30 mai 2008

Jordskjelv

Ein er på tur til Island, og best som ein sit i ein kafi i Laugarvegur i Reykjavík, kjem det eit jordskjelv. Det knakar i bygninga, klirrer frå hyllene, verkar som om taket vil dette ned og vindauga vil breste. Kva gjer ein då? Svaret er enkelt. Ein sit roleg og kommenterer overfor dei andre at jammen så kjem det ein jordskjelv. Og ein av dei andre rundt bordet seier at jordskjelv her er av ei anna type enn dei i Asia; her legg ikkje jord seg i lag over anna jord; det vert heller laga kløfter i jorda. Kva som er verst eller best, er ikkje godt å seie. No heitest det at eit jordskjelv kjem sjeldan åleine, og at det er forventa å kome eitt til på Island. Men kva skal ein gjere med det? Ein kan ikkje gjere anna enn å halde på med sitt, til jordskjelvet brått kjem.

2 kommentarer:

Purisme sa...

Nokre tilleggsmerknader: Det bør kanskje nemnast at det heile tida går føre seg jordskjelv på Island. Dei fleste er knapt å merke. Det jordskjelvet som kom på torsdag, og målte litt over 6 på RIchters skala, er av den typen som kjem kvart 10-15 år. Så er der ofselege jordskjelv som er mykje større, og som kjem om lag kvart 100 år. Det er noko over 100 år sidan sist gong ein hadde eit slikt skjelv, så ein er faktisk litt på overtid.

Ja, slikt lærte ein på rundturen vi i dag hadde til Gullfoss, Tingvellir og Geysir.

Anonym sa...

Men det er nu inte något särskilt det där, mot Stora Darren.