18 februar 2008

Gardermoen i Bergen

No har Bergen omsider fått eit bygg som innvendig minner litt om flyterminalen på Gardermoen. Det gjeld sjølvsagt det nye Studentsenteret i Bergen. Den som ser på fargebruken, dørene, kombinasjonen av stål og treverk etc., ser raskt likskapane. Visse skilnader er der likevel. På Studentsenteret kan du t.d. ikkje ta ein lyddusj. Og på Gardermoen kan du ikkje hoppe i bassenget.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Du har faktisk rett.

Anonym sa...

Elles er vel hurtigruteterminalen også ein assosiasjon til Gardermoen. Trendy.

Marøy sa...

Lyddusj finst det på Gardermoen. Eg trudde dette var eit ord som berre verserte i lingvistkrinsar. Einaste gongen eg hev sett nokon litt på sida nytta det var i boki til Helene Uri "Blant de beste av oss". Eg fær endeleg ikkje vona at me fær sjå eit slikt monstrums bygg som Uri skildrar i denne boki. Studentsenteret er, so langt eg hev rokke å sjå, sers velberga soleis, men riden av gigantomani. Det er nok av open plass. Det er heldigvis ikkje laga til ein masse altuppslukande og kulturindustrielt bos rundt det heile. Godt er det. Vonlegvis er det råd å byggja ut og byggja um. Og det er å vona at taket ikkje ramlar ned i hovudet på studentane slik som på UB i Oslo eller at vassbyttone vert ståande fulle under hol i taket slik som på det gamle senteret. Noko må ein då læra av.