24 oktober 2007
Religion styrer Bergen
Eg har alltid hatt vanskar med å sove. Så ei natt somna eg. Då drøymde eg at eg måtte gå bak buekorpset gjennom bergensgatene og heie på Brann, samtidig som eg måtte seie til alle reportarar at dette var den største dagen i livet, for Brann var heile livet, eg hadde ikkje noko anna liv enn Brann. Når eg hadde gjort det, kunne eg gå heim, men berre dersom eg lova å lese alle sportssider i avisa, ete gullpølse, drikke gulløl, og seie "eg er lukkeleg", "Brann har gitt meg eit rikt liv", "Brann er vegen, sanninga og livet", "Brann er Jesus". Då eg vakna skjøna eg med eitt kvifor dei karismatiskkristne i Bergen KrF, brannhysteriadama Trude Drevland i Bergen Høgre og FrP-veljarane i Fotballpuben så lett hadde funne kvarandre.
16 oktober 2007
Vampyr i klasserommet
Høgnorskmann driv som vampyr i klasserommet. Ein merkar seg at vedkomande ikkje talar høgnorsk, men engelsk åt elevane.
Kalde føter
Nokon i heimen kjøpte dvd-pakke med alle episodane av fjernssynsserien Cold Feet. No er det berre ein episode att å sjå, og då er pene Rachel alt død. Korleis skal dette ende?
15 oktober 2007
Googling
Det har vore lite sexprat her i det siste, så no er det tide å gjere noko med det. Når eg så gjer det no, er det fordi eg googla namnet mitt ein dag. Mykje interessant kom fram. Så kombinerte eg namnet mitt med med "språk". Deretter kombinerte eg det med "purisme". Og så med "sex". Flest treff kom der med "språk", men så kom "sex", før "purisme". Det var interessant. Men det verka samtidig at det som dreidde seg om sex, eigentleg ikkje galdt meg. Urovekkjande.
03 oktober 2007
Jodling
Jodling høyrer ein ikkje så often no til dags, men onsdag 3. oktober er det nynorskbar i Logen (i Bergen) kl. 19.30 og der skal dei unge artistane Heine Bugge og Bjørn Tomren jodle, syngje og spele trekkspel.
Jodling er forresten ikkje berre kjent frå Alpane, og vi som har fem studiepoeng i komparativ jodling frå UiB veit at det finst ulike teknikkar og jodledialektar. I persisk og azerisk musikk er der ein jodleteknikk, i georgisk folkemusikk ein annan, blant pygmear i Sentral-Afrika ein tredje, i amerikansk sørstatsblues- og køntri ein fjerde. Om det er utarbeidt nokon stram samlenormal for jodling, veit eg ikkje.

25 september 2007
24 september 2007
I-målet
Eg har aldri forstått kvifor dei som lever og åndar for i-målet heile tida masar om ei stram nynorskrettskriving. Ta no berre dette med at Språkrådet no er ute og vil ha ny innstramming av nynorsken, samtidig som ein vil fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer. Resultatet seier seg sjølv: normerarane fjernar i-målet.
09 september 2007
vestlandet
Sit i bussen, og bussen køyrer, gjennom regnet, med skoddetunge fjell på oppsida av vegen og fjorden på nedsida. Kjem etter kvart til ferjekaia på neset. Der går hovudpersonen ut av bussen, og fer med faste steg mot kaikiosken. Han veit at kiosken vart nedlagd for ti år sidan. Men ein kan no alltids sitje på venteromet i same bygget.
Tidlegare kunne ein kjøpe buljong i kiosken, få buljongen gjennom ei luke mellom venteromet og kiosken, og drikke buljongen på venteromet medan ein venta på at ferja skulle kome. Men no er kiosken nedlagd, berre venteromet att.
Det er ein halv time til ferja skal gå. Berre å opne døra til venteromet, setje seg til å vente der inne. Ned med dørhandtaket, men så bom. Døra let seg ikkje opne. Ho er låst! Det er ikkje mogleg å kome seg inn i venteromet.
Ute regnar det, og ein står der, som ein middels hovlandfigur, og innser at både kiosken og venteromet er stengde, og det einaste ein har å gjere, er å stå ute og vente.
01 september 2007
Brunsniglar
Då vi flytta til huset, var eg ofte ute om kveldane og plukkar brunsniglar frå hagen. Eg hadde ein nulltoleransepolitikk. Brunsniglane skulle utryddast. Opp i ei bytte med litt vatn og mykje salt. Så kreperte dei med ein gong. Men no har eg vorte slappare. Er sjeldan ute og plukkar brunsniglar no. Har liksom mist interessa.
28 august 2007
Latvisk parkering
Eg konstaterer at dersom bileigarar frå Latvia ser sjansen til å parkere feil, så gjer dei det.
24 august 2007
Ille studium og studiar

Gamle, gode Nordisk institutt eksisterer ikkje lenger. Det er ein del av "Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium". Og om dette namnet kan det seiast ein del. Som at det er forferdeleg – og forferdeleg langt. "Hei, eg arbeider/er student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium." Neppe noko godt sjekketriks. Dermed kjem ei forkorting inn, og den er "LLE". I byrjinga kom der rett nok eit e-brev frå ein komite om at forkortinga var "ILLE". Men den gjekk visst ikkje. I byrjinga heitte elles instituttet "Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier", altså "studier". Så kontakta eg ein fyr på HF og sa at når ein presenterte dette på nynorsk, måtte det verte "studiar". Såleis har ein teke i bruk "studium" i staden. Som kjent kan ein bruke den forma både på nynorsk og bokmål, men på ulik måte: I nynorsk kan den brukast i ubunden form både i eintal og fleirtal ("eit studium" og "fleire studium"), medan den i bokmål berre kan brukast i eintalsform ("et studium" og "flere studier"). Dersom ein les instituttnamnet på bokmål, vert det såleis tale om eitt studium av lingvistikk, litteratur og estetikk, men då kan ein ikkje ha fleirtalsformene "lingvistiske, litterære og estetiske". Såleis er instituttnamnet eigentleg berre mogleg å ha på nynorsk. Og då kunne ein kanskje hatt forma "studiar" då.
Eg går elles ut frå at den vakne lesaren oppfattar skilnaden på "eit studium" og "ein studie" på same måten som eg gjer det.
16 august 2007
Godt intervju med prinsessa

Synsarar har rakka ned på NRK fordi kanalen fungerte som "mikrofonstativ" for prinsesse Märtha Louise. Eg vil seie at det var eit godt intervju. Dramaturgien i intervjuet var som ein munnleg eksamen og som eit sosiolingvistisk intervju: Informanten byrjar nølande, snakkar relativt usamanhengande, og så hjelper intervjuaren informanten til å kome med spontane ytringar om det ho er oppteken av, det ho trur på, og då får vi fram mykje interessant. Intervjuet vil passe ypparleg til å analysere ein samtale generelt. Vi unngjekk det teite opplegget med ein brølape-journalist (av typen Steinfeld) som avbryt informanten for å seie at det du no seier er teitt. Og vi unngjekk at Kyrre Nakkin skulle kome etterpå for å seie kva prinsessa hadde sagt. Naturlegvis er det urimeleg av prinsessa å jamføre seg sjølv med Tore Tønne, naturlegvis ville ikkje ho ha brunne på bålet, og hennar tankar om "energiar" verkar ganske ureflekterte. Men utan denne intervjuforma, ville slike ytringar aldri ha kome fram. At så Trygve Hegnar meiner prinsessa driv kvakksalveri, er ganske uinteressant, for kva er vel meir kvakksalveri enn hans ekstremliberalisme? Burde ikkje NHH og BI fått påpakning i så måte? Det prinsessa nok treng, er råd og rettleiing frå ekspertar i nyreligiøsitet, for å gjere teoriane sine meir samansette. Ho burde heller ha gått på skule, i staden for å starte ein skule.
10 august 2007
Joika-kaker
Ein går på Hardangervidda ein heil dag, og kjem så til ei hytte der ein finn losji. Så skal ein lage middag. Det må verte boksmat med potetmos. Og kva er vel betre då enn Joika-kaker? Problemet er berre at sambuaren ikkje et Joika-kaker. Ikkje et ho makrell, ikkje et ho lever og ikkje et ho Joika-kaker. Men det verste denne gongen var at DNT-hytta på Stavali faktisk ikkje hadde Joika-kaker. Dei hadde bokser med brun lapskaus, lys lapskaus, trøndersodd og vanleg sodd pluss ei spagettigryte. Men ingen Joika-kaker. Eg må seie at denne utviklinga likar eg ikkje.
02 august 2007
Filmstjerne frå Tjelta undrar seg over språket
Dei har jo denne seige, arkaiske dialekten (som gir menn eit omstendeleg, men samtidig slagferdig preg, gir kvinner eit sterkt erotisk preg). Og reiselivet legg vekt på alle desse greiene med "identitet". Og så driv dei og marknadsfører seg på bokmål. Eit mysterium. Eg skjønar det ikkje. Det gjer tydelegvis ikkje filmstjerner frå Tjelta heller, i alle fall ser det ut som ho undrar seg ein del.
28 juli 2007
Ungkarar
Etter slike draumar var det på tide å reise vekk. Fyrst til Stavanger. Leseforskaren vi budde hos, tok oss med til Preikestolen og nærområdet på Ullandhaug. Ein kveld på Cementen vart det òg. Eg noterte at ei ung lyshåra dame frå HF-miljøet sat der inne på Cementen, ho var tydelegvis frå Stavanger, det høyrde eg frå bardisken ("om eg kan få ei øl"). Rart det med folk ein ser, men ikkje kjenner, skal ein ta kontakt når ein er på ein framand stad? Kva om vi no sat på Hard Rock Cafe i Kuala Lumpur, skulle eller ville eg då ha gått bort og sagt "hei" til vedkomande? Kanskje, kanskje ikkje. Uansett var dette ikkje Kuala Lumpur, dette var Stavanger, berre kort veg frå Bergen. Eg var ikkje full, eg var ikkje på sjekkaren, naturleg nok, og eg hadde eit framifrå sosialt selskap. Men for andre individ, t.d. heterofile ungkarar, ville problemstillinga ta kontakt vs. ikkje ta kontakt vere relevant. Men sannsynlegvis ville dei ikkje ta kontakt i alle tilfelle, heller ikkje i Kuala Lumpur. Kanskje like greitt, nokon må no vere ungkarar òg.
Deretter med bil til Jæren. Opnare himmel, kornåkrar, kyr, hestar, lange strender.
Deretter med bil til Jæren. Opnare himmel, kornåkrar, kyr, hestar, lange strender.
19 juli 2007
Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi
Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.

13 juli 2007
Lumbago
Lenge sidan det har skjedd noko på denne sida. Ikkje noko gale i det. Det er så mykje mas og kav i verda. Kan vere greitt å roe litt ned. Eit moment er vel òg at ein har vore ute på reise, fyrst og fremst til Sunnmøre. Fjellturar, øyturar, familie, bading, Førde-festival og bilkøyring. Tilbake til Bergen måndagen. På tysdagen skjedde det så. Ein vaskar bilen, bøyer seg fram, og pang, så er han der: lumbagoen. Og det var ikkje tidlegare medlemer av nyveivbandet Lumbago (som nokre av lesarane kanskje hugsar frå 1980-talet) eg no referer til. Det var hekskotslumbagoen.
Lumbago er ei påminning om at når ein har blitt 40, handlar det stort sett om å halde det kroppslege forfallet i sjakk.
Elles har røynsla av å vere funksjonshemma vore interessant. Det er diverre slutt på den tida då ein meinte at beste kuren mot ryggplager var å liggje heilt i ro. Men imellom all fornuftig gåing og utstrekking og husarbeid, har det vore råd å lese litt i ein biografi om Mao.

19 juni 2007
Lure trapper, barnslege namn
Nokre dagar i Estland gav grunnlag for visse generaliseringar. Til dømes at esterane kan det å lage lure trapper. Denne trappa opp til eit tårn i Hapsalu er ikkje så verst. Skulle gjerne hatt ei slik ned til kjellaren. Som kjent sklei eg ned trappa heime tidlegare i vår og braut handa.
Meir barnslege er gatenamna. Dette fann vi i kvar einaste by.
15 juni 2007
Gustav Indrebø er attende
Etter intens etterforsking, bruk av milde trugsmål og appellering til allmenn dødsangst er det grunn til å feire. Biletet av Gustav Indrebø er kome på plass att! Det heng no på veggen i korridoren der det har hange i fleire tiår.
Der har vore mange spekulasjonar på kven som kan ha ført bort Indrebø-biletet, og kva som kan ha vore motivet for bortføringa. Kunne det ha vore målpolitisk motivert? Namneteoretisk motivert? Språkhistorisk motivert? Faghistorisk motivert? Ein protest mot at Nordisk institutt skal nedleggjast og verte ein del av instituttet ILLE (Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar)? Kunne det vere tale om postmoderne hedonistar? Her kjem nok det erotiske elementet inn; Indrebø var jo ein pen mann. Eller har det heile vore eit kunstprosjekt, eit kunst-stønt?
Som ein ser på fotografiet, har tjuvlånarane festa til ei snakkeboble: "Takk for sist!" Det er neppe 1942 ein refererer til her, jamvel om det har vore nemnt.
Interesserte kan studere biletet der det no heng. No skal det sjekkast om det er tale om ei forfalsking.
14 juni 2007
Akademisk kriminalitet
Mykje tyder på at det er hedonistar som har stole biletet av Gustav Indrebø frå korridorveggen på Nordisk institutt. Meir om det kan ein lese her.
Tarveleg kriminalitet er òg noko som har råka gamle statsminister Mowinckel. Frå brevsamlinga hans på 20 000 brev, som er godt nedpakka i arkivet ved Universitetsbiblioteket i Bergen, er frimerka stolne, visstnok av ein filatelist som tidlegare var tilsett ved UB, men som no er både pensjonert og daud. Tydelegvis har dette ikkje vore oppdaga, av di ingen andre enn filatelisten har brydd seg om desse breva, men dårleg gjort er det i alle fall. Filatelisten har visstnok seld frimerka, for å reise på sydenturar eller liknande.
Dette med tjuveri frå spesialsamlingar ved bibliotek er merkeleg, for det viser seg at det ofte er tilsette i høge stillingar, folk ein skulle tru hadde hugnad for bøkene, som står for tjuveriet. Liknande hendingar har vi frå Det Kongelige Bibliotek i København og Kungliga Biblioteket i Stockholm, likeins frå Bibliothèque Nationale i Paris. Og det er ikkje berre tale om at ein kjenner eit særleg eigedomstilhøve til bøkene, slik sjefsbibliotekaren i Umberto Ecos "Il nome della rosa" gjer det. Det er òg tale om å selje vidare, for å tene pengar på bøkene. I København har 1565 eineståande verk kome til rette frå ein som kjende eit personleg eigedomstilhøve til bøkene. I Stockholm enda det meir dramatisk for boktjuven. Han gjorde harakiri ved å sprengje seg sjølv inne i leilegheita si, etter at han hadde vorte oppdaga, og hadde tilstått overfor politiet å ha kjøpt og seld sjeldne bøker frå spesialsamlingane som han var sjef for.
Vi får tru at dei som står bak Indrebø-tjuveriet no tek til vitet, og heng biletet opp att der det var. Viss det ikkje skjer, så har vi sjølvsagt våre framgangsmåtar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)