23 februar 2009

Interessant rektorval

Så har det kome nye rektorkandidatar, dvs. ein gjeng frå Mat-Nat og jus som er oppteken av business-finansiering og tilsette leiarar, i nytale formulert som "samfunnsdialog". Støttespelarar er folk som har støtta tidlegare universitetsdirektør Kåre Rommetveit. Bergens Tidende vil nok like ein slik rektorkandidat. På den andre sida har ein så dagens rektor og hans kompanjongar som etter programmet sitt bl.a. vil fremje fagleg styring, grunnforsking og at lektorutdanninga skal styrkjast. Det ser faktisk ut til at dette kan verte ein interessant valkamp.

15 februar 2009

Blogging om norskfaget

Kva med bloggarar som har fokus på norskfaget? Ein av veteranane på feltet er Leif Harboe, lektor på Bryne vgs, med mange tiltak. Han har òg ein blogg for norskklassen sin der han legg ut mykje fagleg stoff. Ein annan aktiv bloggar er norsklektor i Stavanger, Marita Aksnes. Ho har, til liks med òg ein norskblogg for klassen sin, 1a, og i staden for lærebok i språk og kommunikasjon bruker ho ei eiga vevside for det programfaget. Så ser eg at den gamle medstudenten min frå UiB, Margreta Tveisme, har ein blogg, skulebloggen, som fokuserer på faglege ting ved det å vere norsklærar. Det same gjeld ein annan tidlegare UiB-student, Inger Hilde Ingebrigtsen. I tillegg skriv Bokstavheksa om norskundervisning i vgs. Alle desse tre damene skriv forresten om fagleg-pedagogisk dag, der eg sjølv glimra med mitt fråvær i år.

Ei anna som har ein blogg om norskfaget, men som ikkje var på fagleg-pedagogisk dag, er kollega Kristin Kibsgaard Sjøhelle. Ho har ein nystarta blogg, Nysgjerrig på norskfaget, og det som står der, lovar godt. Ho skriv helst om digitale tekstar og om nynorsk.

Somme bloggarar legg mykje vekt på det digitale ved norskfaget og skulen. Det gjeld bl.a. Arne Olav Nygard, stipendiat ved UiS og Ingunn ved Sandvika vgs. Noterer meg at fleire i Hordaland elles refererer til June Brevik frå Hordaland fylkeskommune som skriv om digital skule.

Interessant, forresten, å merkje seg at jamvel kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har ein blogg. Der kan ein kome med kommentarar, og eg ser at Solhjell kommenterer ein del av lærarbloggarane som har vendt seg til honom.

I tillegg finst det sjølve ein god del andre norsklærarar som bloggar, men dei skriv ikkje alltid så eksplisitt om norskfaget.

07 februar 2009

Dagens kommentar



Ikkje alle er like oppglødde over den nye stortingsmeldinga om lærarutdanning. Kanskje på tide å kome seg ut i det fine snøveret?

04 februar 2009

Lærarutdanninga

Norsk skule har fått mykje kritikk. Avisene fortel om PISA, PIRLS og bråk i skulen, om at elevar er offer og at lærarar er offer. Flasketuten peikar mot lærarutdanninga. Lærarane er for dårlege, av di lærarutdanninga er for dårleg, vert det sagt. Samtidig er det verd å merkje seg at det er allmennlærarutdanninga som får kjeft, t.d. av NOKUT. Universiteta si lærarutdanning vert knapt nemnd.

No på fredag kjem statsråd Bård Vegar Solhjell med stortingsmeldinga om allmennlærarutdanninga. Ikkje så spennande, kanskje. Det vi kan forvente, er eit skilje mellom barneskule- og ungdomsskulelærarutdanning, mykje meir pedagogikk og at norskfaget ikkje lenger vert obligatorisk fag. Det med norsk er merkeleg. Tanken er visstnok at norsk skal vere obligatorisk på småskule/barneskulesteget, men ikkje på ungdomsskulesteget. Det heng vel saman med ideen om meir fagfokus. På den andre sida er det noko merkeleg i og med at lesing, skriving, lytte/tale ( + å rekne + digitale dugleikar) er såkalla grunnleggjande dugleikar som skal gå igjen i alle fag, og norskfaget har eit overordna ansvar for desse grunnleggjande dugleikane. Rykta fortel at rle-folket vart sure då dei oppdaga at rle ikkje skulle vere obligatorisk, og at departementet då òg gjorde norsk ikkje-obligatorisk, for å blidgjere teologane.

Dette med at pedagogikk skal få 60 studiepoeng, skuldast hardt lobbyarbeid frå pedagogane si side, ikkje minst frå Geir Karlsen, pedagogikkprofessor ved NTNU, som var hovudredaktør for ei UHR-evaluering av pedagogikkfaget (som kom 31.12.08). Dessutan var kunnskapsministeren i vår i Finland, og han fekk då vite av professor Sven-Erik Hansén (som er ein framifrå fagmann) at ein hadde mykje meir pedagogikk i finsk skule enn i norsk skule. Før geværskota på finske skular var mantraet "look to Finland"...

Ei anna sak er at ein ikkje treng å reise til Finland for å finne ei lærarutdanning som er knytt til universiteta, som er på masternivå, som er forskingsbasert, som har ei grundig fagutdanning og integrerer fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Ei slik lærarutdanning har vi ved norske universitet.

Det vil no òg kunne vere mykje snakk om å gi allmennlærarar ein master light for at dei skal kunne fylle den skrikande mangelen på lektorar som vi vil få i vidaregåande. Her er det grunn til å vere skeptisk, og ikkje rope halleluja til det Solhjell og Aasland vil forfekte i den "gladkristne" kampanjen for f GNIST og anna rart om lærarutdanninga. Eitt av tiltaka (frå statsbudsjettet) dreier seg rett nok om pengar. Dei som tek PPU eller lektorutdanning med master i realfag eller framandspråk, får ettergitt 50 000 kr. i studielån. Merkeleg nok ikkje dei som tek nordisk. Det er faktisk ikkje slik at det er spesielt større trong for engelsklærarar enn for norsklærarar, tvert imot, så logikken er like syltynn som mykje av det som elles kjem fram i skuledebatten i avisene for tida.

07 januar 2009

HF-kantina i fare

Alt er som kjent i forfall, og no vil Studentsamskipnaden i Bergen leggje ned HF-kantina, dvs. kantina i fyrste etasjen på HF-bygget, verdas midtpunkt. Rett nok er ingenting avgjort, men det er truleg ingen grunn til å vere optimist. Det er nok idrotten som stikk av med alle pengane til SiB. Dei som vil ha god kaffi kl. 8 om morgonen, er det ingen som tenkjer på.

21 desember 2008

Dansketida tek hemn

Den utan tvil mest nedslåande språkpolitiske hendinga i år kom 18. desember. Då gjekk ein samla kulturkomite på Stortinget inn for å gi grunneigarar særleg makt i normering av namesaker. Innstillinga frå komiteen kan lesast her. Noko av det mest kreative i innstillinga er at ein viser til skriveformer som er innførde på eit historiske seinare tidspunkt enn det som er opphavet til namnet; det vil i praksis seie dansketida. Slike former vil ein no opne opp for (t.d. Wiig for Vik og Hoel for Hol). Kulturkomiteen meiner nemleg det har "en historisk verdi i å kunne videreføre skriveformen fra den tid da en begynte å fastsette stedsnavn i skriftlig form". Dette synet inneber eit paradigmeskifte i høve til det som har vore gjeldande namnepolitikk. Men no er tydelegvis fornorskingsperioden over. Dansketida tek hemn. Vi ser ei refordansking av språkpolitikken.

Sidan grunneigarar kan få gjennomslag for "sine" former vil vi no få valfridom i skrivemåten av namn, dvs. former som "Vikaskjæret", "Vigskjæret" og "Wichskjæret" om einannan, jf. denne illustrasjonen.

Det er ganske spesielt at ein samla kulturkomite har gått inn for det ein har gjort. Senterpartiet er rett nok eit interesseparti for grunneigarar, så der er det gjerne ikkje anna å vente, men at AP, SV, KrF og Venstre gjennom ei dok 8-sak no har lagt grunnlaget for ei total kursendring i norsk namnepolitikk, i retning grunneigarstyre av namnepolitikken, det er faktisk litt overraskande.

Truleg kan vi i tida framover få inn nye Dok 8-framlegg t.d. om nynorsk frå FrP/Høgre i kulturkomiteen. Då kan det med såpass veike kulturpolitikarar som tydelegvis finst i kulturkomiteen, fort vise seg at språkpolitiske innstillingar (som Språkmeldinga) har liten verdi.

12 desember 2008

"Skolen"


Det er fleire som har etterlyst NRK sin dramaserie "Skolen" på dvd. Etterlysinga er på sin plass, og vil nytte høvet her til å oppmode rette vedkomande om å gjere noko i saka.

Når vi er inne på tv-seriar om skulen. Wikipedia har ei liste over ein del engelskspråklege slike. Men der er fåe seriar med lærarane i fokus. Lektor Tørrdal i "Stompa" er rett nok tøff, men vi får diverre ikkje vite så mykje om han.

05 desember 2008

Bokmål må kvoterast inn ved UiB

No melder Bergens Tidende at Universitetet i Bergen bryt Mållova ved å ha for mykje nynorsk. Der er over 80 prosent nynorsk i det eksterne tekstmateriellet, og det er for mykje, seier Språkrådet. Formidlingsavdelinga ved UiB seier på si side seg ikkje lei for at der er for mykje nynorsk, medan rektor meiner at ein no må kvotere inn meir bokmålsbruk, slik at det vert minst 25 prosent bokmål.

Greitt nok, i og for seg, Mållova skal fylgjast, men då må Politiet og andre lovbrytarar gjere liknande når det gjeld nynorsken. Eigentleg burde visse institusjonar som UiB, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane kunne få høve til å bruke meir nynorsk enn 75 prosent, av di det er tale om å synleggjere nynorsken og å vege opp i høve til den generelle neglisjeringa av Mållova.

Når det gjeld UiB, har ein her har ein medviten politikk om å styrkje nynorsken, og ein har lukkast når det gjeld eksternt materiell. Men når vi ser på intern målbruk innanfor administrasjonen, er det mykje som står att å gjere. Så det er aldri slik at ein kan liggje på latsida som målmann.

02 desember 2008

Gamle og nye blødmer


Det er vorte desember, og nok ein gong slår den økologiske isprodusenten Øystein Skjæveland til med gamle og nye blødmer i høve adventstida. Det heile finn stad på Logen Bar i Bergen tysdagskvelden kl. 19.30. Tilskiparen lokkar med gratis inngang. Om det så vert gratis is, er meir usikkert. Ein må møte fram for å få svar på det.

26 november 2008

Álvaratos, who cares?

Uttrykket "álvaratos" er færøysk og tyder ‘alvorleg tala’. Det er òg nytta i tittelen på doktoravhandlinga til Jógvan í Lon Jacobsen. Han skal disputere no på fredag kl. 9. 30 i Bergen. Prøveførelesingar torsdag kl. 15.30. Kom og høyr!

20 november 2008

Nøkkelfeil

Ein del lesarar lurer på om det finst nøkkelfeil, dvs. feil som er så grove og så symptomatiske for generell uforstand at dei automatisk kvalifiserer til stryk. Svaret er ja. I faget nordisk/norsk på universitet og høgskular vil t.d. det å blande "målform" med "målføre" automatisk innebere stryk. Å skrive om "norsk og sidemål" er sjølvsagt òg stryk. Å blande "vers" med "strofe" kvalifiserer òg til stryk. I tillegg er det nok på grensa til stryk å skrive at fordi ein har små barn, ikkje har hatt tid til å arbeide så mykje med spørsmålet som vert stilt. Somme vil elles slå ned på former som "hovedsaklig" på bokmål (istf. "hovedsakelig") og "autensitet" (istf. "autentisitet"), men det er nok for strengt å gjere desse formene til nøkkelfeil.

Skal sjå om eg kjem på meir etter kvart.

31 oktober 2008

Biten i ryggen


Nok ein gong har jotun vore på ferde. Det er slike skapningar islendingane refererer til når dei talar om þursabit, ‘tussabit’, for det vi kallar hekseskot eller lumbago. Men eigentleg er det altså tussane som står bak.

23 oktober 2008

Den doble bobla




Når både "På høgdi" og NRK skriv om Double Bubble-kampanjen, bør nok denne bloggen òg nemne honom. Det er tale om ein haldningskampanje for å fremje språklæring. Dei som har vore på Bergen kino, har nok fått med seg kampanjen. Det heile er forresten betalt av EU.


Kva er så poenget med den doble bobla? Fenomenet er velkjent for alle barn som har blåse såpebobler. Det hendar då stundom at to bobler vert kopla saman med kvarandre, og dannar ei samansett boble. Denne samansette bobla vert då samla sett større, samtidig som det framleis er tale om to boble-einingar, for dei to einingane vert delte av ein membran som vert danna gjennom samansetjinga. Denne membranen er den som både skil og held boblene saman til ei dobbel boble. Fenomenet dobbel boble har fascinert fysikarar og matematikarar i 2000 år, men det som er interessant for vårt føremål, er å sjå på den doble bobla som metafor for språklæringspotensialet. På same måte som bobler koplar seg saman, tileignar ein seg nye språk på grunnlag av den språkkompetansen ein har frå før av, og det nye språket (den nye bobla) gjer jo at ein til saman vert større og sterkare. Metaforen er nyttig i høve til dei etablerte misoppfatningane om at hjernen har avgrensa kapasitet for å lære seg språk, og at framandspråkslæring og sidemålsopplæring kan vere skadeleg. Di fleire språk ein kan, di lettare har ein då òg for å lære seg nye språk.

Det er mogleg at der er visse problem med dobleboble-metaforen. Er ikkje det tale om to ulike volumeiningar då? Men slike problem tek vi ikkje på denne bloggen.

18 september 2008

Ut på tur, men kvar?


Ikkje så lett å velje når ein står på flyplassen i Kangerlussuaq. Elles kan dei som er interesserte i å sjå på fine grønlandsbilete, gå inn her.

03 september 2008

Masterkandidaten


Å skrive masteroppgåve er ikkje akkurat gjort i ein fei, men no er ho levert. Ja, ikkje av meg, då, men av personen på biletet.

26 august 2008

Mat for Mons

Ordføraren i London, Boris Johnson, fortel at OL i 2012 tyder at "ping-pong is coming home". Det var jo engelskmennene som fann opp ping-pong på 1880-talet; då som "whiff-whaff". Og oppfinninga viser ein nasjonal karakter, ifylgje Johnson. Franskmenn som såg eit stort bord på 1800-talet, såg høvet til ein betre middag. Engelskmennene, derimot, såg moglegheita for å spele ping-pong. Tydelegvis er det mange gode oppfinningar ein kan gjere så lenge ein ikkje kastar vekk tida på å tenkje på mat, slik ein gjer i vårt hus. Kanskje vi heller skal ta ein tur og sjå kva nærbutikken har i frysen.

27 juni 2008

Fiskestang


Etter inspirasjon frå det lystige sigøynarliv på Sotra har ein investert i ny fiskestang. Det er på tide å gå ut i naturen.

Språkmelding


Så har den fyrste språkmeldinga etter Vogt-innstillinga på 1960-talet kome, og du kan lese den her. Noregs Mållag meldte fyrst at språkmeldinga var "super", seinare at ho var "ofsa bra", medan Aftenposten meldte at no skulle nynorsken verte strammare og strengare. Det som slår oss, er at språkmeldinga er nyansert i spørsmålet om nynorsk normering, og oppslaget i Aftenposten er ikkje heilt dekkjande for det som faktisk står i meldinga. Det vert i språkmeldinga presisert at "nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar". Elles er det ein del som ikkje er klårlagt i meldinga, t.d. spørsmålet om kva Språkrådet skal få avgjere sjølv, uavhengig av departementet. Også bruksområdet for Mållova vil ein kome tilbake til. Og vi noterer oss at ein ikkje kjem med språkkrav knytt til momsfritaket for VG og Dagbladet, men i staden oppmodar avisene til å bruke nynorsk. Diverre er det slik at av oppmodingar veks det som oftast ingenting. Elles ser vi at riksmålsordboka til Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur skal få mykje pengar i tida framover. Deira ordbok er den som staten satsar på. Såleis er det riksmålet, ikkje bokmålet, som er alternativet til nynorsken. I det heile teke er det mykje interessant i meldinga, så vi får lure den med som strandlektyre.

24 juni 2008

Språket


Til språkmeldinga kjem på fredag kan fryde seg over korleis Stephen Fry her legg ut om språk generelt. Lingvistisk sett ikkje så verst. Her finn ein både Chomsky og Wittgenstein.

30 mai 2008

Jordskjelv

Ein er på tur til Island, og best som ein sit i ein kafi i Laugarvegur i Reykjavík, kjem det eit jordskjelv. Det knakar i bygninga, klirrer frå hyllene, verkar som om taket vil dette ned og vindauga vil breste. Kva gjer ein då? Svaret er enkelt. Ein sit roleg og kommenterer overfor dei andre at jammen så kjem det ein jordskjelv. Og ein av dei andre rundt bordet seier at jordskjelv her er av ei anna type enn dei i Asia; her legg ikkje jord seg i lag over anna jord; det vert heller laga kløfter i jorda. Kva som er verst eller best, er ikkje godt å seie. No heitest det at eit jordskjelv kjem sjeldan åleine, og at det er forventa å kome eitt til på Island. Men kva skal ein gjere med det? Ein kan ikkje gjere anna enn å halde på med sitt, til jordskjelvet brått kjem.