21 november 2007

NIFU STEP med sidemålsrapport

NIFU STEP har i dag kome med rapport
om forsøket med fritak frå skriftleg sidemålsopplæring i Oslo.

NIFU STEP viser til at elevane som ikkje har hatt nynorskopplæring, har fått betre karakterar i hovudmål og at dei har fått litt betre haldningar til nynorsk. Om dette "resultatet" er det mykje som kan seiast.

For det fyrste er det i og for seg likegyldig om elevane får 0,1 eller 0,2 poeng betre karakterar utan nynorskopplæring. Nynorskopplæringa er ei politisk og kulturell sak.

Ei anna sak er det forskingsmessige ved prosjektet. Som NIFU STEP sjølv påpeikar, var det ingen seriøse forskingsmiljø som ville take på seg eit så håplaust prosjekt som det Oslo kommune sette i gang. Ei vesentleg feilkjelde for resultata er t.d. at mappevurdering og prosessorientert skriving vert innført som prøveprosjekt samtidig som ordninga med nynorskfritak. Dette er ordinære pedagogiske verkemiddel som ikkje har noko med nynorsk eller ikkje nynorsk å gjere. Ein veit ikkje kva rolle desse faktorane kan ha spela for karakterresultatet. Når det gjeld haldningar, er det gjort fleire positive tiltak (t.d. at Sylfest Lomheim og Are Kalvø har sprunge rundt på Oslo-skular). Men desse tiltaka har ingenting med fritaksforsøket å gjere. Ein kan ikkje, slik NIFU STEP gjer, bruke andre typar tiltak til å vurdere fritak frå opplæring i skriftleg nynorsk. Kva om ein hadde hatt desse tiltaka og samtidig hatt skriftleg nynorskopplæring?

NIFU STEP-rapporten viser at sidemålsfritaket hadde ingen verknader på lesekunnskapen eller på munnlege dugleikar. I tillegg viser han at elevane med sidemålsfritak hadde dårlegare samlakarakter enn dei som ikkje var med i forsøket. Tilfeldig, truleg, på same måte som den vesle karakterskilnaden i hovudmål?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, rappoerten gav lite til Torger Ødegård & co. Det er vel derfor Finn Erik Vinje ikkje er blitt intervjua i NRK eller i Aftenposten etter at resultata blei publisert. Høgre er tause. Dei veit at den vesle framgangen som er statisisk berekna, sannsynligvis skyldas entusiasme over å vera i eit forsøk som har som formål å fjerne skriftlig sidemål + arbeid med skrivemapper. Valideringa av at framgangen skyldas at skriftlig sidemål er fjerna, er høgst tvilsam. Men det var forfriskande å lesa om norskfaget presentert av samfunnsvitarar og statistikarar. Litt av kvart til ettertanke her....

Purisme sa...

Der er faktisk mykje interessant å lese i rapporten. Eg forstår det slik at det var ulike syn i NIFU STEP om ein skulle gjere denne rapporten, men sjefen avgjorde akkurat det. Så har ein laga ein edrueleg rapport, men likevel ikkje heilt god, for det med at elevane er vortne betre i hovudmål er noko som vert formidla ganske lettvint i pressemeldinga t.d.