17 februar 2006

Kvinnekroppen og skriving

Kvifor har skrivande kvinner det enorme fokuset på kroppen sin? Tenåringsjenter skriv innlevande stilar om anoreksi og motejag, når dei vert midt i tjueåra og midt i tredveåra skriv dei romanar og bloggar om seksuallivet sitt og om ulike kroppsdelar. Eg skjønar ikkje denne interessa. Den er no ein gong der, kroppen. Som Ivar Medaas song: Du skal vera glad for den nasen du har, sjølv om han er både krokut og rar.

Dei som skriv så mykje om kroppen, er jo unge, pene akademiske kvinner frå mellomlaga i samfunnet, og det er fåe som er så kroppsfokuserte (og sjølvsentrerte) som dei (unntaket når det gjeld sjølvsentrering er vel nestenunge akademiske menn + visse 50-60-årige menn i målrørsla, men dei held vi utanfor no). Samtidig trur eg den kroppsfokuseringa og sjølvsentreringa åt dei nemnde kvinnene ikkje berre heng saman med denne sosiologiske gruppa sine eigne frustrasjonar, men òg med skulen. Skulen gir gjennom si skriving systematisk jenter fordelar, av di norsk skrivepedagogikk er så gjennomsyra av det forteljande, det personlege, det autentiske. I alle fall er det mykje interessant å hente ut frå ein del nye systematiseringar omkring skriving i skulen (t.d. frå KAL-prosjektet og frå PISA-undersøkinga). I KAL-prosjektet vert det vist til korleis skriveopplæringa neglisjerer gutane sine interesser, røynsler og verdiar, og oppmuntrer jentene sine. Eg har lufta dette for studentane, men dei viser til at professorane er menn, og at eg ikkje har noko med å snakke om undertrykking av menn i skulen. Dette er noko eg vil kome tilbake til.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg har to spontane kommentarar

1. Eg les ikkje KAL-rapporten slik som du. Eg kan ikkje sjå at ein naudsynt konklusjon av den er at gutar vert undertrykte i skulen, eller at skulen (eller ungdomsskulen, er det vel studien handla om) er på jentene sine premissar. Det er fleire stiloppgåver i typiske "jente"-sjangrar, som dagbok, novelle og liknande. Samstundes er det jo slik at dei erfaringsbaserte sjangrane er dei som appellerer mest til både gutar og jenter, men jentene gjer det jo betre.

- men det er inga opplæring, korkje av gutar eller jenter, i dei sjangrane ein hevdar seg i akademia og "den offentlege debatten". Og der er det heller ikkje jenter som kjem best ut - det er gutar som skriv dei beste sakprosastilane.

Eg tenkjer at det òg finst kulturelle utanom-skulske årsaker til at gutane gjer det dårlegare enn jentene utanfor skulen - kan henda skuleflinkheit er so (økonomisk og kulturelt)uinteressant for gutar i Noreg (i motsetning til gutar i dei fleste andre land) at dei ikkje gidd leggja ned den innsatsen skulen krev for det utbytet skulen gjev, medan jenter er so greie at dei gjer det. At jenter les på fritida, medan gutar i mykje mindre grad gjer det, trur eg heller ikkje kan ha si einaste årsak i norskfaget på skulen.

Kva av undersøkjingane i KAL-studiane er det forresten du syner til - Wenche Vagle sin?


2. Fuck, no fekk eg ikkje plass til å fortelja om kvifor folk skriv om kroppen. Men når jenter skriv "offer"-stilar om anoreksi, sjølvmord, abort og valdtekt, medan gutar skriv om valdelege action-eventyr, tykkjer eg det er litt rart å fyrst og fremst sjå det som eit teikn på at jenter er sjølvopptekne og kroppsfokuserte. Kvifor skriv jentene om å verta utsette for vald, og gutane om å driva vald, til dømes? Båe deler handlar om kroppen. Dessutan - at fjortisjenter skriv om vonde ting knytt til kroppen og at relativt sjølvtrygge tredveåringar skriv om kåtskap, tykkjer eg er vanskeleg å sjå som uttrykk for det same. Meiner du det du skreiv som ei seriøs, fagleg årsaksforklaring, eller meinte du det som eit påskot for å slengja litt skit?

Dette vart eit langt innlegg, som dei skriv i Norsk Barneblad

Purisme sa...

No skreiv eg noko, men alt vart blanka, så i all hast nokre ord:

1. Det er vist gjennom norske kartleggingar, PISA og PIRLS at læringsresultata til jenter er betre enn gutane, at skilnaden mellom gutar og jenter har auka, og at han har auka dramatisk i Noreg i høve til resten av Europa. Eg kan ikkje unngå å sjå det som eit problem, både på grunn av at skulen i seg sjølv er ein viktig del av livet til folk (ein er ikkje berre der for å førebu seg til livet 20 år lenger fram i tid!) og fordi ulikskapar i grunnskulen kan liggje att seinare i livsløpet.

Eg trur elles ikkje det er likskap mellom å hevde seg i akademia og den offentlege debatten. I akademia er det akademisk stil som gjeld, i den offentlege debatten er det journalismen som gjeld. Og det er journalismen som gir makt.

Eg trur du har heilt rett i det med utanomskuletilhøve. Likeins trur eg at det har med andre moment enn det dei sosialpsykologiske pedagogane kallar "motivasjon". Eg trur at identitet og rolletilhøve utanfor skulen spelar mykje for kva ein vil lære, og eg ser at ei ny doktoravhandling av ei som heiter Camilla Schreiner er inne på det. Dette har ein sett i sosiolingvistikken, t.d. med "jocks" og "burnouts" (Eckert). Men det vil ikkje seie at skulen ikkje kan gjere noko. Her er det tale om å opne opp for ulike strategiar, og i desse strategiane ligg der naturleg nok ein kjønnsdimensjon. Det vil ikkje seie at skulen generelt diskriminerer gutar og favoriserer jenter, men at der er element som verkar i den eine og i den andre retning, og eg trur at feminiseringa av skulen i mindre grad opnar opp for læringsstrategiar som vil vere tenlege for deltakarar i mannlege subkulturar.

Det med KAL er henta frå Vagle og Kjell Lars sine artiklar.

2. Nja, skulen har ein tendens til å slå ned på bruk av vald i elevtekstar, og i slike tilfelle er det i alle tilfelle ikkje slik at fokuset er på kroppen.

Det med at fokuset på kroppen representerer ein slags kontinuitet frå 14-åringen til 30-åringen, er ein hypotese. For kroppsfokuset er i båe tilfella sterk. No er ikkje parallellitet det same som samanheng. Det vil like fullt vere interessant å sjå nærmare på om der er ein samanheng, og kva den samanhengen går ut på.