Viser innlegg med etiketten Fritid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fritid. Vis alle innlegg

02 desember 2008

Gamle og nye blødmer


Det er vorte desember, og nok ein gong slår den økologiske isprodusenten Øystein Skjæveland til med gamle og nye blødmer i høve adventstida. Det heile finn stad på Logen Bar i Bergen tysdagskvelden kl. 19.30. Tilskiparen lokkar med gratis inngang. Om det så vert gratis is, er meir usikkert. Ein må møte fram for å få svar på det.

03 september 2008

Masterkandidaten


Å skrive masteroppgåve er ikkje akkurat gjort i ein fei, men no er ho levert. Ja, ikkje av meg, då, men av personen på biletet.

26 august 2008

Mat for Mons

Ordføraren i London, Boris Johnson, fortel at OL i 2012 tyder at "ping-pong is coming home". Det var jo engelskmennene som fann opp ping-pong på 1880-talet; då som "whiff-whaff". Og oppfinninga viser ein nasjonal karakter, ifylgje Johnson. Franskmenn som såg eit stort bord på 1800-talet, såg høvet til ein betre middag. Engelskmennene, derimot, såg moglegheita for å spele ping-pong. Tydelegvis er det mange gode oppfinningar ein kan gjere så lenge ein ikkje kastar vekk tida på å tenkje på mat, slik ein gjer i vårt hus. Kanskje vi heller skal ta ein tur og sjå kva nærbutikken har i frysen.

27 juni 2008

Fiskestang


Etter inspirasjon frå det lystige sigøynarliv på Sotra har ein investert i ny fiskestang. Det er på tide å gå ut i naturen.

20 mai 2008

Konsert med Kor e tonen


Du fekk kanskje ikkje med deg Kor e tonen frå vikingskipet på Festplassen 17. mai? No har du sjansen til å oppleve det eminente koret i Gimle sundag kl. 19.00. Du får òg høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kaker etter konserten.

22 februar 2008

Samantha møter ei nederlandsk setning


Verbet er det viktigaste leddet i ei setning. Det er den utløysande faktoren, klimaks, utløysinga. I ei norsk setning kjem verbet ganske tidleg. I ei tysk setning er det annleis. Setninga får gleda av å krike og kroke seg gjennom alle moglege slags ledd, med alle moglege slags sidesetningar og bisetningar, den eine meir innfløkt enn den andre, før ho til slutt, gjerne etter endå meir pirring, om og men, fram til klimaks kjem. Kva så med setningar som har ein serie verb etter seg? Altså språklege serieklimaks? Rykta går om at Samantha i filmatiseringa av "Sex og singelliv" møter ein nederlending som kjem med denne setninga, som er heilt normal på nederlandsk: "Ik zou jou daar hebben willen zien durven blijven staan kijken." Sju verb etter kvarandre må vel vere tilfredsstillande, jamvel for henne. Om då ikkje tysk kan kome med noko betre.

13 desember 2007

Konsert med Kor e tonen

Konsert med Kor e tonen i dag kl. 19.30 i Gimle. Det bør ein ikkje gå glipp av.

07 desember 2007

Forbrydelsen


I København har Sofie Gråbøl skapt mote med den tøffe islendendaren sin. Det er likevel ikkje det som opptek oss som fylgjer med: For kven er forbrytaren? Er det politi-inspektør Blix? Er det Rie? Elskaren hennar? Eller typen til Sarah Lund? Kan det vere Troels Hartmann? Noko må det vere med Rådhuset, men kva? Naturlegvis må der vere ein konspirajon, men kva går den ut på? Slike spørsmål er det som opptek huslyden kvar torsdagskveld, og no er det berre to torsdagar att.

16 oktober 2007

Kalde føter

Nokon i heimen kjøpte dvd-pakke med alle episodane av fjernssynsserien Cold Feet. No er det berre ein episode att å sjå, og då er pene Rachel alt død. Korleis skal dette ende?

01 september 2007

Brunsniglar

Då vi flytta til huset, var eg ofte ute om kveldane og plukkar brunsniglar frå hagen. Eg hadde ein nulltoleransepolitikk. Brunsniglane skulle utryddast. Opp i ei bytte med litt vatn og mykje salt. Så kreperte dei med ein gong. Men no har eg vorte slappare. Er sjeldan ute og plukkar brunsniglar no. Har liksom mist interessa.

10 august 2007

Joika-kaker

Ein går på Hardangervidda ein heil dag, og kjem så til ei hytte der ein finn losji. Så skal ein lage middag. Det må verte boksmat med potetmos. Og kva er vel betre då enn Joika-kaker? Problemet er berre at sambuaren ikkje et Joika-kaker. Ikkje et ho makrell, ikkje et ho lever og ikkje et ho Joika-kaker. Men det verste denne gongen var at DNT-hytta på Stavali faktisk ikkje hadde Joika-kaker. Dei hadde bokser med brun lapskaus, lys lapskaus, trøndersodd og vanleg sodd pluss ei spagettigryte. Men ingen Joika-kaker. Eg må seie at denne utviklinga likar eg ikkje.

02 august 2007

Filmstjerne frå Tjelta undrar seg over språket

På Statoil-stasjonen på Tjelta er der ei ledig stilling, les vi på plakaten. Naturlegvis er det visse skrivemåtar som vekkjer interesse. Vi stoppar. Fyller litt bensin, for å ha alibiet i orden, går så inn i bensinbua. Sjekkar om det kan vere innvandrarar som driv stasjonen, det er det tydelegvis ikkje. Visstnok ein lokal storleik som har sett opp plakaten. Igjen er det den språklege framandgjeringa hos altfor mange rogalendingar som kjem fram. Ein stoppar aldri å undre seg over at ikkje Rogaland er 100 prosent nynorsk. Dei har jo denne seige, arkaiske dialekten (som gir menn eit omstendeleg, men samtidig slagferdig preg, gir kvinner eit sterkt erotisk preg). Og reiselivet legg vekt på alle desse greiene med "identitet". Og så driv dei og marknadsfører seg på bokmål. Eit mysterium. Eg skjønar det ikkje. Det gjer tydelegvis ikkje filmstjerner frå Tjelta heller, i alle fall ser det ut som ho undrar seg ein del.

28 juli 2007

Ungkarar

Etter slike draumar var det på tide å reise vekk. Fyrst til Stavanger. Leseforskaren vi budde hos, tok oss med til Preikestolen og nærområdet på Ullandhaug. Ein kveld på Cementen vart det òg. Eg noterte at ei ung lyshåra dame frå HF-miljøet sat der inne på Cementen, ho var tydelegvis frå Stavanger, det høyrde eg frå bardisken ("om eg kan få ei øl"). Rart det med folk ein ser, men ikkje kjenner, skal ein ta kontakt når ein er på ein framand stad? Kva om vi no sat på Hard Rock Cafe i Kuala Lumpur, skulle eller ville eg då ha gått bort og sagt "hei" til vedkomande? Kanskje, kanskje ikkje. Uansett var dette ikkje Kuala Lumpur, dette var Stavanger, berre kort veg frå Bergen. Eg var ikkje full, eg var ikkje på sjekkaren, naturleg nok, og eg hadde eit framifrå sosialt selskap. Men for andre individ, t.d. heterofile ungkarar, ville problemstillinga ta kontakt vs. ikkje ta kontakt vere relevant. Men sannsynlegvis ville dei ikkje ta kontakt i alle tilfelle, heller ikkje i Kuala Lumpur. Kanskje like greitt, nokon må no vere ungkarar òg.

Deretter med bil til Jæren. Opnare himmel, kornåkrar, kyr, hestar, lange strender.

19 juli 2007

Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi

Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.

31 mai 2007

Farvel 30-talet

Livet er sett saman av dagar, og etter kvart som dagane går, vert eit menneske eldre. Om nokre minutt går den delen av livssoga som høyrer til 30-talet slutt for den som skriv dette. På denne siste dagen i denne livsbolken har ein fått med seg Brecht-stykket "Die Massnahme" på Teatergarasjen, deretter har ein drukke øl på Verftet, og sett den raude sola gått ned i vest, før ein så har sykla heim. I morgon skjer altså overgangen. Eit nytt tiår tek til, og det skal sjølvsagt markerast.

04 april 2007

Hytteboka

Gå langsmed vatnet, forbi sel, gjennom myrar, over elvar, opp gjennom knauser. Så er hytta der, blenkjande raud i påskesola. Lufte, hente vatn, fyre i omnen, hogge nokre bjørker, koste. Deretter: gå tur. Om kvelden, etter gryteretten, kan ein lese i hytteboka, om korleis folk har vore her gjennom barndom, ungdom og over i vaksendom. Somme hyttebokskribentar fortel historier, somme har gode formuleringar, slåande der og då, "Bjarte på rette staden", "påskemorgen sluker sorgen", "gjesten må ha vore noko tilmårskomen"; teikningar er der òg. Det slår ein, medan ein høyrer opplesing, og får kommentarar attåt, kor viktig slike hyttebøker er. Kvar gong vi er der, kjem hytteboka fram. Ja, hytteboka fortener ein litterær og sosialantropologisk analyse. Dette skriv eg som tips til gåverik ungdom som enno ikkje har bestemt seg for kva dei vil skrive masteroppgåve om.

21 mars 2007

Vårjamdøger

Våren i Bergen kjem med ein smell, like uventa kvar gong. Og i dag er det ikkje berre strålande sol, det er òg vårjamdøger. Det som kjenneteiknar vårjamdøger er at dag og natt er like lange. Deretter vert dagen lengre enn natta, heilt til det snur igjen.

24 januar 2007

Snø

Av og til hender det at snøen fell, og at han fell stille. Det skjer sjeldan i Bergen, men når det skjer, er det eit lite under. 16-åringane i Dollie laga ei god setning for det: "Nysnøen laver ned, alt hva du kan se, er det hvite teppet over alt." No snør det ikkje, men snøen ligg der, og alt er berre lyst og annleis. Eg går ut og hentar skia, tek dei fram frå lageret under altanen, for i kveld, onsdagskvelden, bør det vere tid for ski, tenkjer eg. Katten spring etter meg, nyfiken, har jo aldri sett snø før desse siste dagane. Eg kastar litt snø på katten, han prøver å fange snøfnugga, jafsar etter dei med labben, eg kastar litt meir snø på han, og han bykser etter. Deretter går eg ut i hagen, kvit plen, kvitt tre, kvitt gjerde. Så går eg inn att, fyrer i omnen, unnlet å svare på telefonen. Ute lysnar det, meir og meir lysnar det, og eg vert ståande ved vindauget og sjå ut.

24 november 2006

Tilskipingar

Det har vore ein del framifrå tilskipingar i november. Fredag 10. november var det kulturkveld i Gimle med Edvard Hoem, Henning Sommero, Olav Kobbeltveit og Fanny Holmin. Dagen etter var det internasjonal konferanse konferanse på Dragefjellet. Alt i høve 100-årsjubileet til Mållaget. Vi som var der, hadde det svært så bra.

01 november 2006

Halloween

Både katten og betrehalvdelen skvatt då det stod fire skrømtkledde ungar utanfor inngangen. Problemet var sjølvsagt snop - vi forstod at det var det dei var ute etter, men hadde ingenting. Ned i butikken og kjøpe smørbukkarameller og vente på neste ringjepå-gruppe. Sjølvsagt er det fælt med denne amerikaniseringa, men ein vil heller ikkje vere kjip. Freista elles å fortelje den yngre generasjonen, som altså stod utkledd på trappa, at det er fyrst neste sundag det er helgemess.