Viser innlegg med etiketten Språkpolitikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Språkpolitikk. Vis alle innlegg

04 oktober 2012

Norsk-læreplan med svekking av sidemålsopplæringa

Utdanningsdirektoratet har nyleg kome med framlegg til revisjon av læreplanane i norsk. Framlegget finn ein her, medan grunngivinga finn ein her.

Den viktigaste endringa gjeld karaktersetjinga og vektinga av hovudmål og sidemål. Det ein vil gjere, er å svekkje krava til sidemål når det gjeld fagleg omfang og fagleg kvalitet, og likeins svekkje karaktergivinga i sidemålet.

Karaktersystemet
Det mest yttarleggåande framlegget er éin samla karakter i norsk, og berre trekkeksamen i sidemål på vidaregåande. Som argumentasjon for den ordninga bruker ein Wenche Rønning frå Nordlandsforskning sin evalueringsrapport frå forsøk ved Fana gymnas og Kongsbakken vgs. Det er verdt å stoppe litt opp ved denne tendensiøse rapporten. Fleire har slakta rapporten, fordi den metodisk ikkje held mål. Det er her tale om å måle effekt av eit forsøk, lenge etter at forsøket er sett i gang, utan å vite noko om førsituasjonen. Ein har heller ikkje samanlikningsgrupper eller kontrollgrupper. Det rapporten bruker, er eigenrapportering frå lærarar og elevar, og Rønning tek alt som lærarane seier, for god fisk. I Nordlys 2.10. har underteikna ein artikkel om saka. I alle tilfelle: Udir viser i si grunngiving til forsøk med éin karakter i norsk ved sju vgs, hevdar at erfaringane er positive, og bruker Nordlandsforskning sin rapport som underlag (jamvel om rapporten berre tek føre seg to skular, og  jamvel om rapporten er verdilaus). Udir nemner heller ikkje noko om at elevane hadde tre karakterar i vg 3.

I tillegg har ein ulike framlegg som dreier seg om å ha to standpunktkarakterar, ein i skriftleg og ein i munnleg, både på grunnskulen og vidaregåande, eller å ha éin norskkarakter i grunnskulen pluss ein sidemålskarakter i vg2 og ein hovudmålskarakter i vg3.  Der er òg ulike framlegg som går på eksamensordning, anten eksisterande ordning, ei ordning med berre hovudmålseksamen eller ei ordning med eksamen i både hovudmål og sidemål same dagen. 

Argumentasjonen er at ein vil ha mindre vektlegging av sidemålet. 

Kvifor ein skal ha eigen karakter i munnleg, samtidig som ein argumenterer for at det munnlege og skriftlege går meir inn i kvarandre gjennom samansette tekstar, er ikkje godt å seie.


Svekking av sidemålsopplæringa
Udir vil skilje mellom kompetansemål i hovudmål og sidemål. Ein skal etter ungdomsskulen:

• uttrykke seg med et variert ordforråd og mestre formverk, ortografi og tekstbinding på hovedmålet 
• uttrykke seg med et funksjonelt ordforråd og mestre sentrale regler i formverket på sidemålet 

Etter vgs skal ein: 


• uttrykke seg med et presist og variert ordforråd og mestre de språklige formkravene på hovedmålet 
• uttrykke seg med et funksjonelt ordforråd og god språkføring, og mestre sentrale regler i formverk og ortografi på sidemålet

Denne reduksjonen av kompetansekrava er i tråd med det Udir tidlegare har vilja, men i strid med gjeldande spåkpolitikk åt regjeringa, jf. intensjonane i stortingsmeldingane Mål og meining og Språk bygger broer, og inneber samla sett ei svekking av nynorsken som er sidemålet for dei fleste.  

Det er elles interessant å notere at ein i  innleiinga grunngir opplæring i hovudmålet med "å styrke elevens språklige trygghet og identitet", medan sidemålet skal "utvikle elevens språkforståelse og gi et grunnlag for mestring av begge målformene i samfunns- og yrkesliv". Det er her tale om ei instrumentell og avgrensa forståing av tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, og den er tydelegvis symptomatisk for måten dei tilsette i Utdanningsdirektoratet ser på språksituasjonen i Noreg. 

Prosessen vidare
Det Udir no gjer, er å sende saka til Kunnskapsdepartementet som så skal sende eit dokument ut til høyring. 






09 mars 2012

Bra av Språkrådet


Språkrådet har skrive eit brev til Kunnskapsdepartementet der ein kommenterer kritisk ideane frå Utdanningsdirektoratet om å svekkje sidemålsopplæringa i skulen. Det som står der, er svært så fornuftig, og får fram at Udir og Halvorsens departementet handlar i strid med det som er norsk språkpolitikk, likeins at språkpolitikk må vere ein del av utgangspunktet for norskfaget.

30 januar 2012

Sidemålssaka


Underteikna hadde eit innlegg i Bergens Tidende 28.01. med tittelen "Kvifor er mangfald eit problem?". Dette innlegget er diverre ikkje tilgjengeleg på Internett. Konklusjonen er klår nok: "Dei faglege og språkpolitiske råda Kristin Halvorsen har fått frå Utdanningsdirektoratet, viser seg å vere tendensiøse og svake både fagleg og språkpolitisk. Direktoratet har dermed eit tillitsproblem, og det lovar ikkje bra med tanke på det arbeidet som no skal gjerast med å revidere læreplanen i norsk."

No er eg klar over at Utdanningsdirektoratet har handla på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og at embetsverket skal fylgje politikarane. Ein kan dessutan sjå eit visst lineskifte i utdanningspolitikken med stortingsmeldinga frå våren 2011 om ungdomsskulen; Oddmund Hoel har nettopp gjort ein god analyse av den politisk-byråkratiske prosessen på bloggen sin. Difor skal ein ikkje gå ut ifrå at Kristin Halvorsen no utan vidare vil fylgje sitt eige partiprogram og offisiell norsk språkpolitikk når ho om eitt år skal seie kva ho meiner. (Det er likevel interessant at ho i løpet av ein dag byrja å bortforklare utspelet sitt med at det dreidde seg om eit framlegg frå direktoratet. Det viser at argument og press har ein verknad. Utan eit press frå målrørsla og SV-arar vil nok dette kunne gå rett ille, for i tidlegare utspel om ungdomsskulen har Kristin Halvorsen vore generelt populistisk.)

Samtidig er det slik at Utdanningsdirektoratet ikkje berre skal implementere politikk; ein skal òg gjere det på ein fagleg forsvarleg måte og ein skal ta omsyn til heilskapen av politiske føringar. Og det Utdanningsdirektoratet presterer i dokumentet sitt er såpass svakt at det ikkje held mål. Dette peikar eg på i innlegget mitt (og er inne på det i førre blogginnlegg).

Eg konstaterer elles at Språkrådet så langt har vore stille i denne saka.

24 januar 2012

Kristin Halvorsen som den nye Kristin Clemet

Kristin Halvorsen er no den nye Kristin Clemet. Ho er sitert i dei fleste nettaviser og i NRK radio i dag på synspunkt om at elevane i skulen ikkje skal verte like gode i hovudmål og sidemål, og at ho vil vurdere å fjerne karakterar og eksamen i skriftleg sidemål.

At ein SV-statsråd kjem med eit slikt framlegg, er overraskande, i og med at det er i strid med partiprogrammet og i strid med regjeringserklæringa. Kva som no skal vere poenget med å røyste SV, er ikkje godt å sjå.

Spørsmålet vert så kva som no vil skje. Då må vi ta utgangspunkt i saksdokumentasjonen.

Det Halvorsen refererer til, er at eit framlegg frå Utdanningsdirektoratet om å endre læreplanen i norsk. Framlegget er eit slags svar på eit oppdragsbrev frå departementet. Men det Udir gjer, er ganske så radikalt og nifst. Og det nifse gjeld både framlegga og argumentasjonen.

Udir føreslår at ein skal ha lågare kompetansekrav i sidemål enn kva som gjeld no, og at ein ikkje skal ha eigen karakter i sidemål, verken i grunnskulen eller i vidaregåande skule. Det vil i praksis seie dårlege krav til nynorsk, som dei fleste har som sidemål, og at ein ikkje får eit system for å måle kunnskapen i sidemål. Dersom det kjem gjennom, vil statusen til nynorsken verte alvorleg svekt. I tillegg målber Udir eit språksyn der språkleg mangfald vert gjort til eit problem, ikkje til ein ressurs.

Argumentasjonen til Udir er som henta frå Unge Høgres flygeblad. Ein har "ikkje bruk for å skrive nynorsk seinare i livet". Ein skriv: "Med unntak av visse yrke kan ein greie seg i det norske samfunnet med å skrive ei av målformene". Dette vert lagt fram som ei konstatering, utan at ein tek omsyn til at det faktisk ikkje gjeld berre visse yrke, men faktisk i visse kommunar. Ein tek heller ikkje omsyn til jamstellingsspørsmålet - det at allmenn kompetanse i dei to målformene er ein førestnad for å oppnå jamstelling mellom bokmål og nynorsk. I det heile er ein ikkje oppteken av å sjå på skulen som ein språkpolitisk aktør. I staden er ein sur fordi ein meiner at det i språkpolitiske dokument ikkje er "problematisert" føremålet med skriftleg sidemålsopplæring (s. 2), og at det ikkje går fram kor mykje ansvar skulen har for å oppfylle krava i mållova (s. 3).

I tillegg vert det vist til at medan nynorskelevane lærer seg sidemålet bokmål lett, er det verre for bokmålselevane fordi dei møter nynorsk sjeldnare, og får mindre opplæring i sidemålet sitt. Underforstått: Det er synd på bokmålselevane. Her er det fleirtalsperspektivet som er det rådande. Det vert elles vist til at bokmålselevane reagerer negativt på at dei må lære seg å meister dei to målformene. Dersom der er negative haldningar skal ein tilpasse seg haldningane.

Udir har i og for seg rett at dersom kompetansemåla i læreplanen skal takast på alvor, må nynorskopplæringa (som sidemålsopplæring) styrkjast. Men det ein vil gjere no, er å kople ambisjonsnivået til ei svekking av nynorskopplæringa (s. 7).

Udir har med pliktformuleringar om at hovudmålsopplæringa for nynorskopplæringa må styrkjast, men utan å konkretisere det, og utan å sjå statusen for hovudmålsopplæringa i samanheng med statusen for nynorsken meir allment, dvs. òg kva haldningar og kunnskap bokmålselevane har. Direkte frekt vert det når SV i dag køyrer ut Halvorsen si svekking av nynorsken som "Vil styrke nynorsk som hovedmål".

Det vert vidare vist til at evalueringa av sidemålsfritaket i Oslo viser litt betre karakterar for dei som hadde fritak for sidemål. Men ein gløymer då at fritakselevane samtidig hadde forsøk med prosessorientert skriving, mappevurdering, teaterbesøk og forfattarbesøk, og at det vert uråd å seie at forsøket måler noko som helst som gjeld effekt av sidemålsopplæring på karakterar. Som NIFU STEP skreiv i pressemeldinga: "De viktigste pedagogiske virkemidlene i forsøket har vært prosessorientert skriveopplæring med mappe som vurderingsform, kompetanseutvikling blant lærerne og arbeid for å bedre elevenes holdninger til nynorsk. Dette er virkemidler som med stor fordel kan tas i bruk uavhengig av et forsøk som dette. Det gjenstår å se om disse virkemidlene kunne ha gitt samme positive effekter for elever som har opplæring i skriftlig sidemål."

Når det gjeld tilvisingane til forsøk med ein karakter i norsk ved Fana gymnas og Kongsbakken, så må det seiast at desse forsøka ikkje er evaluerte, og i røynda heller ikkje kan evaluerast ut frå føresetnadene. Det er der tale om effekten av det å operere med éin norskkarakter i høve til læringseffekt og motivasjon. Forsøket er velmeinande, men der er metodiske problem. Særleg kompliserande er det at forsøket alt har vore i gang ei god stund. Det er heller ikkje lagt opp til kontrollgrupper som ein kan vurdere forsøket synkront med. Heller ikkje er det dokumentasjon på korleis situasjonen var tidlegare for dei aktuelle gruppene. Men her talar igjen Udir om dette som eit positivt forsøk, dvs. ein dreg konklusjonar som det ikkje er grunnlag for. Det må tilføyast at målet ved t.d. Fana gymnas slett ikkje er å svekkje krava til sidemålskompetansen, slik Udir vil.

Forsøka til Nynorsksenteret for å styrkje sidemålsopplæringa er ikkje nemnt med eit ord. (Ein har ein fotnote med tilvising til Nynorsksenteret knytt til denne setninga: "Det finst lite forsking på opplæringsvilkåra for nynorskelevar." Her er det eit poeng at Udir i sine tildelingsbrev, og i anna kontakt med senteret, har gitt direktiv om at Nynorsksenteret ikkje skal drive med forsking, berre med utviklingsarbeid. Verken Udir eller Halvorsens departement har løyvt pengar til forsking på opplæringsvilkåra.)

Dokumentet til Udir er spekulativt, ufagleg og språkpolitisk i strid med det som er offisiell norsk språkpolitikk, og det er ei skandale at eit offentleg organ kan kome med noko slikt. Det kan elles verke som om ein eigentleg vil gå endå lenger i å svekkje sidemålet, i alle fall vurderer ein meir radikale framlegg. Juristane i Udir kjem så fram til at Opplæringslova fastset at elevane skal lære sidemål dei to siste åra i grunnskulen, og at ei endring av læreplanen med å fjerne sidemålsopplæringa i grunnskulen vil måtte føre til ei lovendring, og at det vil ta tid, og at ny læreplan dermed ikkje vil vere klar i 2013.

Akk, ja. Det er elles mykje ein kan seie om Kristin Halvorsen og SV i denne saka. Det er vel allment kjent at statsråden er fagleg svak på mange saksfelt, bl.a. når det gjeld språkopplæring. Og eitt moment i den samanhengen vil då vere nynorsken.

Men problemet dreier seg òg om synet på språkleg mangfald som eit problem, ikkje som ein ressurs. Ideen om at elevane, spesielt bokmålselevane, må få konsentrere seg om hovudmålet, for dei vert så forvirra av sidemålet, tek ikkje inn over seg internasjonal forsking som peikar på det språklæringspotensialet som ligg i språkleg mangfald, både på individnivå og samfunnsnivå. Ja, ein nemner heller ikkje slik forsking. Kristin Clemet hadde skam nok til å nemne at det fanst slik forsking (i "Kultur for læring"), men då avfeidde ein med at det ikkje var norsk forsking som kunne stadfeste mangfaldsargumentet. No nemner ein ikkje dette i det heile. At Udir ser ut til å vere så fagleg svakt og så språkpolitisk tendensiøst som det som kjem til uttrykk i dette dokumentet, er noko ein berre kan konstatere.

16 november 2009

Nynorsk frå Statens vegvesen? Ei e-brevveksling.

Brev 1 til Vegvesenet:
Hei. Eg skal ha tak i skjema for omregistrering av bil på nynorsk, men finn det ikkje på Vegvesenet sine heimesider. På NAF sine sider er det vist til skjemaet NA 0232N, men eg finn ikkje det på Vegvesenet sine sider. Kvar er det skjemaet?

Svar 1 frå Vegvesenet:
Hei! Du finner salgsmelding på www.vegvesen.no. Finnes dessverre ikke på nynorsk.
mvh Bergen Trafikkstasjon

Brev 2 til Vegvesenet:
Hei. Etter Mållova skal denne salsmelding ligge føre både på nynorsk og bokmål. Når vil så meldinga liggje føre på nynorsk på Vegvesenet sine heimesider?

Svar 2 frå Vegvesenet:
Du kan kontakte [Jostein X]@vegvesen.no.
mvh Bergen Trafikkstasjon

Brev 3 til Vegvesenet:
Gode [Jostein X]. Eg vart beden om å kontakte deg. Viser til korrespondansen nedanfor.

Brev 4 til Vegvesenet:
Eg har forsøkt å få kontakt med [Jostein X], men ikkje fått svar. Er det ingen andre i Vegvesenet som kan svare på mitt enkle spørsmål?

Svar 3 frå Vegvesenet:
Mail er sendt Vegdirektoratet 26-10-09. har ikkje fått svar. Du får dei kontakte direkte

Brev 5 til Vegvesenet:
Hei. Når eg prøver Vegdirektoratet, kjem eg til Vegvesenet sine sider. Og epostadressa til Vegdirektoratet er tydelegvis den eg sendte epost til først. Så dette blir ein rundgang. Har ikkje Statens Vegvesen ansvar for omregistrering av bilar?

Svar 4 frå Vegvesenet:
Du må du gjerne prøve gamlemåten ein tlf. Mvh [Jostein X]

Brev 6 til Vegvesenet:
Nei, ærleg talt, det får vere måte til mangel på sørvis.

Svar 5 frå Vegvesenet:
Hei igjen. Me beklagar at du ikkje har fått dette skjemaet. Statens vegvesen har ansvaret for omregistrering av bilar, og du har heilt rett i at nynorskversjonen av skjemaet burde ha lege på vegvesen.no.Eg har prøvd å få tak i sakshandsamarar i Vegdirektoratet i dag, men dei har seksjonssamling. På måndag skal eg gjere eit nytt forsøk, og tek kontakt med deg så fort eg har ein kontaktperson eller eit svar på ditt spørsmål. Eg håpar du har fått utført omregistreringa sjølv om ikkje du har det riktige skjemaet.

Svar 6 frå Vegvesenet:
Hei Endre, Eg har snakka med fagansvarleg for omregistrering av kjørety, Ivar Fjeldberg, og han opplyser om følgande: Skjemaet skal oppdaterast med nye opplysningar og forbetra innhald i løpet av første halvår i 2010 for å betre servicen mot brukarane våre. Det er ønskeleg å vente på denne oppdateringa før vi legg ut den nynorske versjonen. Beklager dette, men håper du får fylt ut salsmelding og omregistrert kjøretyet likevel. Håper dette hjelper.

----
Gjennom slik handsaming sikrar ein seg at a) ingen andre enn kverulantar orkar å be om skjema på nynorsk, b) kveralantane får leve i trua på at til neste år vert alt så mykje betre, og då har dei vonleg gløymt dette.

09 november 2009

Språkdagen

Dei som ikkje har fått plass på "Språkdagen" på onsdag, kan no få med seg arrangementet på vev-fjernsyn. Du kan kople deg inn her her. Sidan denne bloggen ikkje gir høve til eigenreklame, vil eg unngå å trekkje fram særlege postar i programmet, men det kan nemnast at det bl.a. skal vere noko om hipphopp og normer der.

21 desember 2008

Dansketida tek hemn

Den utan tvil mest nedslåande språkpolitiske hendinga i år kom 18. desember. Då gjekk ein samla kulturkomite på Stortinget inn for å gi grunneigarar særleg makt i normering av namesaker. Innstillinga frå komiteen kan lesast her. Noko av det mest kreative i innstillinga er at ein viser til skriveformer som er innførde på eit historiske seinare tidspunkt enn det som er opphavet til namnet; det vil i praksis seie dansketida. Slike former vil ein no opne opp for (t.d. Wiig for Vik og Hoel for Hol). Kulturkomiteen meiner nemleg det har "en historisk verdi i å kunne videreføre skriveformen fra den tid da en begynte å fastsette stedsnavn i skriftlig form". Dette synet inneber eit paradigmeskifte i høve til det som har vore gjeldande namnepolitikk. Men no er tydelegvis fornorskingsperioden over. Dansketida tek hemn. Vi ser ei refordansking av språkpolitikken.

Sidan grunneigarar kan få gjennomslag for "sine" former vil vi no få valfridom i skrivemåten av namn, dvs. former som "Vikaskjæret", "Vigskjæret" og "Wichskjæret" om einannan, jf. denne illustrasjonen.

Det er ganske spesielt at ein samla kulturkomite har gått inn for det ein har gjort. Senterpartiet er rett nok eit interesseparti for grunneigarar, så der er det gjerne ikkje anna å vente, men at AP, SV, KrF og Venstre gjennom ei dok 8-sak no har lagt grunnlaget for ei total kursendring i norsk namnepolitikk, i retning grunneigarstyre av namnepolitikken, det er faktisk litt overraskande.

Truleg kan vi i tida framover få inn nye Dok 8-framlegg t.d. om nynorsk frå FrP/Høgre i kulturkomiteen. Då kan det med såpass veike kulturpolitikarar som tydelegvis finst i kulturkomiteen, fort vise seg at språkpolitiske innstillingar (som Språkmeldinga) har liten verdi.

05 desember 2008

Bokmål må kvoterast inn ved UiB

No melder Bergens Tidende at Universitetet i Bergen bryt Mållova ved å ha for mykje nynorsk. Der er over 80 prosent nynorsk i det eksterne tekstmateriellet, og det er for mykje, seier Språkrådet. Formidlingsavdelinga ved UiB seier på si side seg ikkje lei for at der er for mykje nynorsk, medan rektor meiner at ein no må kvotere inn meir bokmålsbruk, slik at det vert minst 25 prosent bokmål.

Greitt nok, i og for seg, Mållova skal fylgjast, men då må Politiet og andre lovbrytarar gjere liknande når det gjeld nynorsken. Eigentleg burde visse institusjonar som UiB, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane kunne få høve til å bruke meir nynorsk enn 75 prosent, av di det er tale om å synleggjere nynorsken og å vege opp i høve til den generelle neglisjeringa av Mållova.

Når det gjeld UiB, har ein her har ein medviten politikk om å styrkje nynorsken, og ein har lukkast når det gjeld eksternt materiell. Men når vi ser på intern målbruk innanfor administrasjonen, er det mykje som står att å gjere. Så det er aldri slik at ein kan liggje på latsida som målmann.

27 juni 2008

Språkmelding


Så har den fyrste språkmeldinga etter Vogt-innstillinga på 1960-talet kome, og du kan lese den her. Noregs Mållag meldte fyrst at språkmeldinga var "super", seinare at ho var "ofsa bra", medan Aftenposten meldte at no skulle nynorsken verte strammare og strengare. Det som slår oss, er at språkmeldinga er nyansert i spørsmålet om nynorsk normering, og oppslaget i Aftenposten er ikkje heilt dekkjande for det som faktisk står i meldinga. Det vert i språkmeldinga presisert at "nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar". Elles er det ein del som ikkje er klårlagt i meldinga, t.d. spørsmålet om kva Språkrådet skal få avgjere sjølv, uavhengig av departementet. Også bruksområdet for Mållova vil ein kome tilbake til. Og vi noterer oss at ein ikkje kjem med språkkrav knytt til momsfritaket for VG og Dagbladet, men i staden oppmodar avisene til å bruke nynorsk. Diverre er det slik at av oppmodingar veks det som oftast ingenting. Elles ser vi at riksmålsordboka til Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur skal få mykje pengar i tida framover. Deira ordbok er den som staten satsar på. Såleis er det riksmålet, ikkje bokmålet, som er alternativet til nynorsken. I det heile teke er det mykje interessant i meldinga, så vi får lure den med som strandlektyre.

24 januar 2008

Til kamp mot sjølvironien

Det er sjølvsagt morosamt med nazi-parodien på Noregs Mållag som vi kan sjå i NRK-programmet Ut i vår hage. Og sjølvsagt kan ikkje Noregs Mållag seie noko anna til "Dagbladet" i dag enn at "alle på kontoret skoggerlo" og at ein tek det på ein sporty måte. På same tid slår det ein at det mest radikale ein kan vere i dag, er å vere sint og fornærma. Er ein sint og fornærma, er ein ille ute. Sjølvsagt er denne undertrykkinga av sinnet og denne sjølvironitvangen delar av den symbolske valden åt bokmålsveldet.

No er i og for seg dømet med "Ut i vår hage" ikkje det beste dømet, det var faktisk litt artig. Men ein stad må ein byrje, skal ein kjempe imot sjølvironien. Det er gale nok med gladkristne, om vi ikkje skal ha gladmålfolk overalt òg.

21 november 2007

NIFU STEP med sidemålsrapport

NIFU STEP har i dag kome med rapport
om forsøket med fritak frå skriftleg sidemålsopplæring i Oslo.

NIFU STEP viser til at elevane som ikkje har hatt nynorskopplæring, har fått betre karakterar i hovudmål og at dei har fått litt betre haldningar til nynorsk. Om dette "resultatet" er det mykje som kan seiast.

For det fyrste er det i og for seg likegyldig om elevane får 0,1 eller 0,2 poeng betre karakterar utan nynorskopplæring. Nynorskopplæringa er ei politisk og kulturell sak.

Ei anna sak er det forskingsmessige ved prosjektet. Som NIFU STEP sjølv påpeikar, var det ingen seriøse forskingsmiljø som ville take på seg eit så håplaust prosjekt som det Oslo kommune sette i gang. Ei vesentleg feilkjelde for resultata er t.d. at mappevurdering og prosessorientert skriving vert innført som prøveprosjekt samtidig som ordninga med nynorskfritak. Dette er ordinære pedagogiske verkemiddel som ikkje har noko med nynorsk eller ikkje nynorsk å gjere. Ein veit ikkje kva rolle desse faktorane kan ha spela for karakterresultatet. Når det gjeld haldningar, er det gjort fleire positive tiltak (t.d. at Sylfest Lomheim og Are Kalvø har sprunge rundt på Oslo-skular). Men desse tiltaka har ingenting med fritaksforsøket å gjere. Ein kan ikkje, slik NIFU STEP gjer, bruke andre typar tiltak til å vurdere fritak frå opplæring i skriftleg nynorsk. Kva om ein hadde hatt desse tiltaka og samtidig hatt skriftleg nynorskopplæring?

NIFU STEP-rapporten viser at sidemålsfritaket hadde ingen verknader på lesekunnskapen eller på munnlege dugleikar. I tillegg viser han at elevane med sidemålsfritak hadde dårlegare samlakarakter enn dei som ikkje var med i forsøket. Tilfeldig, truleg, på same måte som den vesle karakterskilnaden i hovudmål?

16 november 2007

Rettskrivingsstriden utsett

No har styret i Språkrådet fått seg ein smekk på fingeren. Kulturdepartementet seier nemleg i eit brev av 14.11. at ein ikkje ser nokon grunn til å take rettskrivinga i nynorsk opp som sak no. Ein vil vente til stortingsmeldinga om språk som kjem våren 2008. Dermed får vi ikkje noko hastverksarbeid for å "setje i gang arbeidet med å lage ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer".

Er det Trond Giske som personleg har engasjert seg, tru? Trudde han var mest oppteken av homofili i kyrkja. Byråkratane i departementet hans skulle ein no tru ville ha ei rettskriving i tråd med styrevedtaket i Språkrådet. Så prosessen her er interessant.

Vel, sjølv om vi vil vere positiv til utsetjinga, er der nokre problem. For no skal alt samle seg opp til stortingsmeldinga om språk som kjem i vår. Alle andre nynorsksaker (som saka om nynorsktiltak i skulen) er vortne utsette på grunn av ein skal vente på stortingsmeldinga som berre vert utsett og utsett. No er det til og med tale om to stortingsmeldingar om saka. Dei to departementa som skulle samarbeide (kultur + kunnskap), klarer ikkje så godt å samarbeide. Dinest vil alt skje i ekspressfart. Stortingemeldingane kjem vel i mars/april, får ein tru, og skal så bankast gjennom før stortingsrepresentane tek ferie i juni.

24 april 2007

100 år med sidemål

Example
(Døme på sidemål.)
Heise flagget i morgon? Ja, kvifor ikkje, det er nemleg tale om ein 100-årsdag. Den 25. april 1907 vedtok Odelstinget, etter eit ordskifte som tok til 23. april, å innføre sidemålet i gymnaset.

01 juli 2005

Sletta på laurdag

I morgon skal eg til Sletta i Radøy kommune. Skal deltake på eit seminar og halde innlegg om "førøysk og islandsk purisme i dag". Det vil seie, arrangøren har i ei brosjyre brukt ordet "språkrøkt" i staden for "purisme", men eg kjem no til å snakke om purisme, eg.

Seminaret skal forresten handle om "Språk og kultur i Vesterveg" og byrjar klokka 9.00. Det skal vere inne i det ein kallar Emigrantkyrkja på Vestnorsk Utvandringssenter. Ei kyrkje, altså. Kanskje det er meininga at ein skal stå på preikestolen? Det vil eg ha stor sans for. Burde rett nok ha hatt ein noko verdig klednad på når eg stod der. Synd då at eg berre tok med meg hawaii-kleda mine med til øya eg har sommarresidens på. Det var så sommarleg då eg for hit, og rett før så var det jo den solbrent-turen til Austlandet, og det førte til at eg tenkte at no er det sommar, så no er det på tide å prøve hawaii-kleda mine. Men hawaii-skjorte på ein preikestol, det er noko som berre "glad-prestar" har på seg. Og eg vil for all del ikkje iscenesetje meg sjølv som nokon "glad-prest". Ja, eigentleg vil eg ikkje iscensetje meg sjølv som prest i det heile, jamvel om eg nok kan gjere det, av og til, men dersom eg MÅTTE framstå som prest, så står i alle fall "glad-presten" langt nede på lista over aktuelle typar. Så her har eg ei utfordring.

Seminaret skal elles ha innlegg om korleis gamalnorsk vart til færøysk (Helge Sandøy), om språket på Shetland og Orknøyane (Tom Rendall), om norsk mål i ein amerikansk teikneserie (Verlyn Anderson) og om nynorsk hjå norskamerikanarar i USA (Peter Hallaråker). Så vert det ordskifte heilt til slutt. Det heile sluttar kl. 14.15.

Seminaret er ein del av det ein kallar Utvandrarfestivalen, og den går over nokre dagar. I kveld kl. 19.00 er det t.d. konsert med Bjøro Håland. Eg går nok glipp av Håland, men får altså med meg laurdagen.