03 juli 2005

Bergensk?

Her er eit innlegg som eg hadde på prent i Bergens Tidende i går, 2. juli:

Bergensk?
No kan bergensarane skrive "bergensk", melder BT 1. juli. Ein kan nemleg frå no av bruke "bygden", "hytten" og "jenten" i bokmål, og dermed har ein fått bergensk som skriftmål, meiner språkekspertisen i BT.

Men språkekspertisen gløymer former som t.d. "eg", "ikkje" og "korfor". Desse formene finst i bergensk, men ikkje i bokmål. Derimot finn vi dei i nynorsk.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Det er òg verdt å merka seg at «korfor» har vore lovlig i bokmål lenge, og først no er «forbydd».

Purisme sa...

Godt poeng. Må sjølv vedgå at døma ikkje var så godt gjennomtenkte.