23 april 2008
Ny salmebok
Det er ikkje så ofte denne personen er i kyrkja, men er ein der, så syng ein. Difor er salmeutvalet interessant. Her kan du lese framlegg til ny salmebok. Mindre Blix og meir Carola og Mette-Marit-svisker, heitest det. Korslageren "Ubi caritas" er elles med - fin, men vert han ikkje fæl som allsong? Blar ein opp i dei ulike underkapitla, ser ein elles at nynorskdelen er altfor låg. Der er ingen gravferdssalmer på nynorsk. Synd då for den som kjem til å døy i perioden til komande salmeboka. Men det kjem ein høyringsrunde, så ingenting er avgjort.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
det er jo heilt noko anna, men sneglane har teke til å røre på seg att. ut med saltet!
kl
Det er noko heilt anna, ja.
Legg inn en kommentar