10 august 2007

Joika-kaker

Ein går på Hardangervidda ein heil dag, og kjem så til ei hytte der ein finn losji. Så skal ein lage middag. Det må verte boksmat med potetmos. Og kva er vel betre då enn Joika-kaker? Problemet er berre at sambuaren ikkje et Joika-kaker. Ikkje et ho makrell, ikkje et ho lever og ikkje et ho Joika-kaker. Men det verste denne gongen var at DNT-hytta på Stavali faktisk ikkje hadde Joika-kaker. Dei hadde bokser med brun lapskaus, lys lapskaus, trøndersodd og vanleg sodd pluss ei spagettigryte. Men ingen Joika-kaker. Eg må seie at denne utviklinga likar eg ikkje.

7 kommentarer:

Klokka sa...

Kanskje sambuaren din skal gå på tur med klokka ein gong, for klokka et heller ikkje mykje av det ho ikkje et. Kanskje må rett og slett klokka invitere puristsambuaren med på valfart.

Anonym sa...

Eg veit ikkje om eg liker så godt å vera emne for denne bloggen, men eg liker å verta beden ut på tur utan joika.

Purisme sa...

No var ikkje føremålet med denne bloggen å styrkje intimitetstyranniet i Noreg. Så lat oss halde oss til Joika-kaker, steikt lever og makrell: Kvifor liker ikkje norske kvinner slik mat?

Klokka sa...

Klokka kan ikkje uttale henne på vegner av norske kvinner.

(Makrell er greitt, det er makrell i tomat klokka helst ser utradert frå alle sivilisasjonar (men det hjelper så lite, når det i lange tider berre er det Str.34 vil ha). Steikt lever minner om hysteriske pseudomors tiltak når klokka alltid var jernfattig. Tran-historia skal ho spare. Ta den, intimitetsfobikar!)

Dessutan finst det nok sikkert slike som verkeleg elskar joika-kaker.

Purisme sa...

Eg har heller ikkje den store sansen for makrell i tomat. Et den nok. Men tomatsausen har ein tendens til å sprette bort på den nyvaska genseren og buksa på same tid. Resten av huslyden likar derimot godt makrell i tomat. Ikkje minst katten. Derimot er eg vel åleine i huslyden om å nyte grilla nyfiska makrell.

Når det gjeld lever, så prøv berlinerweise: med steikt løk og steikt eple.

Nokre generelle vurderingar: Eg trur det snart vil kome ein reaksjon på all pasta-maten. Det tunge kjøkkenet med fokus på innmat vil kome. Lever, blodmat etc.

Klokka sa...

Sterke stemmer på instituttet har sagt at klokka studerer det mest internasjonale faget universitetet kan by på. Det kan jo kome godt med om matmoten tvingar henne i eksil.

Purisme sa...

Ja, t.d. som sendelektor i eit aust-europeisk land. Der surkål er einaste grøntforet til svinekotelettane og den tjukke, brune sausen.