06 februar 2012

Hadia Tajik og sidemålet


Interessant at når Hadia Tajik skriv i siste Morgenbladet, så gjer ho det på nynorsk. Eg merkar meg vidare at ho seier dette i januar i år, i Stortinget, under diskusjon om stortingsmeldinga om ungdomsskulen: "For fram til nå har det eneste valgfaget som Høyre har vært tydelig på at de ønsker seg, vært sidemål. Det har de landsmøtevedtak på. I praksis betyr det en svekkelse av norskfaget, ikke minst opplæringen i nynorsk, som i mange tilfeller er det aktuelle sidemålet."

Fornuftig sagt av representanten i KUF-komiteen. Dei som då meiner at Arbeidarpartiet har sagt at ein vil støtte Halvorsen, pga. utsegner frå Marianne Aasen, har dermed ikkje heilt rett, i alle fall ikkje enno.

Ingen kommentarer: