24 oktober 2007

Religion styrer Bergen

Eg har alltid hatt vanskar med å sove. Så ei natt somna eg. Då drøymde eg at eg måtte gå bak buekorpset gjennom bergensgatene og heie på Brann, samtidig som eg måtte seie til alle reportarar at dette var den største dagen i livet, for Brann var heile livet, eg hadde ikkje noko anna liv enn Brann. Når eg hadde gjort det, kunne eg gå heim, men berre dersom eg lova å lese alle sportssider i avisa, ete gullpølse, drikke gulløl, og seie "eg er lukkeleg", "Brann har gitt meg eit rikt liv", "Brann er vegen, sanninga og livet", "Brann er Jesus". Då eg vakna skjøna eg med eitt kvifor dei karismatiskkristne i Bergen KrF, brannhysteriadama Trude Drevland i Bergen Høgre og FrP-veljarane i Fotballpuben så lett hadde funne kvarandre.

6 kommentarer:

Marøy sa...

Vel, det er ingen grunn til å yverdriva. Fotball er ikkje religion, men det er sannsynlegvis det einaste som kann få 50 000 bergensarar til å verta fullstendige samde um ein ting på. Dersom du hev butt i Bergen sidan du var 10 år gamal og gjenge på stadion år ut og år inn og berre lengta etter dei gode prestasjonane, og so endeleg fær alt til å gå din veg, so er det klårt at du eksploderar yver av gleda.

Dersom du derimot ikkje kjem frå Bergen, so skynar du ikkje beret. Det er akkurat som her på austlandet. Kvar gong dei ser ein frå Bergen må dei fortelja um ein slektning, ein bergenstur eller noko anna som hev med Bergen å gjera. Bergen er ein stor by og ein by med serpreg. Og naturlegvis vert bergensarane glade når dei lukkast med noko for fyrste gong på 44 år.

Purisme sa...

Olaug Nilssen si bok har feil tittel. Ho burde ha heitt "Få meg av, for fan!"

Og med det fekk eg òg markert at den "e"-en som ofte vert brukt i det bannordet, godt kan vere vekke.

Anonym sa...

Er det du som er Sture Hansen?

Marøy sa...

Kva med å studera språket i Brannsongane utfrå eit sosiolingvistisk perspektiv? Her må det då vera grunnlag for ein kronikk.

Purisme sa...

Brann-songane er greie nok. Men det totalitære preget ved brannmanien her i Bergen, det er skræmande. Denne kaffiordføraren, Friele, visste ikkje kven Georg Johannesen var, men han veit kva som skal til for å gjere seg populær, nemleg ved å stå med eit brannskjerf og skråle. Folk drikk og hojar og pissar på gjerde og bilar, og får tilgitt alt fordi desse millionærane i Brann omsider har vunne serien. Men trøysta er der. Ein får berre tenkje på kva som skjedde då Brann sist vann serien, i 1963. Sesongen etter hamna laget i andre divisjon, og vart der i to sesongar. Vi får tru at historia gjentek seg.

Marøy sa...

At det er noko totalitært ved interessa for Brann skynar eg lite av. Kva skulde dei tusundvis av hordane elles ha interessert seg for? Det er til dømes godt at dei ikkje engasjerar seg i å vera mot nynorsk. At folk er glade for at Brann vinn 17 fotballkampar, må då vera bra. Det skal langt mindre til for å gjera meg glad.

Det er vel logisk at perspektivet er feil når du segjer at Friele ikkje visste kven Johannesen var. Det interessante er: Visste Johannesen kven Friele var?

Tenk korleis det skulde ha gjenge um folk gjekk rundt og deklamerte dikt av Georg Johannesen. Det vilde ha øydelagd alt han stod for. Nei, brød og sirkus, segjer eg. Slik sett meiner eg naturlegvis at det er eit verdefullt standpunkt du stend for med antibrannlina. Men dette sirkuset fær du meg ikkje undan. "I am a bloodsucker..."

Men det er vel like naudsynt med ei rørsla som er mot at Johannesens dikt spreider seg ut til folkedjupet kring fotballpuben?