23 februar 2006

Nynorsk f-prat

For nokre dagar sidan skreiv eg litt om kvinnekroppen. Og malapropos så dukka det nett no opp eit ebrev med informasjon om eit møte der ein skal prate om ein kvinneleg kroppsdel. Redaktøren i Syn og Segn skriv:

"Kva ligg i ordet FITTE og kva veit eigentleg kvinner om det dei har mellom beina?

Kan kvinner skrive like utfordrande som menn, uten å verta sett på som «kåte», «erotiske» eller sett i andre tilsvarande trange båser? Er det spekulativt når kvinner nyttar sex i sine tekstar, men ikkje når menn gjer det? Er unge kvinner meir frigjorte seksuelt og er Dagbladet Fredag si sexspalte på fredag eit bevis på det?

VELKOMMEN TIL FITTEPRAT PÅ LOGEN 7. MARS
med forfattarane Olaug Nilsen, Gunnhild Øyehaug, Ragnfrid Trohaug, Gro Jørstad Nlsen, Tormod Haugland, Ellen Mortensen (litteraturvitar), Kristina Johannessen (gynekolog). Musikk: Fanny Holmin og Dj Barabass"

Sjølv interesserer eg meg verken for Dagbladet si sexspalte, Syn og Segn eller kva norske kvinner veit om det dei har mellom beina, og eg skjønar heller ikkje dei småborgarlege greiene om vilje skrive om sex, men har angst for å verte stempla som ‘kåte’. Eg vil oppmode norske kvinner i visse lag og visse aldersgrupper om å halde sine heilt private oppdagingar av sin eigen kropp for seg sjølv. Eller å fokusere på meir sentrale kroppsdelar, t.d. navlen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Vart du like provosert då alle dei unge mennene byrja skriva slike bøker for nokre år sidan? Eller er det berre det at det er unge kvinner som skriv om sex og underliv som er det vanskelege/provoserande her?

Purisme sa...

Kven var alle dei unge mennene? Det var vel slike som denne fyren med "Pornopung" (som eg ikkje har lese) du tenkjer på? Vel, han verkar uinteressant, og jamvel om han vel skriv meir om sosiale relasjonar på kjønnsmarknaden, ut frå det eg har forstått det som, vert det ikkje meir interessant dersom nokre kvinner vil gjere det som nokre unge menn visstnok gjorde for nokre år sidan. I alle fall må det meir futt i det enn tilvisingar til Dagbladet Fredag.