03 oktober 2007

Jodling

Jodling høyrer ein ikkje så often no til dags, men onsdag 3. oktober er det nynorskbar i Logen (i Bergen) kl. 19.30 og der skal dei unge artistane Heine Bugge og Bjørn Tomren jodle, syngje og spele trekkspel.

Jodling er forresten ikkje berre kjent frå Alpane, og vi som har fem studiepoeng i komparativ jodling frå UiB veit at det finst ulike teknikkar og jodledialektar. I persisk og azerisk musikk er der ein jodleteknikk, i georgisk folkemusikk ein annan, blant pygmear i Sentral-Afrika ein tredje, i amerikansk sørstatsblues- og køntri ein fjerde. Om det er utarbeidt nokon stram samlenormal for jodling, veit eg ikkje.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Og høgdepunktet var Odd Pedersens schläger frå 1945; deira versjon var "I er frå Romsdalen, Nordens Tyrol".

Anonym sa...

Hrm .. eg lyt visst koma med ei lita irettesetjing. Så vidt eg kunne høyra, var det tale om "Norges Tyrol".