04 september 2006

Jødan, musliman og nynorskingan

Ja, folkens, så er sumaren over, og det er tid for å blogge igjen.

Ettersom eg av litt kompliserte grunnar er medlem av ei epostliste som kallar seg "Høgnorsklista", og ettersom det på denne lista har kome ein del spesielle innlegg frå ein person der, har eg òg indirekte fått med meg at gode, gamle Lars Bjarne har fått seg ei vevside, Maalmannen. Det som står på denne sida attspeglar hovudresonnementet til ei viss gruppe som før var opptekne av målsak: "israel, israel, israel, alle andre målfolk er nazistar, muslimar, israel, israel, israel, alle andre målfolk er nazistar, israel, israel, israel (osb.)". Det heile verkar noko manisk, og er neppe sunt. Men no ser eg det har kome eit svar til Lars Bjarne i form av ei ny vevside: Maalvaktaren. Dette er heilt genialt frå Lars Bjarne si side. Han isceneset seg sjølv som provokatør, slår i hytt og pine, og får det han er ute etter i form av reaksjonar.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Maalvaktaren? So dårleg som den bloggen er, er det nesten so ein kan tru det er Lars Bjarne som stend bak der òg. Når ingen idest høyra på dei munnlege parodiane hans, er han truande til å laga parodibloggar.

Purisme sa...

Eg høyrer jo til dei som er for mangfald, og har elles stor sans for det teatralske, jamvel om eg som person er alt anna enn teatralsk.

Fru Lur sa...

alt anna enn teatralsk du liksom

Marøy sa...

Hei Endre og Arild

Gildt at de fylgjer med på kva eg driv på med. Eg kann trøysta dykk med at dette er langt frå hovudsysselen min. Elles kann eg ikkje sjå at eg hev umtala nokon nynorskbrukar korkje som muslim eller nazist. Det yverlet eg til andre, Lars Toralf. Um nokon vil saksøkja han for ærekrenkjing skal eg ikkje klandra deim heller. Denne målvaktaren trudde eg verkeleg når alt kjem til alt var deg Endre. Men, men som eit framståande medlem av akp ein gong sa: Me tek gjerne på oss æra for noko andre hev gjort.

Og hugs du treng ikkje å lesa noko um Israel som du ikkje likar. Det er fritt land, inntil vidare. Eg vonar det ikkje plagar nokon.

Storstrand sa...

Eg hev då heller ikkje sagt at alle andre målfolk enn oss bak Maalmannen-forumet er nazistar. MEn eg har sagt, og det står eg ved, at nazismen er venstre-sentrum-ideologi, ikkje høgre-ideologi, og at den ideologien venstre-sentrum fører er antisemittisk, så som som amerikanarane segjer: "Hvis skoen passar, så..."