02 mai 2006

Ny plass å bu

Example
Ja, så er det snart farvel til Møhlenpris og goddag igjen til solheimsvikområdet. Har nemleg kjøpt ny plass å bu i dag! Den nye adressen vert Lauvstakklia 1 a, og innflyttinga skal skje 15. juni. Det dreier seg om halvparten av ein vertikaldelt tomannsbustad, meir presist den halvparten som er nærmast på biletet. God plass og suveren utsikt. Flaggstang er rett nok eit aber. Her kan ein lese alt om objektet.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Grattis, grattis! Ser veldig fint ut. Flaggstenger kan ein bruke til så mangt - henge opp russ i russetida t.d. Kva skal barnerommet fyllast med? Heier på dykk.

Elisa Rukla.

Purisme sa...

takk, takk, skal tenkje ut noko lurt ein kan få opp i den flaggstanga.

Anonym sa...

"Lauvstakklia", du liksom.

Purisme sa...

Kva er gale med Lauvstakklia? Den gamle uttalen av fjellet er Lauvstakken, sjå berre på kart.

Fekk dermed ein ide, nemleg ein vimpel med "Lauvstakklia" på. Den ville vere synleg over heile området, og skapt mykje åtgaum. Tøft.

Anonym sa...

Du er visst det ein kan kalla ein demonstrerande purist. Men tenkjer du ikkje på omdømet i det pripne nabolaget, då? Kanskje ingen vågar å koma på besøk til den lokale nabolagstullingen.

Purisme sa...

Tja, alle har vi våre roller i livet, og nokon må spele lokal nabolagstulling. Men den er det nok andre som har. Så det vert nok reformatorrolla.