17 april 2012

Språkåret 2013 i Bergen


I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og det må markerast. I Bergen er vi ei gruppe som planlegg ein del aktivitetar før og under "Språkåret" 2013, bl.a. ein konferanse i Bergen 14. og 16. mars 2013 med tittelen Rom for språk. Ei kort skisse kan du lese her.

Meir informasjon vil kome!

2 kommentarer:

Gudrun sa...

du, om du tykkjer det er betre å skriva aasenjubileet enn språkåret, så kan du gjera det, altså, du er ikkje nøydd til å skriva språkåret med hermeteikn. eller, sagt på ein annan måte: eg trur det å skriva aasenjubileet er ei meir effektiv delegitimering av det eg har inntrykk av at du tykkjer er eit dustete namn enn å skriva "det dustete namnet". Men det er vel ei generasjonssak.

Purisme sa...

Aasen-jubileet er det rette. Det med Språkåret er noko som nokon vil ha pengar har funne på for å få pengar, pg det er greitt nok, men det er Aasen som er mannen.