15 januar 2008

Nynorskforfattarar med sidemålsbakgrunn

"Det er likevel utenkelig, tror jeg, at ny fremragende litteratur på nynorsk kan skapes av andre enn dem som har nynorsk som sitt hovedmål." Dette skriv den gamle nynorskmotstandaren Kristin Clemet i Riksmålsforbundet si avis, Ordet. Eg har ikkje noka oversikt over korleis mange nynorskforfattarar som ikkje hadde nynorsk som hovudmål på skulen, men det gjeld i alle fall t.d. Frode Grytten og Sigmund Løvåsen. Ei flittig sjel burde nok ta på seg å lage ei oversikt over nynorskforfattarar med sidemålsbakgrunn.

13 kommentarer:

Anonym sa...

Carl Frode Tiller er i alle fall eit heitt namn i kategorien for tida.

Anonym sa...

Og Ragnfrid Trohaug, trur eg. Det ver ei eller anna sak om dette i ei eller anna avis for ikkje lenge sidan....

Purisme sa...

Ja, absolutt, båe namna!

Anonym sa...

og ole idar kvelvane. trur eg.

guffen sa...

sjølvaste ragnar hovland vingla òg i oppveksten.

Klokka sa...

klokka er fleirspråkleg. etter nokre kriterier. kanskje ikkje forfattar. men det gjer vel ingenting.

Purisme sa...

Fleire gode innspel her. Trur forresten Einar Økland hadde nynorsk som sidemål på gymnaset, men det var visst av karaktertaktiske årsaker.

tante fiolett sa...

Ho skulle sett litt på dette, ho Clemet. Kor godt nynorsk og blogging går i hop. Som eit lite apropos.

Elles er det sikkert mange fleire enn me trur.

Jens Kihl sa...

Ivar Aasen?
Oskar Bråten?
Lillebjørn Nilsen?

Magnus sa...

Alexander G. Rubio (Lørenskog)
Arnljot Eggen - frå Tolga, veit ikkje om han vaks opp med nynorsk og skriv noko på sidemål, eller omvendt.
Var ikkje ei/nokre av bøkene til Asbjørn Elden på nynorsk?

Purisme sa...

Har ein del namn no. Men gjerne fleire.

Arnljot Eggen hadde vel nynorskbakgrunn. Hadde ikkje Vingelen i Tolga nynorsk som skulemål? Faren, Eystein Eggen d.e., var i alle fall målmann.

Magnus sa...

Jahn-Arill Skogholt

*** sa...

for å seie det på det som alle kallar _nynorsk_ (og som kanskje beviser at det ikkje er særskilt kreativt eller nyskapande å vere språkleg bi - eller multifil): watch out for denne karen:

rune f. hjemås