24 oktober 2006

Wikipedia

Har omsider oppdaga nynorskversjonen av Wikipedia, og har alt vore inne og skrive eit par korte artiklar, t.d. om fagdidaktikk, og redigert litt det som står om frisisk språk. Granska elles det som står om målfolk, og då er verken Gustav Indrebø eller Torleiv Hannaas nemnde, medan somme nolevande er det ikkje måte på kor stor innsats har gjort.

8 kommentarer:

Unknown sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Unknown sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Unknown sa...

Er ikkje det hovudproblemet med dei små Wikipedia-utgåvene då? Folk lagar sider som fell dei inn (og som kanskje ikkje krev så mykje arbeid), men alt for få arbeider planfast for å dekkja opp ulike emne.

Det hadde kanskje vore betre om nynorsk-Wikipedia var ei "progressiv avgreining" [fork] av bokmåls-Wikipedia, litt slik Citizedium planlegg å gjera med Wikipedia?

Purisme sa...

Det har du heilt rett i, eg ser jo når eg går inn på ulike sider, som eg har gjort for moro skuld, at det er så VANVITTIG mykje som burde ha vore gjort.(Så ingenting gale sagt om wikipedistane!)

Dette med progressiv avgreining var eit nyord for meg (ser at det er brukt i svensk). Det finst vel ikkje maskinomsetjingar for slikt, dvs. at folk må gjere dette, og folk synest vel ikkje det er så kult å drive med omsetjingar frå bokmål.

Unknown sa...

Eg var så vidt innom ei diskusjonsside der Trond Trosterud ivra for å bruka nyno-data til dette (på eitt eller anna vis).

For meg ser det ut som om dei fleste set om frå anten bokmål eller engelsk, kor som er. Likevel: Det beste hadde sjølvsagt vore om dei beste «wikipedantane» og fagfolka skreiv på nynorsk-Wikipedia, slik at bokmålsfolka var nøydde til å henta stoff derifrå.

Purisme sa...

Vel, kanskje der er visse område nynorskwikipedia i alle fall kan vere betre enn bokmål på; det føreset samstundes semje om ei viss prioritering. Trur at wikipedia på nn vil ha liten funksjon dersom det skal vere kortversjonen av bokmål. Kven i alle dagar vil søkje der då?

Ser at Trond Tr har ynskt meg velkomen på wikipedia; han har ei side der med mange merknader, og dei skal eg ved høve kaste meg over.

Unknown sa...

Godt spørsmål. Det er gode grunnar til at eg stort sett går til den engelske utgåva dersom eg er interessert i å vita meir om noko som ikkje er særeige norsk - eg veit at artiklane der er lengre og betre.

Uansett: lukke til som «wikipedant». Eg freistar å bidra litt no og då; diverre alt for lite.

Purisme sa...

takk takk, eg har dessutan merka meg at det heiter wikipedant og ikkje wikipedist.