04 april 2007

Hytteboka

Gå langsmed vatnet, forbi sel, gjennom myrar, over elvar, opp gjennom knauser. Så er hytta der, blenkjande raud i påskesola. Lufte, hente vatn, fyre i omnen, hogge nokre bjørker, koste. Deretter: gå tur. Om kvelden, etter gryteretten, kan ein lese i hytteboka, om korleis folk har vore her gjennom barndom, ungdom og over i vaksendom. Somme hyttebokskribentar fortel historier, somme har gode formuleringar, slåande der og då, "Bjarte på rette staden", "påskemorgen sluker sorgen", "gjesten må ha vore noko tilmårskomen"; teikningar er der òg. Det slår ein, medan ein høyrer opplesing, og får kommentarar attåt, kor viktig slike hyttebøker er. Kvar gong vi er der, kjem hytteboka fram. Ja, hytteboka fortener ein litterær og sosialantropologisk analyse. Dette skriv eg som tips til gåverik ungdom som enno ikkje har bestemt seg for kva dei vil skrive masteroppgåve om.

1 kommentar:

Anonym sa...

Ver og temperatur, turar, ulike gjeremål i og kring husa. Ikkje meir. Malen for korleis hytteboka skal førast er henta frå ei anna hytte, ei anna tid. Far min var ikkje ein mann av mange ord.

Arne