20 november 2008

Nøkkelfeil

Ein del lesarar lurer på om det finst nøkkelfeil, dvs. feil som er så grove og så symptomatiske for generell uforstand at dei automatisk kvalifiserer til stryk. Svaret er ja. I faget nordisk/norsk på universitet og høgskular vil t.d. det å blande "målform" med "målføre" automatisk innebere stryk. Å skrive om "norsk og sidemål" er sjølvsagt òg stryk. Å blande "vers" med "strofe" kvalifiserer òg til stryk. I tillegg er det nok på grensa til stryk å skrive at fordi ein har små barn, ikkje har hatt tid til å arbeide så mykje med spørsmålet som vert stilt. Somme vil elles slå ned på former som "hovedsaklig" på bokmål (istf. "hovedsakelig") og "autensitet" (istf. "autentisitet"), men det er nok for strengt å gjere desse formene til nøkkelfeil.

Skal sjå om eg kjem på meir etter kvart.

7 kommentarer:

Anonym sa...

Kva med å bruke både lineskift og blankline som avsnitt i same teksten? Er det stryk? Det hadde vore fint om du sa ja.

Purisme sa...

Det ser i alle fall ikkje bra ut

Purisme sa...

Det ser i alle fall ikkje bra ut

Klokka sa...

og det ser framleis ikkje bra ut

Purisme sa...

Vel, blankline bør normalt ikkje brukast for å markere avsnitt, men i ein del tilfelle som har med datateknologi å gjere, fungerer det ikkje med innrykk (som forresten bør vere 0,7; norske studentar har altfor stort innrykk), og då er blankline det einaste ein har å bruke.

Bruk av linjeskift, utan blankline, er det ein del som bruer som avsnittmarkering, og det er heilt forferdeleg, fordi ein vert så usikker på om det eigentleg er tale om nytt avsnitt. Dessutan ser det stygt ut.

Når så Klokka skriv "og det ser framleis ikkje bra ut", byrjar eg å lure på om det er noko i tekstane hjå meg det er verd å reagere på. Når eg no bruker Safari-nettlesaren, ser alt bra ut. Heller ikkje med Firefox kan eg sjå noko gale. Men eg veit at med ein del andre mindre kurante nettlesararar, kan ting sjå ko-ko ut.

Kommentaren frå Klokka gjorde meg i det heile usikker.

Klokka sa...

klokka kan kommentere ein gong til. ver han ikkje utrygg.

Anonym sa...

Men eg er iallfall godt nøgd.