Viser innlegg med etiketten Sunnmøre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sunnmøre. Vis alle innlegg

11 august 2010

Monsterliner og småkraftverk


Etter at regjeringa gjekk inn for å utgreie spørsmålet om sjøkablar i Hardanger – kan ein då unngå monsterliner gjennom sunnmørsalpane og fjordane på Sunnmøre? Problemet her er ikkje berre Arbeidarpartiet, men i endå større grad bøndene i Senterpartiet. For Senterpartiet er interessepartiet for grunneigarar som vil utbyggje såkalla småkraftverk, og grunneigarane treng eit nett for å bringe krafta ut. Det vil dei få med luftliner, visstnok ikkje med sjøkablar. Difor er t.d. Sp-politikarar i Sogn og Fjordane dei mest ihuga talsmenn for luftliner i strekninga Ørskog-Fardal, for det vil gi inntekter til Sp sine interesseveljarar.

Småkraftverk handlar om å ta vekk vatn frå bekkar og småelvar, og det høyrest uskuldig ut, men er på ingen måte det. Vår oppleving av naturen heng saman med vatn, og det er bekkane, småelvane og myrområda som er med på å gi den særmerkte naturtypa vi har på fjellet, og som òg er grunnlaget for det biologiske mangfaldet på fjellet. Til no har utbygginga av småkraftverk stått litt i stampe pga. mangel på tilkoplingsliner, men når linene kjem, kjem òg kraftverka. Eit problem i denne samanhengen er at handsaminga av småkraftverk vert gjort av teknikarar i NVE, utanom Samla plan for vassdrag og utanom demokratisk kontroll, jf. nye kraftverk i Bjørkedalen.

Men treng ikkje Møre og Romsdal meir kraft? Den såkalla kraftkrisa i vinter skuldast i stor grad gassfeltet Ormen Lange (i Aukra). På grunn av klimarekneskapet skal drivast av straum frå vasskraft, og ikkje frå eigenprodusert gass. Det er sjølvsagt absurd i ein global samanheng. I alle fall er det Ormen Lange som er straumslukaren, og det er då òg statsoljeselskapet som bør ta kostnadene med utbygging av kraftforsyninga i Møre og Romsdal.

10 juni 2009

Den koloniale monsterlina


NVE har sagt ja til monsterline gjennom naturen på Sunnmøre. Det er sjølvsagt ei tragedie. Noko meir å seie er det ikkje om det. No vil ein klage til olje- og engergiministeren, som om det har noko å seie. Ein har tydelegvis bestemt seg. Det kostar litt å ha kraftleidningane i kabel, og ein vil ikkje bruke pengar på noko slikt, heller ikkje småpengar. Det er nettopp det som gjer at eg vert forbanna kvar gong eg er i Oslo, og ser alt som er betalt av skattebetalarar på Vestlandet, medan Vestlandet får ingenting igjen.