18 mars 2007

Sprit og nynorsk

I Klassekampen 17. mars fortel tidlegare Unge Høgre-leiar Nikolai Astrup om det å vere Unge Høgre-leiar: "På den ene siden må du kunne snakke om sprit og nynorsk, og på den andre siden reise ideologiske debatter." Og ein noterer seg at Unge Høgre, tydeleg påverka av smuglarspriten sin, no har sett i gang nok ein håplaus antinynorsk-kampanje, leidd av dagens leiar Torbjørn Røe Isaksen. Det mest gledelege er at ein ikkje ein gong har klart å stave kampanjeslagordet rett ("mer en nok").

2 kommentarer:

Anonym sa...

Nesten like godt språk som i skriva frå NAV.

Gråhatt sa...

Det er logikken i det norske målsystemet som trengjer igjenom. Ivar Aasen normfeste skrivemåten av dette utyngde ordet til 'en'. Meir en nog. Til skilnad frå det tyngde ordet 'enn'. Enn du då?