14 mai 2010

Nynorsk = diskriminering?

Det såkalla Likestillingsombodet melder om at dyslektikarar får "fritak fra sidemålsundervisning" i allmennlærarutdanninga, og at ein har fått OK-signal om det frå Kunnskapsdepartementet.

Her er det mange prinsipielle spørsmål som reiser seg. Det viktigaste gjeld dei som skulen er til for å tene: elevane og kunnskap i skulen. Med ei fritaksordning i målformene vil ein altså få lærarar som ikkje kan lese og skrive nynorsk, og dei skal lære elevar å lese og skrive nynorsk – både som hovudmål (der nynorsken skal brukast i alle fag) og som sidemål. Dette vil i så fall gjere at skulen ikkje vert i stand til å oppfylle sine overordna målsetnader der kompetanse og kulturkunnskap knytt til nynorsken spelar ei rolle. Det vil òg vere i strid med dei overordna intensjonane om jamstelling mellom nynorsk og bokmål. Vi får altså ei ny diskrimering som gjeld fleire.

Elles merkar ein seg språkbruken. For det fyrste har ein aldri hatt "sidemål" i lærarutdanninga; ein har hatt krav om vurdering i skriftleg nynorsk og bokmål. Alt her er språkbruken tendensiøs. Dersom ein skal få fritak frå "sidemålsundervisning" går ein meir radikalt til verks enn det som gjeld vidaregåande skule, der visse grupper har fritak frå vurdering i skriftleg sidemål

Sjølv om Kunnskapsdepartmentet har sagt ja til velsigninga frå Likestillingsombodet, er det slik at departementet må lage ei forskrift, og den forskrifta må på høyring, så her er ingenting vedteke. Men haldningane er tydelegvis at nynorsk per definisjon er diskrimerande. Liknande haldningar finn vi i fleire andre samanhengar, t.d. i PPT-kontor i nynorskkommunar der den lokale logopeden avgjer at elevar med lese- og skrivevanskar i kommunen skal lære bokmål.

Ei lita oppdatering: Underteikna har eit innlegg om denne saka i Utdanningsnytt.

Ingen kommentarer: