22 november 2007

To nye blad

Det er merkeleg. Ikkje at eg tingar både "Språklig Samling" og "Vestmannen". Men når desse to blada kjem, så kjem dei alltid på same dagen. Eg skjønar ikkje korleis dei får det til. Det skjer alltid. Fleire månader går, og så er dei i posthylla, båe to, på same dagen. Og så er dei i same format med. Ja, ja, når eg så får blada, er det berre å leite fram lusekofta og rutaskjorta og gå glad og nøgd ned i kantina, kjøpe ein kopp svart kaffi, og setje seg til å lese i blada. Båe blada har nok tapt seg, men det gjeld så mykje anna i samfunnet òg.

10 kommentarer:

Anonym sa...

ja, det var det eg syntest, at eg såg ein snurt av ei lusekofte og ruteskjorte.. Var det ikkje nokre bukse-selar ute og gjekk der også, tru?

Det ligg nok ein konspirasjon bak utkomedagen - kanskje ein riksmålsmann eller to.

Klokka sa...

gammal tale, gammal …

Anonym sa...

kvar har det eigentleg vorte av blodklubbane? dei var so kjekke.

Matterhorn sa...

Blodklubbane var kjekke ja, det skal vere visst, og eg fått nyss om at dei har flytt hit; kvittgullfraamatterhorn.blogspot.com

Anonym sa...

trur eg ikkje. kanskje er de der òg, men det er jo ei heilt anna sak.

elles purist: kaffien har også tapt seg.

Klokka sa...

samd. kaffien har tapt seg.

Anonym sa...

Eller kanskje det er me som har tapt oss. Kva seier Indrebøen?

Anonym sa...

Ja, de har tapt dykk. No må de sjå framover til den neste folkereisinga som skal kome og som vil føre den nasjonale reisinga og voksteren vår enda vidare.

Purisme sa...

Det var no ikkje måte på. Her har ein vore på reisefot og når ein så har kome tilbake, er datagreiene i uorden, og så oppdagar ein brått at Halvdan Koht og Gustav Indrebø er oppstadne. Godt i alle fall at biletet av Indrebøen er på plass. Skulle hatt eitt av Koht, i tilfelle han stakk innom. Trur ikkje han ville ha likt det, dersom han såg at der var eit bilete av Gustav, men ikkje noko av han.

Purisme sa...

Elles er Blodklubb borte frå lenkjelista, og Kvitt gull frå Matterhorn er kome til.