Viser innlegg med etiketten Språknormering. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Språknormering. Vis alle innlegg

18 januar 2012

Oljenamn: frå norrøn mytologi til politisk sjølvdyrking



Olje- og energiminister Ola Borten Moe vil styre norsk namnepolitikk på oljesokkelen. Han likar ikkje namnepolitikken for dei seinare åra, nemleg å ha namn frå sagatida eller etter norrøn tradisjon, t.d. "Sleipner", "Skrugard". I staden vil han ha namn som kan knytast til norsk politikk, t.d. "Johan Sverdrups-feltet" som fekk namn i dag. Og han har laga til ein eigen namnekomite med Kristin Clemet og Per Egil Hegge som medlemer. Det er òg laga eit mandat for nemnda.

Den nye praksisen til Ola Boretn Moe er uheldig - av fleire grunnar.

Eitt viktig moment er at ordninga med namn frå norrøn tradisjon er glimrande. Namna framstår som stolte og mytiske, utan å vere politisk ladde. Dei er òg med på å gjere den norrøne tradisjonen kjend, både i Noreg og i utlandet. Lat oss sjå litt meir på kva slags namn det her er tale om. Børge Nordbø har skilt mellom tre hovudkategoriar.

For det fyrste er det namn frå mytologien. Det er då tale om a) gudar, jotnar o.l. (Balder, Brage, Embla, Frigg, Heimdal ,Njord mfl.), b) dyr i mytologien (Gullfaks, Heidrun, Sleipner), c) gjenstandar (Gugne, dvs. spjotet åt Odin, Ringhorne, skipet åt Balder), d) mytologiske stader (Alvheim, Gimle, Åsgard, Valhall, Glitne), e) typenamn (Jotun, Norne, Troll, Volve).

For det andre er det tale om namn frå norrøne heltesegn (Volund, Grane)

Så er det historiske namn som personnamn (Gyda, Snorre, Edda, Tordis, Vigdis, Gudrun) og skipsnamn (Ormen lange, Visund).

I tillegg kjem så usikre namn (Tambar, Eldfisk) og namn som bryt med tradisjonen (jf. Goliat).

Den namnepolitikken Ola Borten Moe no legg seg på, med politikarnamn, vil sjølvsagt vere populær blant politikarane sjølve. Men politikken er uheldig av fleire andre grunnar enn at han bryt med den norrøne tradisjonen. For det fyrste kjem dette med politisk ladde namn inn. Carl I. Hagen-plattformen, t.d. For det andre vil det vere slik at personnamnet lett vil verte kopla til staden for namnegivinga og til hendingar med namnet. Såleis er Alexander Kielland-namnet kopla til ulukka på oljeplattformen som heitte Alexander Kielland. For det tredje må ein ofte ha lange namn når det er tale om personar. Ein har Johan Sverdrup-feltet for å spesifisere at det ikkje er Georg eller Otto Sverdrup det er tale om, men når namnet vert såpass langt vert det òg mindre funksjonelt. (Borten Moe ville ha "Sverdrup" som namn på "Skrugard-feltet", og det ligg jo nær det kanadiarane kallar Sverdrup-bassenget, men det bassenget er oppkalla etter Otto Sverdrup, så her har ville nok forviklingane ha vorte for store òg for Borten Moe.)

Ei siste sak er at Olje- og energidepartementet no sjølv har teke kontrollen over namnepolitikken. Fram til no hadde Oljedirektoratet ansvaret for namnegivinga, og Språkrådet var fagorgan ein vende seg til. No er det opp til den oljeministeren som sit å avgjere namna, og å bruke namnegivinga for eigenmarkering. På den måten ser ein på namnepolitikken på oljesektoren som noko anna enn namnepolitikk elles, og det er rart og dessutan i strid med offisiell språkpolitikk slik t.d. Språkmeldinga formulerer den. Kvifor skal ministeren her ha meir å seie for namnepolitikken?

09 november 2009

Språkdagen

Dei som ikkje har fått plass på "Språkdagen" på onsdag, kan no få med seg arrangementet på vev-fjernsyn. Du kan kople deg inn her her. Sidan denne bloggen ikkje gir høve til eigenreklame, vil eg unngå å trekkje fram særlege postar i programmet, men det kan nemnast at det bl.a. skal vere noko om hipphopp og normer der.

14 mai 2009

Norsk Ordbok og andre bøker


Kloke karar om ordboksarbeid der. Berre ein liten tilleggskommentar til det med Akademi-ordboka: Dei som er interesserte i å vite korleis Akademiet fekk ansvar for Riksmålsordboka, kan lese Langslets riksmålshistorie, s. 359. Der står det korleis juristen Sjur Brækhus på ein merkeleg måte fekk knipe Riksmålsordboken frå Universitetet i Oslo, som var den rettmessige eigaren av ordboka.

21 desember 2008

Dansketida tek hemn

Den utan tvil mest nedslåande språkpolitiske hendinga i år kom 18. desember. Då gjekk ein samla kulturkomite på Stortinget inn for å gi grunneigarar særleg makt i normering av namesaker. Innstillinga frå komiteen kan lesast her. Noko av det mest kreative i innstillinga er at ein viser til skriveformer som er innførde på eit historiske seinare tidspunkt enn det som er opphavet til namnet; det vil i praksis seie dansketida. Slike former vil ein no opne opp for (t.d. Wiig for Vik og Hoel for Hol). Kulturkomiteen meiner nemleg det har "en historisk verdi i å kunne videreføre skriveformen fra den tid da en begynte å fastsette stedsnavn i skriftlig form". Dette synet inneber eit paradigmeskifte i høve til det som har vore gjeldande namnepolitikk. Men no er tydelegvis fornorskingsperioden over. Dansketida tek hemn. Vi ser ei refordansking av språkpolitikken.

Sidan grunneigarar kan få gjennomslag for "sine" former vil vi no få valfridom i skrivemåten av namn, dvs. former som "Vikaskjæret", "Vigskjæret" og "Wichskjæret" om einannan, jf. denne illustrasjonen.

Det er ganske spesielt at ein samla kulturkomite har gått inn for det ein har gjort. Senterpartiet er rett nok eit interesseparti for grunneigarar, så der er det gjerne ikkje anna å vente, men at AP, SV, KrF og Venstre gjennom ei dok 8-sak no har lagt grunnlaget for ei total kursendring i norsk namnepolitikk, i retning grunneigarstyre av namnepolitikken, det er faktisk litt overraskande.

Truleg kan vi i tida framover få inn nye Dok 8-framlegg t.d. om nynorsk frå FrP/Høgre i kulturkomiteen. Då kan det med såpass veike kulturpolitikarar som tydelegvis finst i kulturkomiteen, fort vise seg at språkpolitiske innstillingar (som Språkmeldinga) har liten verdi.

05 desember 2008

Bokmål må kvoterast inn ved UiB

No melder Bergens Tidende at Universitetet i Bergen bryt Mållova ved å ha for mykje nynorsk. Der er over 80 prosent nynorsk i det eksterne tekstmateriellet, og det er for mykje, seier Språkrådet. Formidlingsavdelinga ved UiB seier på si side seg ikkje lei for at der er for mykje nynorsk, medan rektor meiner at ein no må kvotere inn meir bokmålsbruk, slik at det vert minst 25 prosent bokmål.

Greitt nok, i og for seg, Mållova skal fylgjast, men då må Politiet og andre lovbrytarar gjere liknande når det gjeld nynorsken. Eigentleg burde visse institusjonar som UiB, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane kunne få høve til å bruke meir nynorsk enn 75 prosent, av di det er tale om å synleggjere nynorsken og å vege opp i høve til den generelle neglisjeringa av Mållova.

Når det gjeld UiB, har ein her har ein medviten politikk om å styrkje nynorsken, og ein har lukkast når det gjeld eksternt materiell. Men når vi ser på intern målbruk innanfor administrasjonen, er det mykje som står att å gjere. Så det er aldri slik at ein kan liggje på latsida som målmann.

26 november 2008

Álvaratos, who cares?

Uttrykket "álvaratos" er færøysk og tyder ‘alvorleg tala’. Det er òg nytta i tittelen på doktoravhandlinga til Jógvan í Lon Jacobsen. Han skal disputere no på fredag kl. 9. 30 i Bergen. Prøveførelesingar torsdag kl. 15.30. Kom og høyr!

20 november 2008

Nøkkelfeil

Ein del lesarar lurer på om det finst nøkkelfeil, dvs. feil som er så grove og så symptomatiske for generell uforstand at dei automatisk kvalifiserer til stryk. Svaret er ja. I faget nordisk/norsk på universitet og høgskular vil t.d. det å blande "målform" med "målføre" automatisk innebere stryk. Å skrive om "norsk og sidemål" er sjølvsagt òg stryk. Å blande "vers" med "strofe" kvalifiserer òg til stryk. I tillegg er det nok på grensa til stryk å skrive at fordi ein har små barn, ikkje har hatt tid til å arbeide så mykje med spørsmålet som vert stilt. Somme vil elles slå ned på former som "hovedsaklig" på bokmål (istf. "hovedsakelig") og "autensitet" (istf. "autentisitet"), men det er nok for strengt å gjere desse formene til nøkkelfeil.

Skal sjå om eg kjem på meir etter kvart.

27 juni 2008

Språkmelding


Så har den fyrste språkmeldinga etter Vogt-innstillinga på 1960-talet kome, og du kan lese den her. Noregs Mållag meldte fyrst at språkmeldinga var "super", seinare at ho var "ofsa bra", medan Aftenposten meldte at no skulle nynorsken verte strammare og strengare. Det som slår oss, er at språkmeldinga er nyansert i spørsmålet om nynorsk normering, og oppslaget i Aftenposten er ikkje heilt dekkjande for det som faktisk står i meldinga. Det vert i språkmeldinga presisert at "nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar". Elles er det ein del som ikkje er klårlagt i meldinga, t.d. spørsmålet om kva Språkrådet skal få avgjere sjølv, uavhengig av departementet. Også bruksområdet for Mållova vil ein kome tilbake til. Og vi noterer oss at ein ikkje kjem med språkkrav knytt til momsfritaket for VG og Dagbladet, men i staden oppmodar avisene til å bruke nynorsk. Diverre er det slik at av oppmodingar veks det som oftast ingenting. Elles ser vi at riksmålsordboka til Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur skal få mykje pengar i tida framover. Deira ordbok er den som staten satsar på. Såleis er det riksmålet, ikkje bokmålet, som er alternativet til nynorsken. I det heile teke er det mykje interessant i meldinga, så vi får lure den med som strandlektyre.

23 april 2008

Ny salmebok

Det er ikkje så ofte denne personen er i kyrkja, men er ein der, så syng ein. Difor er salmeutvalet interessant. Her kan du lese framlegg til ny salmebok. Mindre Blix og meir Carola og Mette-Marit-svisker, heitest det. Korslageren "Ubi caritas" er elles med - fin, men vert han ikkje fæl som allsong? Blar ein opp i dei ulike underkapitla, ser ein elles at nynorskdelen er altfor låg. Der er ingen gravferdssalmer på nynorsk. Synd då for den som kjem til å døy i perioden til komande salmeboka. Men det kjem ein høyringsrunde, så ingenting er avgjort.

16 november 2007

Rettskrivingsstriden utsett

No har styret i Språkrådet fått seg ein smekk på fingeren. Kulturdepartementet seier nemleg i eit brev av 14.11. at ein ikkje ser nokon grunn til å take rettskrivinga i nynorsk opp som sak no. Ein vil vente til stortingsmeldinga om språk som kjem våren 2008. Dermed får vi ikkje noko hastverksarbeid for å "setje i gang arbeidet med å lage ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer".

Er det Trond Giske som personleg har engasjert seg, tru? Trudde han var mest oppteken av homofili i kyrkja. Byråkratane i departementet hans skulle ein no tru ville ha ei rettskriving i tråd med styrevedtaket i Språkrådet. Så prosessen her er interessant.

Vel, sjølv om vi vil vere positiv til utsetjinga, er der nokre problem. For no skal alt samle seg opp til stortingsmeldinga om språk som kjem i vår. Alle andre nynorsksaker (som saka om nynorsktiltak i skulen) er vortne utsette på grunn av ein skal vente på stortingsmeldinga som berre vert utsett og utsett. No er det til og med tale om to stortingsmeldingar om saka. Dei to departementa som skulle samarbeide (kultur + kunnskap), klarer ikkje så godt å samarbeide. Dinest vil alt skje i ekspressfart. Stortingemeldingane kjem vel i mars/april, får ein tru, og skal så bankast gjennom før stortingsrepresentane tek ferie i juni.

05 november 2007

Kontorell oppleving

Ein er komen tilbake frå språknormeringskonferanse i Kristiansand. Mykje interessant for dei som likar kommareglar, namnenomering, teksnormer og anna. Og så er det naturlegvis triveleg å snakke med folk som har slike interesser. Ein liten snakkis var forresten plakaten for det nye shoppingsenteret i Kristiansand: "Vi tilbyr en kontorell opplevelse." Ei "kontorell" oppleving er visstnok noko med hypermoderne kontor som er laga for trendy folk som like gjerne kan bruke jobbplassen til å spele fotball, spele kort, ete, drikke etc. Ordboksredaktørane i Norsk ordbok måtte berre sukke oppgitt over at ein alt er ferdig med bokstaven k.

24 september 2007

I-målet

Eg har aldri forstått kvifor dei som lever og åndar for i-målet heile tida masar om ei stram nynorskrettskriving. Ta no berre dette med at Språkrådet no er ute og vil ha ny innstramming av nynorsken, samtidig som ein vil fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer. Resultatet seier seg sjølv: normerarane fjernar i-målet.

24 august 2007

Ille studium og studiar


Gamle, gode Nordisk institutt eksisterer ikkje lenger. Det er ein del av "Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium". Og om dette namnet kan det seiast ein del. Som at det er forferdeleg – og forferdeleg langt. "Hei, eg arbeider/er student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium." Neppe noko godt sjekketriks. Dermed kjem ei forkorting inn, og den er "LLE". I byrjinga kom der rett nok eit e-brev frå ein komite om at forkortinga var "ILLE". Men den gjekk visst ikkje. I byrjinga heitte elles instituttet "Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier", altså "studier". Så kontakta eg ein fyr på HF og sa at når ein presenterte dette på nynorsk, måtte det verte "studiar". Såleis har ein teke i bruk "studium" i staden. Som kjent kan ein bruke den forma både på nynorsk og bokmål, men på ulik måte: I nynorsk kan den brukast i ubunden form både i eintal og fleirtal ("eit studium" og "fleire studium"), medan den i bokmål berre kan brukast i eintalsform ("et studium" og "flere studier"). Dersom ein les instituttnamnet på bokmål, vert det såleis tale om eitt studium av lingvistikk, litteratur og estetikk, men då kan ein ikkje ha fleirtalsformene "lingvistiske, litterære og estetiske". Såleis er instituttnamnet eigentleg berre mogleg å ha på nynorsk. Og då kunne ein kanskje hatt forma "studiar" då.

Eg går elles ut frå at den vakne lesaren oppfattar skilnaden på "eit studium" og "ein studie" på same måten som eg gjer det.

29 januar 2007

Samlaget og språksmaken

Sjølvsagt har Bjørn Kvalsvik Nicolaysen rett når han går ut mot Samlaget si manglande satsing på klassikarar. Samstundes har ein Klassekamp-journalist drive og ringt rundt om måten Samlaget normerer nynorsken på. Og for å vere ærleg: Den siste saka er eigentleg mest interessant.

Fyrst pliktløpet: D
et er naturlegvis ikkje slik at det er rettskrivinga som avgjer om nynorsken skal ha framgang eller ikkje, og eg er heller ingen arkaiserande mørkemann, og er heller ikkje imot at Samlaget får statsstøtte. Så eg vil ikkje gå inn i nokon allmenn populistisk kampanje mot Samlaget, for nynorsken treng eit sterkt forlag som kan tenkje strategisk på mange område.

Likevel: Kvifor skal Samlaget i lærebøkene sine bruke ein nynorsknormal der ein som oftast legg seg mest mogleg mot bokmålet? Ved jamstelte lærebokformer vel Samlaget helst former som "komme" i staden for "koma", "først" i staden for "fyrst" og "skole" i staden for "skule".

Motspørsmål: Vel, kvifor skal ein ikkje kunne gjere det?

Svar: Det er ein prinsipiell skilnad mellom lærebokspråket og det skjønnlitterære språket. I lærebøkene er det "normalen" som skal råde, og på bakgrunn av den pressa situasjonen nynorsken er i og på bakgrunn av manglande rettskrivingstame hos ny norskelevane, er det ikkje rett å gå mest mogleg nær bokmålet i lærebøkene. I skjønnlitteraturen må det vere fritt fram, det er noko anna. Lærebøkene kjem i ei særstilling.

Underbygging: For eit par veker sidan, i ein Jack og Jones-butikk av alle plassar, trefte eg ei som driv
og omset lærebøker frå bokmål til nynorsk, og ho får melding frå forlagsdama i Oslo om at dei skal bruke slike former som Samlaget bruker. Dette minner meg om det nokon i Utdanningsavdelinga ved UiB sa då ein god kjenning av meg omsette studiekatalogen til nynorsk, og brukte a-infinitiv, - det var for "ekstremt". Poenget er altså at Samlaget har stor påverknadskraft i nynorsknormeringa også overfor andre forlag, som alle er plasserte i Oslo. Det skaper ein normeringssirkel der ein tilpassar nynorsken til det ein trur er språksmaken til folk i Oslo som eigentleg ikkje likar nynorsk.

18 januar 2006

Forskefusk

Denne lækjaren ved Radiumshospitalet har gjort det verste ein forskar kan gjere: fuske. Ei ekstrem form for doping kallar nokon det. Sant nok. For det er resultata som tel, resultat i dei fremste tidsskrift, helst dei i gruppe 2 – på den måten kan ein ikkje berre få prestisje, men også stillingar, forskingspengar og tid til å forske endå meir. Og dersom ein ikkje publiserer, går det ein ille. Fuskesaka illustrerer dessutan dette med autoritet gjennom namn og ikkje gjennom sak og argument. Det er viktig å ha autoritetar med på forfattarlista, og det gir makt å takke den og den autoriteten for hjelp. Forfattarnamna og tidsskriftnamnet gir meir autoritet enn kva som faktisk vert skrive. For ein forskar har jo ikkje tid til å lese kva som faktisk står i artiklane. (Ja, det er dei i akademia som seier at ein kan berre take seg tid til å lese innleiinga og konklusjonen i artiklar; alt som ikkje vert presentert der skal berre fungere som dokumentasjon. Akk.)

Men ei puristside må ha fokus på det språklege. Poenget vårt i dag er at avisene skriv om "forskingsfusk", men heller burde ha skrive om "forskefusk" slik at vi fekk ein god ordgranne til ordet "fiskefusk". Det kling nemleg betre lydleg med "forskefusk" enn "forskingsfusk". (Rett nok tyder mykje på at ordgrannen "fiskefusk" har "fiske" som substantiv og ikkje som verb, slik jo "forske" i "forskefusk" fungerer, men det er det ikkje så farleg med.)

18 oktober 2005

Fornyingsministeren

Heidi Grande Røys ser svært så sympatisk ut. No har ho vorte statsråd, og tek over for den usympatiske moderniseringsministeren. Heidi Grande Røys er dessutan nynorskbrukar.

Men kvifor kallar ho seg då "fornyelsesminister"? Til vevstaden utdanning seier Heidi Grande Røys: "Et poeng var også å velge et navn som fungerer på nynorsk".

Her kjem eg ikkje så lite i stuss. For ordet "modernisering" er felles for nynorsk og bokmål, medan "fornyelse" er eit ord som har eit av dei mest bokmålske kjenneteikna, endinga "-else"! Ord med "-else" er nei-ord. Difor må det vere "Fornyingsdepartementet" og ikkje "Fornyelsesdepartementet" på nynorsk.

Eg har vore så fri å skrive eit e-brev til Heidi Grande Røys der eg på ein høfleg måte gjer henne merksam på at journalisten i "utdanning.ws" nok må ha formulert seg litt dårleg. Får håpe og tru at ho ordnar opp.

03 juli 2005

Bergensk?

Her er eit innlegg som eg hadde på prent i Bergens Tidende i går, 2. juli:

Bergensk?
No kan bergensarane skrive "bergensk", melder BT 1. juli. Ein kan nemleg frå no av bruke "bygden", "hytten" og "jenten" i bokmål, og dermed har ein fått bergensk som skriftmål, meiner språkekspertisen i BT.

Men språkekspertisen gløymer former som t.d. "eg", "ikkje" og "korfor". Desse formene finst i bergensk, men ikkje i bokmål. Derimot finn vi dei i nynorsk.

01 juli 2005

Sletta på laurdag

I morgon skal eg til Sletta i Radøy kommune. Skal deltake på eit seminar og halde innlegg om "førøysk og islandsk purisme i dag". Det vil seie, arrangøren har i ei brosjyre brukt ordet "språkrøkt" i staden for "purisme", men eg kjem no til å snakke om purisme, eg.

Seminaret skal forresten handle om "Språk og kultur i Vesterveg" og byrjar klokka 9.00. Det skal vere inne i det ein kallar Emigrantkyrkja på Vestnorsk Utvandringssenter. Ei kyrkje, altså. Kanskje det er meininga at ein skal stå på preikestolen? Det vil eg ha stor sans for. Burde rett nok ha hatt ein noko verdig klednad på når eg stod der. Synd då at eg berre tok med meg hawaii-kleda mine med til øya eg har sommarresidens på. Det var så sommarleg då eg for hit, og rett før så var det jo den solbrent-turen til Austlandet, og det førte til at eg tenkte at no er det sommar, så no er det på tide å prøve hawaii-kleda mine. Men hawaii-skjorte på ein preikestol, det er noko som berre "glad-prestar" har på seg. Og eg vil for all del ikkje iscenesetje meg sjølv som nokon "glad-prest". Ja, eigentleg vil eg ikkje iscensetje meg sjølv som prest i det heile, jamvel om eg nok kan gjere det, av og til, men dersom eg MÅTTE framstå som prest, så står i alle fall "glad-presten" langt nede på lista over aktuelle typar. Så her har eg ei utfordring.

Seminaret skal elles ha innlegg om korleis gamalnorsk vart til færøysk (Helge Sandøy), om språket på Shetland og Orknøyane (Tom Rendall), om norsk mål i ein amerikansk teikneserie (Verlyn Anderson) og om nynorsk hjå norskamerikanarar i USA (Peter Hallaråker). Så vert det ordskifte heilt til slutt. Det heile sluttar kl. 14.15.

Seminaret er ein del av det ein kallar Utvandrarfestivalen, og den går over nokre dagar. I kveld kl. 19.00 er det t.d. konsert med Bjøro Håland. Eg går nok glipp av Håland, men får altså med meg laurdagen.

15 juni 2005

Intern strid

Det skulle i løpet av juni verte halde årsmøte i Rørsla for sterke verb. Men den seinare tida har det vore ein del strid i rørsla, så årsmøtet ligg litt i det blå.

Striden i sterkverb-rørsla har likevel ikkje gått så langt som striden i visse fraksjonar av "høgnorskrørsla". Ikkje nok med at fraksjonen som tapte slaget om bladet "Vestmannen" laga eit nytt blad dei kalla for "Målmannen". No har òg "Målmannen" vorte offer for fraksjonering. Kanskje får vi endå eit blad? "Myrmannen"?

Kannibalisme er ingen sunn aktivitet, og han er heller ikkje så underhaldande som årsmøtet i Borkne for nokre år sidan. Då var der mykje sunn og god galskap. Ja, det var tider det.

Lurer forresten på kven som har skrive om bladet "Målmannen" og "Vestmannen" i Wikipedia.

25 mai 2005

Rørsla for å gjere svake verb sterke

Etter at eg i går nemnte Rørsla for å gjere svake verb sterke, har nokre snakka saman, og det skal i byrjinga av juni vere årsmøte i Rørsla. For fyrste gong på fleire år! Årsmøtestad vert kunngjord seinare. I samband med årsmøtet tek Rørsla sikte på å lage ei liste over:

1) fem ord som BØR gjerast sterke,
2) fem ord som i festlege lag KAN gjerast sterke.

Framlegg til kamp-verb kan sendast til denne bloggen.