01 desember 2005

Matisyahu

Siste dagen i november var vi på konsert med Matisyahu, ein jødisk-mystisistisk reggaeartist. Matisyahu har ei tøff og livleg sceneframføring, kledd i svart hatt og med langt skjegg. Musikalsk blandar Matisyahu reggae med hipphopp, og han fungerer som ein rappar på svena. Resultatet var uhyre interessant og bra. Dessutan har mannen ei framifrå stemme.

Matisyahu (hebraisk form for ‘Matteus’) er berre 24 år, frå USA, og freistar å leve eit åndeleg liv der han vekslar mellom yeshivaen (bibelskulen) i New York og scena. Tekstane hans dreier seg mykje om det seinmoderne forvirra mennesket og det heilage, dessutan om religiøse symbol. Orienteringa hans går mot kabbala, som ho jo òg gjer blant mange nyreligiøse, t.d. Madonna. I intervju med Tageszeitun 30.11.05 fortel Matisyahu at han likevel ikkje vil vere misjonær med musikken.

Konserten var i Kalkscheune, i Mitte, nær eit gamalt jødisk kjerneområde i Berlin. Det bur fåe jødar fast i Berlin i dag – grunnane til det er velkjende – og tydelegvis var fleire av dei som var på konserten, tilreisande jødar. Mange av dei tok bilete med mobilen sin. Greitt nok det. Men ein som stod bortanfor oss dreiv heile tida og såg på mobilskjermen sin, for å få gode nok bilete, og når konserten var over, såg han på bileta han hadde teke. Han såg faktisk heile konserten gjennom ein mobilskjerm. Det er ei form for framandgjering eg tykkjer er fascinerande. Observere livet gjennom ein mobilskjerm.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Jødisk-mystisisme og kabbala? Kom heim, Endre. Tur på skauen! Pils på Lorry! Dans på lokalet!

Elisa Rukla.

Purisme sa...

Eg kjem forresten ein svipptur til Oslo neste laurdag (tilbake til Berlin sundagsmorgonen). Pils paa Lorry laurdagskvelden verkar som ein bra idé.

Anonym sa...

Jupsus, og då skal vi ta ein B-alvorsprat (Big&Beautiful om bindersen, brunosten og Bjørnson). Og observere livet gjennom Lorrys pilsglas for maksimum autentisitet.

ER.