Viser innlegg med etiketten Norsklærar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Norsklærar. Vis alle innlegg

04 oktober 2012

Norsk-læreplan med svekking av sidemålsopplæringa

Utdanningsdirektoratet har nyleg kome med framlegg til revisjon av læreplanane i norsk. Framlegget finn ein her, medan grunngivinga finn ein her.

Den viktigaste endringa gjeld karaktersetjinga og vektinga av hovudmål og sidemål. Det ein vil gjere, er å svekkje krava til sidemål når det gjeld fagleg omfang og fagleg kvalitet, og likeins svekkje karaktergivinga i sidemålet.

Karaktersystemet
Det mest yttarleggåande framlegget er éin samla karakter i norsk, og berre trekkeksamen i sidemål på vidaregåande. Som argumentasjon for den ordninga bruker ein Wenche Rønning frå Nordlandsforskning sin evalueringsrapport frå forsøk ved Fana gymnas og Kongsbakken vgs. Det er verdt å stoppe litt opp ved denne tendensiøse rapporten. Fleire har slakta rapporten, fordi den metodisk ikkje held mål. Det er her tale om å måle effekt av eit forsøk, lenge etter at forsøket er sett i gang, utan å vite noko om førsituasjonen. Ein har heller ikkje samanlikningsgrupper eller kontrollgrupper. Det rapporten bruker, er eigenrapportering frå lærarar og elevar, og Rønning tek alt som lærarane seier, for god fisk. I Nordlys 2.10. har underteikna ein artikkel om saka. I alle tilfelle: Udir viser i si grunngiving til forsøk med éin karakter i norsk ved sju vgs, hevdar at erfaringane er positive, og bruker Nordlandsforskning sin rapport som underlag (jamvel om rapporten berre tek føre seg to skular, og  jamvel om rapporten er verdilaus). Udir nemner heller ikkje noko om at elevane hadde tre karakterar i vg 3.

I tillegg har ein ulike framlegg som dreier seg om å ha to standpunktkarakterar, ein i skriftleg og ein i munnleg, både på grunnskulen og vidaregåande, eller å ha éin norskkarakter i grunnskulen pluss ein sidemålskarakter i vg2 og ein hovudmålskarakter i vg3.  Der er òg ulike framlegg som går på eksamensordning, anten eksisterande ordning, ei ordning med berre hovudmålseksamen eller ei ordning med eksamen i både hovudmål og sidemål same dagen. 

Argumentasjonen er at ein vil ha mindre vektlegging av sidemålet. 

Kvifor ein skal ha eigen karakter i munnleg, samtidig som ein argumenterer for at det munnlege og skriftlege går meir inn i kvarandre gjennom samansette tekstar, er ikkje godt å seie.


Svekking av sidemålsopplæringa
Udir vil skilje mellom kompetansemål i hovudmål og sidemål. Ein skal etter ungdomsskulen:

• uttrykke seg med et variert ordforråd og mestre formverk, ortografi og tekstbinding på hovedmålet 
• uttrykke seg med et funksjonelt ordforråd og mestre sentrale regler i formverket på sidemålet 

Etter vgs skal ein: 


• uttrykke seg med et presist og variert ordforråd og mestre de språklige formkravene på hovedmålet 
• uttrykke seg med et funksjonelt ordforråd og god språkføring, og mestre sentrale regler i formverk og ortografi på sidemålet

Denne reduksjonen av kompetansekrava er i tråd med det Udir tidlegare har vilja, men i strid med gjeldande spåkpolitikk åt regjeringa, jf. intensjonane i stortingsmeldingane Mål og meining og Språk bygger broer, og inneber samla sett ei svekking av nynorsken som er sidemålet for dei fleste.  

Det er elles interessant å notere at ein i  innleiinga grunngir opplæring i hovudmålet med "å styrke elevens språklige trygghet og identitet", medan sidemålet skal "utvikle elevens språkforståelse og gi et grunnlag for mestring av begge målformene i samfunns- og yrkesliv". Det er her tale om ei instrumentell og avgrensa forståing av tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, og den er tydelegvis symptomatisk for måten dei tilsette i Utdanningsdirektoratet ser på språksituasjonen i Noreg. 

Prosessen vidare
Det Udir no gjer, er å sende saka til Kunnskapsdepartementet som så skal sende eit dokument ut til høyring. 






05 mai 2012

Vil redde nordisk

Ein nordist er intervjua i Hubro om diverse ting som har med nordiskfaget å gjere. På høgdi tek saka opp her.

09 mars 2012

Bra av Språkrådet


Språkrådet har skrive eit brev til Kunnskapsdepartementet der ein kommenterer kritisk ideane frå Utdanningsdirektoratet om å svekkje sidemålsopplæringa i skulen. Det som står der, er svært så fornuftig, og får fram at Udir og Halvorsens departementet handlar i strid med det som er norsk språkpolitikk, likeins at språkpolitikk må vere ein del av utgangspunktet for norskfaget.

02 februar 2012

«Nokre vener slæst»


Fredag 3. februar er det fagleg-pedagogisk dag ved UiB. Mykje interessant stoff, ikkje minst om den nye nynorskrettskrivinga. Då skal fyrst kollega Torodd Kinn gi eit fullstendig oversyn over 2012-reforma, og det i løpet av tre kvarter. Det heile skjer kl. 9.15 i auditorium 3, Jusbygget, og innlegget heiter "Det stend ikkje i boki lenger! Ny nynorsk for deg og meg". Ein time seinare, dvs. kl. 11.15, held bloggforfattaren eit innlegg om "Den nye nynorskrettskrivinga". Innlegget skal handle om prosessen: Kva var problemet med rettskrivinga? Kva for kriterium la ein til grunn under arbeidet? Kven vann? Kven tapte? Og så til spekulasjonane: Kva for variant av nynorsk er det som no vil vinne fram når læreboknormalen er vekke?

Så til overskrifta. "Nokre vener slæst" er ei setning som med dagens rettskriving kan skrivast på 48 ulike måtar (ikkje 36 som Olaug Nilssen kom i skade for å seie). Eg kan med dette avsløre at med 2012-rettskrivinga er det berre åtte måtar å skrive denne setninga på. Fleire avsløringar vil kome på fredagen.

30 januar 2012

Sidemålssaka


Underteikna hadde eit innlegg i Bergens Tidende 28.01. med tittelen "Kvifor er mangfald eit problem?". Dette innlegget er diverre ikkje tilgjengeleg på Internett. Konklusjonen er klår nok: "Dei faglege og språkpolitiske råda Kristin Halvorsen har fått frå Utdanningsdirektoratet, viser seg å vere tendensiøse og svake både fagleg og språkpolitisk. Direktoratet har dermed eit tillitsproblem, og det lovar ikkje bra med tanke på det arbeidet som no skal gjerast med å revidere læreplanen i norsk."

No er eg klar over at Utdanningsdirektoratet har handla på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og at embetsverket skal fylgje politikarane. Ein kan dessutan sjå eit visst lineskifte i utdanningspolitikken med stortingsmeldinga frå våren 2011 om ungdomsskulen; Oddmund Hoel har nettopp gjort ein god analyse av den politisk-byråkratiske prosessen på bloggen sin. Difor skal ein ikkje gå ut ifrå at Kristin Halvorsen no utan vidare vil fylgje sitt eige partiprogram og offisiell norsk språkpolitikk når ho om eitt år skal seie kva ho meiner. (Det er likevel interessant at ho i løpet av ein dag byrja å bortforklare utspelet sitt med at det dreidde seg om eit framlegg frå direktoratet. Det viser at argument og press har ein verknad. Utan eit press frå målrørsla og SV-arar vil nok dette kunne gå rett ille, for i tidlegare utspel om ungdomsskulen har Kristin Halvorsen vore generelt populistisk.)

Samtidig er det slik at Utdanningsdirektoratet ikkje berre skal implementere politikk; ein skal òg gjere det på ein fagleg forsvarleg måte og ein skal ta omsyn til heilskapen av politiske føringar. Og det Utdanningsdirektoratet presterer i dokumentet sitt er såpass svakt at det ikkje held mål. Dette peikar eg på i innlegget mitt (og er inne på det i førre blogginnlegg).

Eg konstaterer elles at Språkrådet så langt har vore stille i denne saka.

24 januar 2012

Kristin Halvorsen som den nye Kristin Clemet

Kristin Halvorsen er no den nye Kristin Clemet. Ho er sitert i dei fleste nettaviser og i NRK radio i dag på synspunkt om at elevane i skulen ikkje skal verte like gode i hovudmål og sidemål, og at ho vil vurdere å fjerne karakterar og eksamen i skriftleg sidemål.

At ein SV-statsråd kjem med eit slikt framlegg, er overraskande, i og med at det er i strid med partiprogrammet og i strid med regjeringserklæringa. Kva som no skal vere poenget med å røyste SV, er ikkje godt å sjå.

Spørsmålet vert så kva som no vil skje. Då må vi ta utgangspunkt i saksdokumentasjonen.

Det Halvorsen refererer til, er at eit framlegg frå Utdanningsdirektoratet om å endre læreplanen i norsk. Framlegget er eit slags svar på eit oppdragsbrev frå departementet. Men det Udir gjer, er ganske så radikalt og nifst. Og det nifse gjeld både framlegga og argumentasjonen.

Udir føreslår at ein skal ha lågare kompetansekrav i sidemål enn kva som gjeld no, og at ein ikkje skal ha eigen karakter i sidemål, verken i grunnskulen eller i vidaregåande skule. Det vil i praksis seie dårlege krav til nynorsk, som dei fleste har som sidemål, og at ein ikkje får eit system for å måle kunnskapen i sidemål. Dersom det kjem gjennom, vil statusen til nynorsken verte alvorleg svekt. I tillegg målber Udir eit språksyn der språkleg mangfald vert gjort til eit problem, ikkje til ein ressurs.

Argumentasjonen til Udir er som henta frå Unge Høgres flygeblad. Ein har "ikkje bruk for å skrive nynorsk seinare i livet". Ein skriv: "Med unntak av visse yrke kan ein greie seg i det norske samfunnet med å skrive ei av målformene". Dette vert lagt fram som ei konstatering, utan at ein tek omsyn til at det faktisk ikkje gjeld berre visse yrke, men faktisk i visse kommunar. Ein tek heller ikkje omsyn til jamstellingsspørsmålet - det at allmenn kompetanse i dei to målformene er ein førestnad for å oppnå jamstelling mellom bokmål og nynorsk. I det heile er ein ikkje oppteken av å sjå på skulen som ein språkpolitisk aktør. I staden er ein sur fordi ein meiner at det i språkpolitiske dokument ikkje er "problematisert" føremålet med skriftleg sidemålsopplæring (s. 2), og at det ikkje går fram kor mykje ansvar skulen har for å oppfylle krava i mållova (s. 3).

I tillegg vert det vist til at medan nynorskelevane lærer seg sidemålet bokmål lett, er det verre for bokmålselevane fordi dei møter nynorsk sjeldnare, og får mindre opplæring i sidemålet sitt. Underforstått: Det er synd på bokmålselevane. Her er det fleirtalsperspektivet som er det rådande. Det vert elles vist til at bokmålselevane reagerer negativt på at dei må lære seg å meister dei to målformene. Dersom der er negative haldningar skal ein tilpasse seg haldningane.

Udir har i og for seg rett at dersom kompetansemåla i læreplanen skal takast på alvor, må nynorskopplæringa (som sidemålsopplæring) styrkjast. Men det ein vil gjere no, er å kople ambisjonsnivået til ei svekking av nynorskopplæringa (s. 7).

Udir har med pliktformuleringar om at hovudmålsopplæringa for nynorskopplæringa må styrkjast, men utan å konkretisere det, og utan å sjå statusen for hovudmålsopplæringa i samanheng med statusen for nynorsken meir allment, dvs. òg kva haldningar og kunnskap bokmålselevane har. Direkte frekt vert det når SV i dag køyrer ut Halvorsen si svekking av nynorsken som "Vil styrke nynorsk som hovedmål".

Det vert vidare vist til at evalueringa av sidemålsfritaket i Oslo viser litt betre karakterar for dei som hadde fritak for sidemål. Men ein gløymer då at fritakselevane samtidig hadde forsøk med prosessorientert skriving, mappevurdering, teaterbesøk og forfattarbesøk, og at det vert uråd å seie at forsøket måler noko som helst som gjeld effekt av sidemålsopplæring på karakterar. Som NIFU STEP skreiv i pressemeldinga: "De viktigste pedagogiske virkemidlene i forsøket har vært prosessorientert skriveopplæring med mappe som vurderingsform, kompetanseutvikling blant lærerne og arbeid for å bedre elevenes holdninger til nynorsk. Dette er virkemidler som med stor fordel kan tas i bruk uavhengig av et forsøk som dette. Det gjenstår å se om disse virkemidlene kunne ha gitt samme positive effekter for elever som har opplæring i skriftlig sidemål."

Når det gjeld tilvisingane til forsøk med ein karakter i norsk ved Fana gymnas og Kongsbakken, så må det seiast at desse forsøka ikkje er evaluerte, og i røynda heller ikkje kan evaluerast ut frå føresetnadene. Det er der tale om effekten av det å operere med éin norskkarakter i høve til læringseffekt og motivasjon. Forsøket er velmeinande, men der er metodiske problem. Særleg kompliserande er det at forsøket alt har vore i gang ei god stund. Det er heller ikkje lagt opp til kontrollgrupper som ein kan vurdere forsøket synkront med. Heller ikkje er det dokumentasjon på korleis situasjonen var tidlegare for dei aktuelle gruppene. Men her talar igjen Udir om dette som eit positivt forsøk, dvs. ein dreg konklusjonar som det ikkje er grunnlag for. Det må tilføyast at målet ved t.d. Fana gymnas slett ikkje er å svekkje krava til sidemålskompetansen, slik Udir vil.

Forsøka til Nynorsksenteret for å styrkje sidemålsopplæringa er ikkje nemnt med eit ord. (Ein har ein fotnote med tilvising til Nynorsksenteret knytt til denne setninga: "Det finst lite forsking på opplæringsvilkåra for nynorskelevar." Her er det eit poeng at Udir i sine tildelingsbrev, og i anna kontakt med senteret, har gitt direktiv om at Nynorsksenteret ikkje skal drive med forsking, berre med utviklingsarbeid. Verken Udir eller Halvorsens departement har løyvt pengar til forsking på opplæringsvilkåra.)

Dokumentet til Udir er spekulativt, ufagleg og språkpolitisk i strid med det som er offisiell norsk språkpolitikk, og det er ei skandale at eit offentleg organ kan kome med noko slikt. Det kan elles verke som om ein eigentleg vil gå endå lenger i å svekkje sidemålet, i alle fall vurderer ein meir radikale framlegg. Juristane i Udir kjem så fram til at Opplæringslova fastset at elevane skal lære sidemål dei to siste åra i grunnskulen, og at ei endring av læreplanen med å fjerne sidemålsopplæringa i grunnskulen vil måtte føre til ei lovendring, og at det vil ta tid, og at ny læreplan dermed ikkje vil vere klar i 2013.

Akk, ja. Det er elles mykje ein kan seie om Kristin Halvorsen og SV i denne saka. Det er vel allment kjent at statsråden er fagleg svak på mange saksfelt, bl.a. når det gjeld språkopplæring. Og eitt moment i den samanhengen vil då vere nynorsken.

Men problemet dreier seg òg om synet på språkleg mangfald som eit problem, ikkje som ein ressurs. Ideen om at elevane, spesielt bokmålselevane, må få konsentrere seg om hovudmålet, for dei vert så forvirra av sidemålet, tek ikkje inn over seg internasjonal forsking som peikar på det språklæringspotensialet som ligg i språkleg mangfald, både på individnivå og samfunnsnivå. Ja, ein nemner heller ikkje slik forsking. Kristin Clemet hadde skam nok til å nemne at det fanst slik forsking (i "Kultur for læring"), men då avfeidde ein med at det ikkje var norsk forsking som kunne stadfeste mangfaldsargumentet. No nemner ein ikkje dette i det heile. At Udir ser ut til å vere så fagleg svakt og så språkpolitisk tendensiøst som det som kjem til uttrykk i dette dokumentet, er noko ein berre kan konstatere.

13 mai 2010

Ivar Aasen i russe-limousin


I alle fall driv russ i Ulsteinvik aktivistarbeid for nynorsken med å køyre rundt i ein limousin. På bilen har ein Aasen-sitat, og ein stoppar opp ved kjøpesenteret og ropar "Ut med dansknorsk, inn med norsk, Henrik Wergeland var ein torsk". Tydelegvis har ungdomen i Ulsteinvik lært noko i norsktimane. Eg synest dette lovar godt. NRK Møre og Romsdal har eit innslag om saka i samband med 125-årsjubileet for jamstellingsvedtaket i går.

04 mai 2010

Skal nordiskfaget avviklast?

- Problemet er at nordiskfaget har vorte avhistorisert og avnasjonalisert i tråd med den allmenne avideologiseringa av faget. Resultatet er at nordiskfaget er vorte mindre viktig.

Ja, det skriv eg sjølv i eit innlegg i På Høyden.

08 februar 2010

Skulemaset

Kristin Halvorsen vil ha ein kulare skule. Twitter, Facebook, hipphopp, film og magedans inn i norsktimane i ungdomsskulen for å hindre fråfall i vidaregåande skule. Og dessutan leksefri skule. Reaksjonane kjem: Halvorsen vil ha inn det elevane bruker all fritida si på.

Hipphopp eller magedans er ikkje i seg sjølv fy-fy; det er interessante ting å ta føre seg og å bruke i skulen for å få meir innsikt i språk, kultur, litteratur, whatever. Nettopp difor er det ein bør utvide tekstgrunnlaget og kunnskapsgrunnlaget for språkopplæringa, og setje slike fenomen inn i ein fagleg samanheng.

Eg orkar likevel ikkje maset om at skulen skal ha meir av det kule, berre fordi det er kult. Det er her Kristin Halvorsen hoppar i fella, den fella Thomas Ziehe har skrive om i 35 år, og som heiter elevsentrert pedagogikk. Den gjer at elevar forventar at alt som skjer i skulen skal ha direkte relevans for dei. Samsvarbsbøying? Ikkje relevant for meg. Vesaas? Ikkje høyrt om, ikkje interessant. Lærarar fylgjer opp med å forenkle og aktualisere. Får elevane til å diskutere Ibsens problem i ljos av aktuelle problem - utan at elevane faktisk les Ibsen. Ei masteroppgåve av Julie Laurantsen (2006) illustrerer dette siste. Ei anna sak er at Halvorsen ikkje ser ut til å reflektere over spørsmålet om demokratisk tilgang til kunnskap, også for dei som ikkje kjem frå heimar med bokhyller. Kritikken av den linedelte ungdomsskulen i si tid handla bl.a. om det.

Avstand mellom skuleretalert kunnskap og dagleglivskunnskap er ikkje i seg sjølv noko vonde. Avstand i kunnskapsdomene er med på å skape refleksjon og dermed læring; Vygotsky har skrive fornuftig om det. Men avstanden skal ikkje vere for stor heller. Balanse er ei utfordring. Problemet i skuledebatten er at ein lett vert pressa inn i ein meiningsposisjon som er fordummande, og difor orkar ein ikkje.

12 april 2009

Bokmålsfrelste norsklærarar

Som Arne Olav Nygard peikar på, har bokmålsfrelste norsklærarar fått ein del nye digitale forum for å spreie bodskapen sin. Det ser ein t.d. på desse to og desse fleire kommentarane til eit innlegg fråLeif Harboe. Argumentasjonen er instrumentell og økonomisk – målfolk er partiske, ein sjølv fornuftig.

15 februar 2009

Blogging om norskfaget

Kva med bloggarar som har fokus på norskfaget? Ein av veteranane på feltet er Leif Harboe, lektor på Bryne vgs, med mange tiltak. Han har òg ein blogg for norskklassen sin der han legg ut mykje fagleg stoff. Ein annan aktiv bloggar er norsklektor i Stavanger, Marita Aksnes. Ho har, til liks med òg ein norskblogg for klassen sin, 1a, og i staden for lærebok i språk og kommunikasjon bruker ho ei eiga vevside for det programfaget. Så ser eg at den gamle medstudenten min frå UiB, Margreta Tveisme, har ein blogg, skulebloggen, som fokuserer på faglege ting ved det å vere norsklærar. Det same gjeld ein annan tidlegare UiB-student, Inger Hilde Ingebrigtsen. I tillegg skriv Bokstavheksa om norskundervisning i vgs. Alle desse tre damene skriv forresten om fagleg-pedagogisk dag, der eg sjølv glimra med mitt fråvær i år.

Ei anna som har ein blogg om norskfaget, men som ikkje var på fagleg-pedagogisk dag, er kollega Kristin Kibsgaard Sjøhelle. Ho har ein nystarta blogg, Nysgjerrig på norskfaget, og det som står der, lovar godt. Ho skriv helst om digitale tekstar og om nynorsk.

Somme bloggarar legg mykje vekt på det digitale ved norskfaget og skulen. Det gjeld bl.a. Arne Olav Nygard, stipendiat ved UiS og Ingunn ved Sandvika vgs. Noterer meg at fleire i Hordaland elles refererer til June Brevik frå Hordaland fylkeskommune som skriv om digital skule.

Interessant, forresten, å merkje seg at jamvel kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har ein blogg. Der kan ein kome med kommentarar, og eg ser at Solhjell kommenterer ein del av lærarbloggarane som har vendt seg til honom.

I tillegg finst det sjølve ein god del andre norsklærarar som bloggar, men dei skriv ikkje alltid så eksplisitt om norskfaget.

04 februar 2009

Lærarutdanninga

Norsk skule har fått mykje kritikk. Avisene fortel om PISA, PIRLS og bråk i skulen, om at elevar er offer og at lærarar er offer. Flasketuten peikar mot lærarutdanninga. Lærarane er for dårlege, av di lærarutdanninga er for dårleg, vert det sagt. Samtidig er det verd å merkje seg at det er allmennlærarutdanninga som får kjeft, t.d. av NOKUT. Universiteta si lærarutdanning vert knapt nemnd.

No på fredag kjem statsråd Bård Vegar Solhjell med stortingsmeldinga om allmennlærarutdanninga. Ikkje så spennande, kanskje. Det vi kan forvente, er eit skilje mellom barneskule- og ungdomsskulelærarutdanning, mykje meir pedagogikk og at norskfaget ikkje lenger vert obligatorisk fag. Det med norsk er merkeleg. Tanken er visstnok at norsk skal vere obligatorisk på småskule/barneskulesteget, men ikkje på ungdomsskulesteget. Det heng vel saman med ideen om meir fagfokus. På den andre sida er det noko merkeleg i og med at lesing, skriving, lytte/tale ( + å rekne + digitale dugleikar) er såkalla grunnleggjande dugleikar som skal gå igjen i alle fag, og norskfaget har eit overordna ansvar for desse grunnleggjande dugleikane. Rykta fortel at rle-folket vart sure då dei oppdaga at rle ikkje skulle vere obligatorisk, og at departementet då òg gjorde norsk ikkje-obligatorisk, for å blidgjere teologane.

Dette med at pedagogikk skal få 60 studiepoeng, skuldast hardt lobbyarbeid frå pedagogane si side, ikkje minst frå Geir Karlsen, pedagogikkprofessor ved NTNU, som var hovudredaktør for ei UHR-evaluering av pedagogikkfaget (som kom 31.12.08). Dessutan var kunnskapsministeren i vår i Finland, og han fekk då vite av professor Sven-Erik Hansén (som er ein framifrå fagmann) at ein hadde mykje meir pedagogikk i finsk skule enn i norsk skule. Før geværskota på finske skular var mantraet "look to Finland"...

Ei anna sak er at ein ikkje treng å reise til Finland for å finne ei lærarutdanning som er knytt til universiteta, som er på masternivå, som er forskingsbasert, som har ei grundig fagutdanning og integrerer fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Ei slik lærarutdanning har vi ved norske universitet.

Det vil no òg kunne vere mykje snakk om å gi allmennlærarar ein master light for at dei skal kunne fylle den skrikande mangelen på lektorar som vi vil få i vidaregåande. Her er det grunn til å vere skeptisk, og ikkje rope halleluja til det Solhjell og Aasland vil forfekte i den "gladkristne" kampanjen for f GNIST og anna rart om lærarutdanninga. Eitt av tiltaka (frå statsbudsjettet) dreier seg rett nok om pengar. Dei som tek PPU eller lektorutdanning med master i realfag eller framandspråk, får ettergitt 50 000 kr. i studielån. Merkeleg nok ikkje dei som tek nordisk. Det er faktisk ikkje slik at det er spesielt større trong for engelsklærarar enn for norsklærarar, tvert imot, så logikken er like syltynn som mykje av det som elles kjem fram i skuledebatten i avisene for tida.

20 november 2008

Nøkkelfeil

Ein del lesarar lurer på om det finst nøkkelfeil, dvs. feil som er så grove og så symptomatiske for generell uforstand at dei automatisk kvalifiserer til stryk. Svaret er ja. I faget nordisk/norsk på universitet og høgskular vil t.d. det å blande "målform" med "målføre" automatisk innebere stryk. Å skrive om "norsk og sidemål" er sjølvsagt òg stryk. Å blande "vers" med "strofe" kvalifiserer òg til stryk. I tillegg er det nok på grensa til stryk å skrive at fordi ein har små barn, ikkje har hatt tid til å arbeide så mykje med spørsmålet som vert stilt. Somme vil elles slå ned på former som "hovedsaklig" på bokmål (istf. "hovedsakelig") og "autensitet" (istf. "autentisitet"), men det er nok for strengt å gjere desse formene til nøkkelfeil.

Skal sjå om eg kjem på meir etter kvart.

23 oktober 2008

Den doble bobla




Når både "På høgdi" og NRK skriv om Double Bubble-kampanjen, bør nok denne bloggen òg nemne honom. Det er tale om ein haldningskampanje for å fremje språklæring. Dei som har vore på Bergen kino, har nok fått med seg kampanjen. Det heile er forresten betalt av EU.


Kva er så poenget med den doble bobla? Fenomenet er velkjent for alle barn som har blåse såpebobler. Det hendar då stundom at to bobler vert kopla saman med kvarandre, og dannar ei samansett boble. Denne samansette bobla vert då samla sett større, samtidig som det framleis er tale om to boble-einingar, for dei to einingane vert delte av ein membran som vert danna gjennom samansetjinga. Denne membranen er den som både skil og held boblene saman til ei dobbel boble. Fenomenet dobbel boble har fascinert fysikarar og matematikarar i 2000 år, men det som er interessant for vårt føremål, er å sjå på den doble bobla som metafor for språklæringspotensialet. På same måte som bobler koplar seg saman, tileignar ein seg nye språk på grunnlag av den språkkompetansen ein har frå før av, og det nye språket (den nye bobla) gjer jo at ein til saman vert større og sterkare. Metaforen er nyttig i høve til dei etablerte misoppfatningane om at hjernen har avgrensa kapasitet for å lære seg språk, og at framandspråkslæring og sidemålsopplæring kan vere skadeleg. Di fleire språk ein kan, di lettare har ein då òg for å lære seg nye språk.

Det er mogleg at der er visse problem med dobleboble-metaforen. Er ikkje det tale om to ulike volumeiningar då? Men slike problem tek vi ikkje på denne bloggen.

03 september 2008

Masterkandidaten


Å skrive masteroppgåve er ikkje akkurat gjort i ein fei, men no er ho levert. Ja, ikkje av meg, då, men av personen på biletet.

22 november 2007

To nye blad

Det er merkeleg. Ikkje at eg tingar både "Språklig Samling" og "Vestmannen". Men når desse to blada kjem, så kjem dei alltid på same dagen. Eg skjønar ikkje korleis dei får det til. Det skjer alltid. Fleire månader går, og så er dei i posthylla, båe to, på same dagen. Og så er dei i same format med. Ja, ja, når eg så får blada, er det berre å leite fram lusekofta og rutaskjorta og gå glad og nøgd ned i kantina, kjøpe ein kopp svart kaffi, og setje seg til å lese i blada. Båe blada har nok tapt seg, men det gjeld så mykje anna i samfunnet òg.

21 november 2007

NIFU STEP med sidemålsrapport

NIFU STEP har i dag kome med rapport
om forsøket med fritak frå skriftleg sidemålsopplæring i Oslo.

NIFU STEP viser til at elevane som ikkje har hatt nynorskopplæring, har fått betre karakterar i hovudmål og at dei har fått litt betre haldningar til nynorsk. Om dette "resultatet" er det mykje som kan seiast.

For det fyrste er det i og for seg likegyldig om elevane får 0,1 eller 0,2 poeng betre karakterar utan nynorskopplæring. Nynorskopplæringa er ei politisk og kulturell sak.

Ei anna sak er det forskingsmessige ved prosjektet. Som NIFU STEP sjølv påpeikar, var det ingen seriøse forskingsmiljø som ville take på seg eit så håplaust prosjekt som det Oslo kommune sette i gang. Ei vesentleg feilkjelde for resultata er t.d. at mappevurdering og prosessorientert skriving vert innført som prøveprosjekt samtidig som ordninga med nynorskfritak. Dette er ordinære pedagogiske verkemiddel som ikkje har noko med nynorsk eller ikkje nynorsk å gjere. Ein veit ikkje kva rolle desse faktorane kan ha spela for karakterresultatet. Når det gjeld haldningar, er det gjort fleire positive tiltak (t.d. at Sylfest Lomheim og Are Kalvø har sprunge rundt på Oslo-skular). Men desse tiltaka har ingenting med fritaksforsøket å gjere. Ein kan ikkje, slik NIFU STEP gjer, bruke andre typar tiltak til å vurdere fritak frå opplæring i skriftleg nynorsk. Kva om ein hadde hatt desse tiltaka og samtidig hatt skriftleg nynorskopplæring?

NIFU STEP-rapporten viser at sidemålsfritaket hadde ingen verknader på lesekunnskapen eller på munnlege dugleikar. I tillegg viser han at elevane med sidemålsfritak hadde dårlegare samlakarakter enn dei som ikkje var med i forsøket. Tilfeldig, truleg, på same måte som den vesle karakterskilnaden i hovudmål?

01 februar 2007

Fagleg-pedagogisk dag

I morgon er det "Fagleg-pedagogisk dag" ved UiB. Ein av føredragshaldarane er vorten intervjua om innlegget han skal ha (om hipphopp). Intervjuet kan du lese her.

17 februar 2006

Kvinnekroppen og skriving

Kvifor har skrivande kvinner det enorme fokuset på kroppen sin? Tenåringsjenter skriv innlevande stilar om anoreksi og motejag, når dei vert midt i tjueåra og midt i tredveåra skriv dei romanar og bloggar om seksuallivet sitt og om ulike kroppsdelar. Eg skjønar ikkje denne interessa. Den er no ein gong der, kroppen. Som Ivar Medaas song: Du skal vera glad for den nasen du har, sjølv om han er både krokut og rar.

Dei som skriv så mykje om kroppen, er jo unge, pene akademiske kvinner frå mellomlaga i samfunnet, og det er fåe som er så kroppsfokuserte (og sjølvsentrerte) som dei (unntaket når det gjeld sjølvsentrering er vel nestenunge akademiske menn + visse 50-60-årige menn i målrørsla, men dei held vi utanfor no). Samtidig trur eg den kroppsfokuseringa og sjølvsentreringa åt dei nemnde kvinnene ikkje berre heng saman med denne sosiologiske gruppa sine eigne frustrasjonar, men òg med skulen. Skulen gir gjennom si skriving systematisk jenter fordelar, av di norsk skrivepedagogikk er så gjennomsyra av det forteljande, det personlege, det autentiske. I alle fall er det mykje interessant å hente ut frå ein del nye systematiseringar omkring skriving i skulen (t.d. frå KAL-prosjektet og frå PISA-undersøkinga). I KAL-prosjektet vert det vist til korleis skriveopplæringa neglisjerer gutane sine interesser, røynsler og verdiar, og oppmuntrer jentene sine. Eg har lufta dette for studentane, men dei viser til at professorane er menn, og at eg ikkje har noko med å snakke om undertrykking av menn i skulen. Dette er noko eg vil kome tilbake til.

12 august 2005

Nye læreplanar

I dag kom Kristin Clemet og UFD med den endelege "læreplanen" for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Eg har såvidt bladd i den delen av planen som gjeld norskfaget. Det er ikkje så mykje som er endra i høve til den versjonen Utdanningsdirektoratet laga. (Noregs Mållag laga ei grundig høyring til denne; den finst ikkje på Mållag sine heimesider, merkeleg nok, men er referert ein god del til i UFD og Utdanningsdirektoratet sine "vurderingar".)

For nynorsken er det viktig at den nye læreplanen presiserer at det skal vere sjølvstendig karakter for hovudmål og sidemål i ungdomsskulen og i vg2. Derimot er det ikkje presisert kor mykje sidemålsdelen skal telje for norskkarakteren i grunnkurs på allmennfag. Elles rydda jo direktoratet litt opp etter den førre høyringsrunden.

Det er elles interessant å merke seg at ordet "nasjonalt" no har kome inn to gonger. Det førre utkastet hadde ingen tankar om den nasjonale rolla til norskfaget; derimot var det svært mykje om globalisering. Samstundes er det ei merkeleg oppfatning norskfaget no skal gi av korleis "det norske" vart skapt. Det førre utkastet fekk pepar, av di det ville forklare korleis ”ulike forestillinger om det norske har blitt konstruert (...) på 1800- og 1900-tallet”. Det vert her implisert at “det norske” er noko som vart skapt på 1800-talet og skal koplast eintydig til nasjonalromantikken. No vert det sagt at ein skal "forklare hvordan ulike forestillinger om det norske ble skapt i sentrale tekster fra 1800 til 1870". Tja, kva skal ein seie til det? Garborgs tekst om den nynorske nasjonalitetsrørsla er frå 1872, og er såleis for seint ute...

Framleis er det mange målsetnader som er såpass ambisiøse at dei (med min kjennskap til nyutklekkja lærarar som veit mykje om litteratur og minimalt om språk) må vere urealistiske (t.d. jamføre norsk med samisk og jamføre norrønt med moderne norsk). At dei mange måla elles ikkje er rangerte, gjer at læraren sjølv må gjere eit utval, og då får smørbrødlista avgrensa verdi.