Viser innlegg med etiketten Krim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Krim. Vis alle innlegg

31 mai 2010

Mystisk sekk

For nokre dagar sidan stod det ein svart bossekk inntil hagegjerdet vårt. Noko så frekt. Eg flytte sekken utpå kanten av fortauet, slik at den som hadde lagt sekken frå seg, lett kunne hente han. Dagen etter stod sekken inntil gjerdet igjen. Som om det var vår bossekk. Sekken var full av klede; sikkert nokon som ikkje hadde fått plass i bossdunken sin, og valt den lette løysing. Men korleis skulle vi verte kvitt den sekken? Der var ikkje plass i vår dunk, i alle fall ikkje no i desse streiketider. Eg flytte sekken nok ein gong utpå fortauskanten. Gav meg ikkje så lett, nei. Så reiste vi vekk ein tur. Då vi kom tilbake dagen etter, såg eg fyrst ingen sekk. Men så, der var han; inne i hagen vår, på vår side av gjerdet. Eg let sekken liggje til utpå kvelden, til etter Poirot. Då gjekk eg ut, for å leggje sekken til sides i hagen vår. Medan eg gjorde det, tok eg ein liten kikk nedi sekken. Eit par damestøvletter, ei tynn kåpe, ein bluse – og ein parykk. Brått kom der ei uro og eit kaldt ubehag over meg. Her må det ha skjedd noko kriminelt. Eit ran? Eit mord? Eit partert lik i skogen opp mot Løvstakken? Og her var sekken med bevismaterialet! Eg la sekken med bevis frå meg under eit tre. Der vil han liggje til neste gong eg fer til ein gjenvinningsstasjon. Bevis vil då forsvinne, mysteriet vert ikkje oppklart. Men eg vert kvitt problemet.

26 oktober 2009

Gustav Indrebø forsvunnen igjen


Så har det skjedd igjen. Biletet av Gustav Indrebø er forsvunne. Det heng ikkje lenger på den vanlege staden, dvs. på veggen tvers over kontordøra mi. Eg er mildt sagt sjokkert, og har varsla kontorsjefen om det som har skjedd. Går ut ifrå at ein set i verk dei tiltaka som er naudsynte og effektive. Her er det ingen grunn til å ha silkehanskar på.

Som den vakne lesaren veit, har Indrebø-biletet tidlegare vorte stole, i 2007. Då kom biletet til rette.

Kjem attende med oppdatert informasjon i saka så snart det skjer noko.

15 juni 2007

Gustav Indrebø er attende

Example
Etter intens etterforsking, bruk av milde trugsmål og appellering til allmenn dødsangst er det grunn til å feire. Biletet av Gustav Indrebø er kome på plass att! Det heng no på veggen i korridoren der det har hange i fleire tiår.

Der har vore mange spekulasjonar på kven som kan ha ført bort Indrebø-biletet, og kva som kan ha vore motivet for bortføringa. Kunne det ha vore målpolitisk motivert? Namneteoretisk motivert? Språkhistorisk motivert? Faghistorisk motivert? Ein protest mot at Nordisk institutt skal nedleggjast og verte ein del av instituttet ILLE (Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar)? Kunne det vere tale om postmoderne hedonistar? Her kjem nok det erotiske elementet inn; Indrebø var jo ein pen mann. Eller har det heile vore eit kunstprosjekt, eit kunst-stønt?

Som ein ser på fotografiet, har tjuvlånarane festa til ei snakkeboble: "Takk for sist!" Det er neppe 1942 ein refererer til her, jamvel om det har vore nemnt.

Interesserte kan studere biletet der det no heng. No skal det sjekkast om det er tale om ei forfalsking.

14 juni 2007

Akademisk kriminalitet

Mykje tyder på at det er hedonistar som har stole biletet av Gustav Indrebø frå korridorveggen på Nordisk institutt. Meir om det kan ein lese her.

Tarveleg kriminalitet er òg noko som har råka gamle statsminister Mowinckel. Frå brevsamlinga hans på 20 000 brev, som er godt nedpakka i arkivet ved Universitetsbiblioteket i Bergen, er frimerka stolne, visstnok av ein filatelist som tidlegare var tilsett ved UB, men som no er både pensjonert og daud. Tydelegvis har dette ikkje vore oppdaga, av di ingen andre enn filatelisten har brydd seg om desse breva, men dårleg gjort er det i alle fall. Filatelisten har visstnok seld frimerka, for å reise på sydenturar eller liknande.

Dette med tjuveri frå spesialsamlingar ved bibliotek er merkeleg, for det viser seg at det ofte er tilsette i høge stillingar, folk ein skulle tru hadde hugnad for bøkene, som står for tjuveriet. Liknande hendingar har vi frå Det Kongelige Bibliotek i København og Kungliga Biblioteket i Stockholm, likeins frå Bibliothèque Nationale i Paris. Og det er ikkje berre tale om at ein kjenner eit særleg eigedomstilhøve til bøkene, slik sjefsbibliotekaren i Umberto Ecos "Il nome della rosa" gjer det. Det er òg tale om å selje vidare, for å tene pengar på bøkene. I København har 1565 eineståande verk kome til rette frå ein som kjende eit personleg eigedomstilhøve til bøkene. I Stockholm enda det meir dramatisk for boktjuven. Han gjorde harakiri ved å sprengje seg sjølv inne i leilegheita si, etter at han hadde vorte oppdaga, og hadde tilstått overfor politiet å ha kjøpt og seld sjeldne bøker frå spesialsamlingane som han var sjef for.

Vi får tru at dei som står bak Indrebø-tjuveriet no tek til vitet, og heng biletet opp att der det var. Viss det ikkje skjer, så har vi sjølvsagt våre framgangsmåtar.

11 mai 2007

Gustav Indrebø forsvunnen

Rett utanfor kontordøra har det stått eit bilete av Gustav Indrebø, men no har det forsvunne. Eg har bede kontorsjefen sende ut etterlysning, så eg får tru at biletet kjem på plass att. Det har trass alt stått der i over 30 år og bør stå der til eg går av med pensjon om 30 år òg.