Viser innlegg med etiketten Religion. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Religion. Vis alle innlegg
24 oktober 2007
Religion styrer Bergen
Eg har alltid hatt vanskar med å sove. Så ei natt somna eg. Då drøymde eg at eg måtte gå bak buekorpset gjennom bergensgatene og heie på Brann, samtidig som eg måtte seie til alle reportarar at dette var den største dagen i livet, for Brann var heile livet, eg hadde ikkje noko anna liv enn Brann. Når eg hadde gjort det, kunne eg gå heim, men berre dersom eg lova å lese alle sportssider i avisa, ete gullpølse, drikke gulløl, og seie "eg er lukkeleg", "Brann har gitt meg eit rikt liv", "Brann er vegen, sanninga og livet", "Brann er Jesus". Då eg vakna skjøna eg med eitt kvifor dei karismatiskkristne i Bergen KrF, brannhysteriadama Trude Drevland i Bergen Høgre og FrP-veljarane i Fotballpuben så lett hadde funne kvarandre.
16 august 2007
Godt intervju med prinsessa

Synsarar har rakka ned på NRK fordi kanalen fungerte som "mikrofonstativ" for prinsesse Märtha Louise. Eg vil seie at det var eit godt intervju. Dramaturgien i intervjuet var som ein munnleg eksamen og som eit sosiolingvistisk intervju: Informanten byrjar nølande, snakkar relativt usamanhengande, og så hjelper intervjuaren informanten til å kome med spontane ytringar om det ho er oppteken av, det ho trur på, og då får vi fram mykje interessant. Intervjuet vil passe ypparleg til å analysere ein samtale generelt. Vi unngjekk det teite opplegget med ein brølape-journalist (av typen Steinfeld) som avbryt informanten for å seie at det du no seier er teitt. Og vi unngjekk at Kyrre Nakkin skulle kome etterpå for å seie kva prinsessa hadde sagt. Naturlegvis er det urimeleg av prinsessa å jamføre seg sjølv med Tore Tønne, naturlegvis ville ikkje ho ha brunne på bålet, og hennar tankar om "energiar" verkar ganske ureflekterte. Men utan denne intervjuforma, ville slike ytringar aldri ha kome fram. At så Trygve Hegnar meiner prinsessa driv kvakksalveri, er ganske uinteressant, for kva er vel meir kvakksalveri enn hans ekstremliberalisme? Burde ikkje NHH og BI fått påpakning i så måte? Det prinsessa nok treng, er råd og rettleiing frå ekspertar i nyreligiøsitet, for å gjere teoriane sine meir samansette. Ho burde heller ha gått på skule, i staden for å starte ein skule.
19 juli 2007
Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi
Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.

01 desember 2005
Matisyahu
Siste dagen i november var vi på konsert med Matisyahu, ein jødisk-mystisistisk reggaeartist. Matisyahu har ei tøff og livleg sceneframføring, kledd i svart hatt og med langt skjegg. Musikalsk blandar Matisyahu reggae med hipphopp, og han fungerer som ein rappar på svena. Resultatet var uhyre interessant og bra. Dessutan har mannen ei framifrå stemme.
Matisyahu (hebraisk form for ‘Matteus’) er berre 24 år, frå USA, og freistar å leve eit åndeleg liv der han vekslar mellom yeshivaen (bibelskulen) i New York og scena. Tekstane hans dreier seg mykje om det seinmoderne forvirra mennesket og det heilage, dessutan om religiøse symbol. Orienteringa hans går mot kabbala, som ho jo òg gjer blant mange nyreligiøse, t.d. Madonna. I intervju med Tageszeitun 30.11.05 fortel Matisyahu at han likevel ikkje vil vere misjonær med musikken.
Konserten var i Kalkscheune, i Mitte, nær eit gamalt jødisk kjerneområde i Berlin. Det bur fåe jødar fast i Berlin i dag – grunnane til det er velkjende – og tydelegvis var fleire av dei som var på konserten, tilreisande jødar. Mange av dei tok bilete med mobilen sin. Greitt nok det. Men ein som stod bortanfor oss dreiv heile tida og såg på mobilskjermen sin, for å få gode nok bilete, og når konserten var over, såg han på bileta han hadde teke. Han såg faktisk heile konserten gjennom ein mobilskjerm. Det er ei form for framandgjering eg tykkjer er fascinerande. Observere livet gjennom ein mobilskjerm.

26 mai 2005
UFOar og Bergen som heilag stad
Førre veke var eg på ein disputas om UFO-miljøet i Bergen. Doktoranden hadde granska UFO-entusiastane i bergensgruppa av NETI. Rett nok fekk doktoranden ein god del pepar frå opponenten, den legendariske Mikael Rothstein (som forresten stilte i ein raudstripa genser og ikkje i dress og slips). Men emnet er interessant, og eg noterte at i bergensområdet er det Lysekloster som er staden dersom ein vil sjå UFOar. I Noreg er det Hessdalen (mellom Røros og Trondheim) som er "stargate", der vil ein sjå UFOar. NETI arrangerer visstnok ekskursjonar dit. Nøkterne vitskapsfolk snakkar om ei ny lyskjelde der. Men UFO-entusiastane veit sjølvsagt at CIA prøver å dekkje over det som eigentleg skjer! Ein som heiter Rune Øverby meiner at Hessdalen vil spele ei sentral rolle i den komande "jordtransformasjonen". Øverby har forresten gjort intervju med folk som har møtt UFOar. Særleg interessant er ein zeta-talk om "dei grå". "Dei grå" er ein art som kjem frå stjernesystemet Zeta Reticulis; det er dei som kidnappar folk for å take genetiske prøver. "Dei grå" har spesielle romskip som gjer at dei klarer å flyge frå Zeti Reticulis til Jorda på om lag to timer. Vi får vite at i 1947 var det ein bonde som såg dei grå, men som fekk ein lastebil frå dei militære for å halde kjeft.
Men det var dette med stader. I det internasjonale New Age-miljøet meiner ein at stader som Sedona og Esalen i USA, Glastonbury i England og Findhorn i Skottland er heilage, pga. energibanene. Her er det Bergen kjem inn. I det bergenske New Age-miljøet veit ein sjølvsagt at òg Bergen er ein heilag stad – ja Bergen er i seg sjølv eit chakrasystem! Tanken er om lag slik (skriv m.a. Sigrid Elise Sylte i hovudoppgåva si) : Det finst som kjent sju chakra, og dei sju fjella i Bergen symboliserer heile chakrasystemet. Gjennom desse fjella vert det tiltrekt mykje energi frå verdsrommet, og den energien verkar så inn på humøret til folk. Dersom der er dårleg energi, verkar den særleg sterkt i Bergen, og dersom det er god energi, verkar den særleg sterkt. Så Bergen er ein sterk by å bu i – slett ikkje for sensitive personar. Likeins fungerer alt regnet som Bergen er velsigna med, reinsande. Når du ser ut på regnet som tilfeldigvis veltar seg over Bergen nett no, veit du altså at det er tale om ein reinsingsprosess, og den prosessen gjer godt, sjølv om han kan vere smertefull.
Men Bergen er då heller ikkje for sensitive personar.
I tillegg til Bergen er altså Lysekloster ein heilag stad. Det gjeld ikkje berre for UFO-folket. Også satanistane bruker Lysekloster som sin stad. Men det er vel kanskje feil å tale om ein "heilag" stad for dei...
Abonner på:
Innlegg (Atom)