Viser innlegg med etiketten Dyreliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dyreliv. Vis alle innlegg
28 mai 2012
Katten som kom tilbake
Det er slikt ein høyrer om og les om og eigentleg ikkje heilt trur på, men sant er det. Etter elleve månader dukka i alle fall gamlekatten vår opp igjen. Den stakk av i juni i fjor, 14 dagar etter at vi flytte til Fana, og dag kom det melding at den stod på trappa utanfor gamlehuset i Lauvstakklia, Solheimsviken. Det må ha vore ikkje heilt lett å kome seg tilbake til gamleheimen, mange vegar å krysse på dei 10 kilometrane. I det heile teke eit under. Og så når han hadde kome fram til gamlehuset – så vart han med ein gong henta og frakta tilbake til der han stakk av ifrå. Så får vi no sjå kva som skal skje. Her har det kome ein ny katt i mellomtida.
07 februar 2009
Dagens kommentar
01 september 2007
Brunsniglar
Då vi flytta til huset, var eg ofte ute om kveldane og plukkar brunsniglar frå hagen. Eg hadde ein nulltoleransepolitikk. Brunsniglane skulle utryddast. Opp i ei bytte med litt vatn og mykje salt. Så kreperte dei med ein gong. Men no har eg vorte slappare. Er sjeldan ute og plukkar brunsniglar no. Har liksom mist interessa.
14 mai 2007
Kyrasleik
Eg var og klipte meg i dag tidleg. Frisøren kommenterte igjen kvervelen framme i panne. - Den er kva ein heime på Voss kallar ein god gamaldags kyrasleik, sa ho. Ja, ja, eg skjøna vel kva ho meinte, men kva var eigentleg etymologien til "kyrasleik"? Det funderte eg på der eg sat i frisørstolen, under eit blått laken. Attende i hola slo eg opp i band 6 av "Norsk ordbok". Litt ulike bruksmåtar - vasskjemma hår, hårlaus tjafs, måne etc. Men her var det tale om ein kvervel, og då var etymologien klar: "område på kuskinnet der kua har sleikt seg, såleis at håra ligg ein annan veg enn vanleg". Ja, i "Norsk ordbok" stod det heile rett nok under "kusleik", men ein del av oss held no på dei gamle norrøne formene: "ei kyr", "fleire kyr" og "kyrasleik". Det viktigaste var i alle tilfelle å få vite etymologisk korleis ein såg ut i panna.
10 mars 2007
Kastrert katt
I vårt feminiserte samfunn vert naturlege drifter hos hannvesen sedde på som ekle. Så det var ingen veg utanom. I går vart katten kastrert, ni månader gamal. Det ser ut til å gå bra med katten, sjølv han ikkje likar å gå med krage.
24 januar 2007
Snø
Av og til hender det at snøen fell, og at han fell stille. Det skjer sjeldan i Bergen, men når det skjer, er det eit lite under. 16-åringane i Dollie laga ei god setning for det: "Nysnøen laver ned, alt hva du kan se, er det hvite teppet over alt." No snør det ikkje, men snøen ligg der, og alt er berre lyst og annleis. Eg går ut og hentar skia, tek dei fram frå lageret under altanen, for i kveld, onsdagskvelden, bør det vere tid for ski, tenkjer eg. Katten spring etter meg, nyfiken, har jo aldri sett snø før desse siste dagane. Eg kastar litt snø på katten, han prøver å fange snøfnugga, jafsar etter dei med labben, eg kastar litt meir snø på han, og han bykser etter. Deretter går eg ut i hagen, kvit plen, kvitt tre, kvitt gjerde. Så går eg inn att, fyrer i omnen, unnlet å svare på telefonen. Ute lysnar det, meir og meir lysnar det, og eg vert ståande ved vindauget og sjå ut.
27 oktober 2006
Katt og lyd
Når eg sit i sofaen i stova, grip eg ofte meg sjølv i å sitje og studere katten. Interessant er det å sjå på korleis han reagerer på lydar. Dei verste lydane kjem tydelegvis frå: a) hardingfele, b) Jan Eggum som syng, c) plystring. Dei beste lydane er: a) namnet på katten, b) knitring frå vedomnen, c) lydar som har med laging av mat å gjere.
21 november 2005
Reven på Alexanderplatz
Eg såg to revar på Alexanderplatz, midt i Berlin, rett ved Fjernsynstårnet. Det var onsdag, tidleg kveld, og eg var på veg heim. Gjekk mot Fjernsynstårnet ved ei fontene. Som så ofte før i eigne tankar. Veret var surt. Skodde flerra Fjernsynstårnet. Den prøyssiske steppevinden bles tvers gjennom skjelettet. Og så kom der to revar springande langsmed fontenevatnet, og drakk litt. Den eine sprang tilbake. Den andre for litt mot meg, blunka lurt, før han sprang vidare.
Kvar kjem så desse revane frå? Frå Tiergarten? Frå ein av dei andre store parkane? Ikkje godt å seie. Men rev var det.
Kvar kjem så desse revane frå? Frå Tiergarten? Frå ein av dei andre store parkane? Ikkje godt å seie. Men rev var det.
16 juli 2005
Tur med hund
Vi var på tur til Jæren med hund. Fint ver, stort sett, og fascinerande landskap å ferdast i for ein som stort sett har brukt livet til å sjå inn mot regntunge bergveggar. Til slutt gadd ikkje hunden å køyre bil lenger, han sette seg ned, og måtte berast inn i bagasjerommet. Då var det på tide å reise attende til haustregnet i Bergen.
30 juni 2005
Ingen brunsniglar
Nett no er eg på ei øy litt nord for Bergen. Skal vere hundepassar. Det er ei rolle som kler meg. Hiv kjeppen ut over plenen, hunden spring etter og tek kjeppen.
Men korleis er eigentleg hagelivet? Eg har nemleg høyrt det verste. Har site i sofakroken på arbeidsplassen og høyrt fortvila hageeigarar fortelje om kampen mot den iberiske mordarsniglen. Ein hageeigar tok i fjor kverken på 531 brunsniglar i løpet av ein kveld. Han har seg ein runde i hagen kvar kveld. Det har konsekvensar. Sniglane fylgjer etter han i draume. Dei slører seg rundt i soverommet, kravlar og kryp overalt. Og hageliver er ruinert. Ingen vil gå berrføtt på plenen, då får ein berre sniglar på føtene. Alle hjelpemiddel er prøvde, men dukkar det opp noko nytt, prøver ein det òg.
Brunsniglen kom visstnok til Vestlandet frå den iberiske halvøya på midten av 1990-talet, truleg gjennom plantemold til eit gartneri. Så spreidde sniglen seg i eit område som var perfekt: fuktig, utan naturlege fiendar. Ein kan verte globaliseringsmotstandar av mindre.
Når eg så går berrføtt på plenen i morgontimane, tenkjer eg i mitt stille sinn at no treffer eg vel på ein av desse iberiske mordarsniglane. For det er litt fuktig i morgontimane. Men nei, faktisk ikkje ein einaste har eg treft. Eg har sett etter i buskene, men ingen å sjå. Og bra er no det. Så eg set meg ut i sola med føtene på graset. No vert problemet om eg skal lese ei færøysk hovudoppgåve eller ein roman. Må berre hive ein kjepp til hunden fyrst.

Abonner på:
Innlegg (Atom)