31 mai 2010

Mystisk sekk

For nokre dagar sidan stod det ein svart bossekk inntil hagegjerdet vårt. Noko så frekt. Eg flytte sekken utpå kanten av fortauet, slik at den som hadde lagt sekken frå seg, lett kunne hente han. Dagen etter stod sekken inntil gjerdet igjen. Som om det var vår bossekk. Sekken var full av klede; sikkert nokon som ikkje hadde fått plass i bossdunken sin, og valt den lette løysing. Men korleis skulle vi verte kvitt den sekken? Der var ikkje plass i vår dunk, i alle fall ikkje no i desse streiketider. Eg flytte sekken nok ein gong utpå fortauskanten. Gav meg ikkje så lett, nei. Så reiste vi vekk ein tur. Då vi kom tilbake dagen etter, såg eg fyrst ingen sekk. Men så, der var han; inne i hagen vår, på vår side av gjerdet. Eg let sekken liggje til utpå kvelden, til etter Poirot. Då gjekk eg ut, for å leggje sekken til sides i hagen vår. Medan eg gjorde det, tok eg ein liten kikk nedi sekken. Eit par damestøvletter, ei tynn kåpe, ein bluse – og ein parykk. Brått kom der ei uro og eit kaldt ubehag over meg. Her må det ha skjedd noko kriminelt. Eit ran? Eit mord? Eit partert lik i skogen opp mot Løvstakken? Og her var sekken med bevismaterialet! Eg la sekken med bevis frå meg under eit tre. Der vil han liggje til neste gong eg fer til ein gjenvinningsstasjon. Bevis vil då forsvinne, mysteriet vert ikkje oppklart. Men eg vert kvitt problemet.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er sikkert Hamsun sin sekk.

Anonym sa...

Dette må då vera noko uppsop frå ein transvetitt som ikkje vilde verta uppdaga. Han tok seg ein tur innum hagen din kvar gong han hadde seg ein jentetur, men no hev han kannhenda funne seg ein ny hage.