27 oktober 2006

Katt og lyd

Når eg sit i sofaen i stova, grip eg ofte meg sjølv i å sitje og studere katten. Interessant er det å sjå på korleis han reagerer på lydar. Dei verste lydane kjem tydelegvis frå: a) hardingfele, b) Jan Eggum som syng, c) plystring. Dei beste lydane er: a) namnet på katten, b) knitring frå vedomnen, c) lydar som har med laging av mat å gjere.

1 kommentar:

Anonym sa...

Katta mi brukte å slå to gonger med halen, om eg sa "pusi...?" når ho sov. Gjer katten din det?