gjort noko med.

Det at så mange som 17 frisiske organisasjonar slo seg saman på denne måten, representerer eigentleg noko nytt i frisisk språkpolitikk. Om det er eit blaff eller starten på noko nytt, vil tida vise.

To moment som frisarane nemner i sitt brev, er eigentleg lekkasjar frå ein regjeringsoppnemnd komite (Hoekstra-komiteen), nemleg at provinsen Fryslân skal få rett til å føreskrive kompetansemål som gjeld frisisk i barneskulen. I tillegg er ein oppteken av at den nye regjeringa har sagt at det skal kome ei språklov, og at frisisk skal nemnast i den lova.

Ingen kommentarer: