25 mai 2006

Det kostar å flytte

Det er sjølvsagt heilt absurd. Til meklinga for å selje husværet på Møhlenpris går der 100 000 kr. Så går der 65 000 kr. i diverse utgifter til staten for å få nytt husvære. Altså: 165 000 (minst!) i papirarbeid for det å flytte frå ein plass å bu til ein annan. Og så skal det leggjast ny tapet i gamlehusværet og i nye husværet må der nytt kjøkken, ny tapet, stova må tryllast større etc. Glatt 100 000 i dette. Fattar ikkje kvifor eg gjer alt dette når ein sikkert skal flytte endå ein gong om eit par år.

1 kommentar:

Ragnhild Bjorge sa...

Godt du held deg i arbeid, slik at du ikkje vert rekande gatelangs.