22 februar 2008

Samantha møter ei nederlandsk setning


Verbet er det viktigaste leddet i ei setning. Det er den utløysande faktoren, klimaks, utløysinga. I ei norsk setning kjem verbet ganske tidleg. I ei tysk setning er det annleis. Setninga får gleda av å krike og kroke seg gjennom alle moglege slags ledd, med alle moglege slags sidesetningar og bisetningar, den eine meir innfløkt enn den andre, før ho til slutt, gjerne etter endå meir pirring, om og men, fram til klimaks kjem. Kva så med setningar som har ein serie verb etter seg? Altså språklege serieklimaks? Rykta går om at Samantha i filmatiseringa av "Sex og singelliv" møter ein nederlending som kjem med denne setninga, som er heilt normal på nederlandsk: "Ik zou jou daar hebben willen zien durven blijven staan kijken." Sju verb etter kvarandre må vel vere tilfredsstillande, jamvel for henne. Om då ikkje tysk kan kome med noko betre.

2 kommentarer:

Ola Haugen Havrevoll sa...

Og kva tyder den setninga?

Purisme sa...

Ja, orsak. Heilt bokstavrett vert det: "Eg+ skulle+ deg der+ ha+ vilje +sjå +tore +verte+ stå +sjå." Det vil seie noko slikt som: "Eg skulle ha sett deg tore verte sjåande der og sjå på."