22 november 2007

To nye blad

Det er merkeleg. Ikkje at eg tingar både "Språklig Samling" og "Vestmannen". Men når desse to blada kjem, så kjem dei alltid på same dagen. Eg skjønar ikkje korleis dei får det til. Det skjer alltid. Fleire månader går, og så er dei i posthylla, båe to, på same dagen. Og så er dei i same format med. Ja, ja, når eg så får blada, er det berre å leite fram lusekofta og rutaskjorta og gå glad og nøgd ned i kantina, kjøpe ein kopp svart kaffi, og setje seg til å lese i blada. Båe blada har nok tapt seg, men det gjeld så mykje anna i samfunnet òg.

21 november 2007

NIFU STEP med sidemålsrapport

NIFU STEP har i dag kome med rapport
om forsøket med fritak frå skriftleg sidemålsopplæring i Oslo.

NIFU STEP viser til at elevane som ikkje har hatt nynorskopplæring, har fått betre karakterar i hovudmål og at dei har fått litt betre haldningar til nynorsk. Om dette "resultatet" er det mykje som kan seiast.

For det fyrste er det i og for seg likegyldig om elevane får 0,1 eller 0,2 poeng betre karakterar utan nynorskopplæring. Nynorskopplæringa er ei politisk og kulturell sak.

Ei anna sak er det forskingsmessige ved prosjektet. Som NIFU STEP sjølv påpeikar, var det ingen seriøse forskingsmiljø som ville take på seg eit så håplaust prosjekt som det Oslo kommune sette i gang. Ei vesentleg feilkjelde for resultata er t.d. at mappevurdering og prosessorientert skriving vert innført som prøveprosjekt samtidig som ordninga med nynorskfritak. Dette er ordinære pedagogiske verkemiddel som ikkje har noko med nynorsk eller ikkje nynorsk å gjere. Ein veit ikkje kva rolle desse faktorane kan ha spela for karakterresultatet. Når det gjeld haldningar, er det gjort fleire positive tiltak (t.d. at Sylfest Lomheim og Are Kalvø har sprunge rundt på Oslo-skular). Men desse tiltaka har ingenting med fritaksforsøket å gjere. Ein kan ikkje, slik NIFU STEP gjer, bruke andre typar tiltak til å vurdere fritak frå opplæring i skriftleg nynorsk. Kva om ein hadde hatt desse tiltaka og samtidig hatt skriftleg nynorskopplæring?

NIFU STEP-rapporten viser at sidemålsfritaket hadde ingen verknader på lesekunnskapen eller på munnlege dugleikar. I tillegg viser han at elevane med sidemålsfritak hadde dårlegare samlakarakter enn dei som ikkje var med i forsøket. Tilfeldig, truleg, på same måte som den vesle karakterskilnaden i hovudmål?

16 november 2007

Rettskrivingsstriden utsett

No har styret i Språkrådet fått seg ein smekk på fingeren. Kulturdepartementet seier nemleg i eit brev av 14.11. at ein ikkje ser nokon grunn til å take rettskrivinga i nynorsk opp som sak no. Ein vil vente til stortingsmeldinga om språk som kjem våren 2008. Dermed får vi ikkje noko hastverksarbeid for å "setje i gang arbeidet med å lage ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer".

Er det Trond Giske som personleg har engasjert seg, tru? Trudde han var mest oppteken av homofili i kyrkja. Byråkratane i departementet hans skulle ein no tru ville ha ei rettskriving i tråd med styrevedtaket i Språkrådet. Så prosessen her er interessant.

Vel, sjølv om vi vil vere positiv til utsetjinga, er der nokre problem. For no skal alt samle seg opp til stortingsmeldinga om språk som kjem i vår. Alle andre nynorsksaker (som saka om nynorsktiltak i skulen) er vortne utsette på grunn av ein skal vente på stortingsmeldinga som berre vert utsett og utsett. No er det til og med tale om to stortingsmeldingar om saka. Dei to departementa som skulle samarbeide (kultur + kunnskap), klarer ikkje så godt å samarbeide. Dinest vil alt skje i ekspressfart. Stortingemeldingane kjem vel i mars/april, får ein tru, og skal så bankast gjennom før stortingsrepresentane tek ferie i juni.

05 november 2007

Kontorell oppleving

Ein er komen tilbake frå språknormeringskonferanse i Kristiansand. Mykje interessant for dei som likar kommareglar, namnenomering, teksnormer og anna. Og så er det naturlegvis triveleg å snakke med folk som har slike interesser. Ein liten snakkis var forresten plakaten for det nye shoppingsenteret i Kristiansand: "Vi tilbyr en kontorell opplevelse." Ei "kontorell" oppleving er visstnok noko med hypermoderne kontor som er laga for trendy folk som like gjerne kan bruke jobbplassen til å spele fotball, spele kort, ete, drikke etc. Ordboksredaktørane i Norsk ordbok måtte berre sukke oppgitt over at ein alt er ferdig med bokstaven k.

24 oktober 2007

Religion styrer Bergen

Eg har alltid hatt vanskar med å sove. Så ei natt somna eg. Då drøymde eg at eg måtte gå bak buekorpset gjennom bergensgatene og heie på Brann, samtidig som eg måtte seie til alle reportarar at dette var den største dagen i livet, for Brann var heile livet, eg hadde ikkje noko anna liv enn Brann. Når eg hadde gjort det, kunne eg gå heim, men berre dersom eg lova å lese alle sportssider i avisa, ete gullpølse, drikke gulløl, og seie "eg er lukkeleg", "Brann har gitt meg eit rikt liv", "Brann er vegen, sanninga og livet", "Brann er Jesus". Då eg vakna skjøna eg med eitt kvifor dei karismatiskkristne i Bergen KrF, brannhysteriadama Trude Drevland i Bergen Høgre og FrP-veljarane i Fotballpuben så lett hadde funne kvarandre.

16 oktober 2007

Vampyr i klasserommet

Høgnorskmann driv som vampyr i klasserommet. Ein merkar seg at vedkomande ikkje talar høgnorsk, men engelsk åt elevane.

Kalde føter

Nokon i heimen kjøpte dvd-pakke med alle episodane av fjernssynsserien Cold Feet. No er det berre ein episode att å sjå, og då er pene Rachel alt død. Korleis skal dette ende?

15 oktober 2007

Googling

Det har vore lite sexprat her i det siste, så no er det tide å gjere noko med det. Når eg så gjer det no, er det fordi eg googla namnet mitt ein dag. Mykje interessant kom fram. Så kombinerte eg namnet mitt med med "språk". Deretter kombinerte eg det med "purisme". Og så med "sex". Flest treff kom der med "språk", men så kom "sex", før "purisme". Det var interessant. Men det verka samtidig at det som dreidde seg om sex, eigentleg ikkje galdt meg. Urovekkjande.

03 oktober 2007

Jodling

Jodling høyrer ein ikkje så often no til dags, men onsdag 3. oktober er det nynorskbar i Logen (i Bergen) kl. 19.30 og der skal dei unge artistane Heine Bugge og Bjørn Tomren jodle, syngje og spele trekkspel.

Jodling er forresten ikkje berre kjent frå Alpane, og vi som har fem studiepoeng i komparativ jodling frå UiB veit at det finst ulike teknikkar og jodledialektar. I persisk og azerisk musikk er der ein jodleteknikk, i georgisk folkemusikk ein annan, blant pygmear i Sentral-Afrika ein tredje, i amerikansk sørstatsblues- og køntri ein fjerde. Om det er utarbeidt nokon stram samlenormal for jodling, veit eg ikkje.

25 september 2007

24 september 2007

I-målet

Eg har aldri forstått kvifor dei som lever og åndar for i-målet heile tida masar om ei stram nynorskrettskriving. Ta no berre dette med at Språkrådet no er ute og vil ha ny innstramming av nynorsken, samtidig som ein vil fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer. Resultatet seier seg sjølv: normerarane fjernar i-målet.

09 september 2007

vestlandet


Sit i bussen, og bussen køyrer, gjennom regnet, med skoddetunge fjell på oppsida av vegen og fjorden på nedsida. Kjem etter kvart til ferjekaia på neset. Der går hovudpersonen ut av bussen, og fer med faste steg mot kaikiosken. Han veit at kiosken vart nedlagd for ti år sidan. Men ein kan no alltids sitje på venteromet i same bygget.

Tidlegare kunne ein kjøpe buljong i kiosken, få buljongen gjennom ei luke mellom venteromet og kiosken, og drikke buljongen på venteromet medan ein venta på at ferja skulle kome. Men no er kiosken nedlagd, berre venteromet att.

Det er ein halv time til ferja skal gå. Berre å opne døra til venteromet, setje seg til å vente der inne. Ned med dørhandtaket, men så bom. Døra let seg ikkje opne. Ho er låst! Det er ikkje mogleg å kome seg inn i venteromet.

Ute regnar det, og ein står der, som ein middels hovlandfigur, og innser at både kiosken og venteromet er stengde, og det einaste ein har å gjere, er å stå ute og vente.

01 september 2007

Brunsniglar

Då vi flytta til huset, var eg ofte ute om kveldane og plukkar brunsniglar frå hagen. Eg hadde ein nulltoleransepolitikk. Brunsniglane skulle utryddast. Opp i ei bytte med litt vatn og mykje salt. Så kreperte dei med ein gong. Men no har eg vorte slappare. Er sjeldan ute og plukkar brunsniglar no. Har liksom mist interessa.

28 august 2007

Latvisk parkering

Eg konstaterer at dersom bileigarar frå Latvia ser sjansen til å parkere feil, så gjer dei det.

24 august 2007

Ille studium og studiar


Gamle, gode Nordisk institutt eksisterer ikkje lenger. Det er ein del av "Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium". Og om dette namnet kan det seiast ein del. Som at det er forferdeleg – og forferdeleg langt. "Hei, eg arbeider/er student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium." Neppe noko godt sjekketriks. Dermed kjem ei forkorting inn, og den er "LLE". I byrjinga kom der rett nok eit e-brev frå ein komite om at forkortinga var "ILLE". Men den gjekk visst ikkje. I byrjinga heitte elles instituttet "Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier", altså "studier". Så kontakta eg ein fyr på HF og sa at når ein presenterte dette på nynorsk, måtte det verte "studiar". Såleis har ein teke i bruk "studium" i staden. Som kjent kan ein bruke den forma både på nynorsk og bokmål, men på ulik måte: I nynorsk kan den brukast i ubunden form både i eintal og fleirtal ("eit studium" og "fleire studium"), medan den i bokmål berre kan brukast i eintalsform ("et studium" og "flere studier"). Dersom ein les instituttnamnet på bokmål, vert det såleis tale om eitt studium av lingvistikk, litteratur og estetikk, men då kan ein ikkje ha fleirtalsformene "lingvistiske, litterære og estetiske". Såleis er instituttnamnet eigentleg berre mogleg å ha på nynorsk. Og då kunne ein kanskje hatt forma "studiar" då.

Eg går elles ut frå at den vakne lesaren oppfattar skilnaden på "eit studium" og "ein studie" på same måten som eg gjer det.

16 august 2007

Godt intervju med prinsessa


Synsarar har rakka ned på NRK fordi kanalen fungerte som "mikrofonstativ" for prinsesse Märtha Louise. Eg vil seie at det var eit godt intervju. Dramaturgien i intervjuet var som ein munnleg eksamen og som eit sosiolingvistisk intervju: Informanten byrjar nølande, snakkar relativt usamanhengande, og så hjelper intervjuaren informanten til å kome med spontane ytringar om det ho er oppteken av, det ho trur på, og då får vi fram mykje interessant. Intervjuet vil passe ypparleg til å analysere ein samtale generelt. Vi unngjekk det teite opplegget med ein brølape-journalist (av typen Steinfeld) som avbryt informanten for å seie at det du no seier er teitt. Og vi unngjekk at Kyrre Nakkin skulle kome etterpå for å seie kva prinsessa hadde sagt. Naturlegvis er det urimeleg av prinsessa å jamføre seg sjølv med Tore Tønne, naturlegvis ville ikkje ho ha brunne på bålet, og hennar tankar om "energiar" verkar ganske ureflekterte. Men utan denne intervjuforma, ville slike ytringar aldri ha kome fram. At så Trygve Hegnar meiner prinsessa driv kvakksalveri, er ganske uinteressant, for kva er vel meir kvakksalveri enn hans ekstremliberalisme? Burde ikkje NHH og BI fått påpakning i så måte? Det prinsessa nok treng, er råd og rettleiing frå ekspertar i nyreligiøsitet, for å gjere teoriane sine meir samansette. Ho burde heller ha gått på skule, i staden for å starte ein skule.

10 august 2007

Joika-kaker

Ein går på Hardangervidda ein heil dag, og kjem så til ei hytte der ein finn losji. Så skal ein lage middag. Det må verte boksmat med potetmos. Og kva er vel betre då enn Joika-kaker? Problemet er berre at sambuaren ikkje et Joika-kaker. Ikkje et ho makrell, ikkje et ho lever og ikkje et ho Joika-kaker. Men det verste denne gongen var at DNT-hytta på Stavali faktisk ikkje hadde Joika-kaker. Dei hadde bokser med brun lapskaus, lys lapskaus, trøndersodd og vanleg sodd pluss ei spagettigryte. Men ingen Joika-kaker. Eg må seie at denne utviklinga likar eg ikkje.

02 august 2007

Filmstjerne frå Tjelta undrar seg over språket

På Statoil-stasjonen på Tjelta er der ei ledig stilling, les vi på plakaten. Naturlegvis er det visse skrivemåtar som vekkjer interesse. Vi stoppar. Fyller litt bensin, for å ha alibiet i orden, går så inn i bensinbua. Sjekkar om det kan vere innvandrarar som driv stasjonen, det er det tydelegvis ikkje. Visstnok ein lokal storleik som har sett opp plakaten. Igjen er det den språklege framandgjeringa hos altfor mange rogalendingar som kjem fram. Ein stoppar aldri å undre seg over at ikkje Rogaland er 100 prosent nynorsk. Dei har jo denne seige, arkaiske dialekten (som gir menn eit omstendeleg, men samtidig slagferdig preg, gir kvinner eit sterkt erotisk preg). Og reiselivet legg vekt på alle desse greiene med "identitet". Og så driv dei og marknadsfører seg på bokmål. Eit mysterium. Eg skjønar det ikkje. Det gjer tydelegvis ikkje filmstjerner frå Tjelta heller, i alle fall ser det ut som ho undrar seg ein del.

28 juli 2007

Ungkarar

Etter slike draumar var det på tide å reise vekk. Fyrst til Stavanger. Leseforskaren vi budde hos, tok oss med til Preikestolen og nærområdet på Ullandhaug. Ein kveld på Cementen vart det òg. Eg noterte at ei ung lyshåra dame frå HF-miljøet sat der inne på Cementen, ho var tydelegvis frå Stavanger, det høyrde eg frå bardisken ("om eg kan få ei øl"). Rart det med folk ein ser, men ikkje kjenner, skal ein ta kontakt når ein er på ein framand stad? Kva om vi no sat på Hard Rock Cafe i Kuala Lumpur, skulle eller ville eg då ha gått bort og sagt "hei" til vedkomande? Kanskje, kanskje ikkje. Uansett var dette ikkje Kuala Lumpur, dette var Stavanger, berre kort veg frå Bergen. Eg var ikkje full, eg var ikkje på sjekkaren, naturleg nok, og eg hadde eit framifrå sosialt selskap. Men for andre individ, t.d. heterofile ungkarar, ville problemstillinga ta kontakt vs. ikkje ta kontakt vere relevant. Men sannsynlegvis ville dei ikkje ta kontakt i alle tilfelle, heller ikkje i Kuala Lumpur. Kanskje like greitt, nokon må no vere ungkarar òg.

Deretter med bil til Jæren. Opnare himmel, kornåkrar, kyr, hestar, lange strender.

19 juli 2007

Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi

Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.