25 september 2007

24 september 2007

I-målet

Eg har aldri forstått kvifor dei som lever og åndar for i-målet heile tida masar om ei stram nynorskrettskriving. Ta no berre dette med at Språkrådet no er ute og vil ha ny innstramming av nynorsken, samtidig som ein vil fjerne skiljet mellom hovudformer og sideformer. Resultatet seier seg sjølv: normerarane fjernar i-målet.

09 september 2007

vestlandet


Sit i bussen, og bussen køyrer, gjennom regnet, med skoddetunge fjell på oppsida av vegen og fjorden på nedsida. Kjem etter kvart til ferjekaia på neset. Der går hovudpersonen ut av bussen, og fer med faste steg mot kaikiosken. Han veit at kiosken vart nedlagd for ti år sidan. Men ein kan no alltids sitje på venteromet i same bygget.

Tidlegare kunne ein kjøpe buljong i kiosken, få buljongen gjennom ei luke mellom venteromet og kiosken, og drikke buljongen på venteromet medan ein venta på at ferja skulle kome. Men no er kiosken nedlagd, berre venteromet att.

Det er ein halv time til ferja skal gå. Berre å opne døra til venteromet, setje seg til å vente der inne. Ned med dørhandtaket, men så bom. Døra let seg ikkje opne. Ho er låst! Det er ikkje mogleg å kome seg inn i venteromet.

Ute regnar det, og ein står der, som ein middels hovlandfigur, og innser at både kiosken og venteromet er stengde, og det einaste ein har å gjere, er å stå ute og vente.

01 september 2007

Brunsniglar

Då vi flytta til huset, var eg ofte ute om kveldane og plukkar brunsniglar frå hagen. Eg hadde ein nulltoleransepolitikk. Brunsniglane skulle utryddast. Opp i ei bytte med litt vatn og mykje salt. Så kreperte dei med ein gong. Men no har eg vorte slappare. Er sjeldan ute og plukkar brunsniglar no. Har liksom mist interessa.

28 august 2007

Latvisk parkering

Eg konstaterer at dersom bileigarar frå Latvia ser sjansen til å parkere feil, så gjer dei det.

24 august 2007

Ille studium og studiar


Gamle, gode Nordisk institutt eksisterer ikkje lenger. Det er ein del av "Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium". Og om dette namnet kan det seiast ein del. Som at det er forferdeleg – og forferdeleg langt. "Hei, eg arbeider/er student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium." Neppe noko godt sjekketriks. Dermed kjem ei forkorting inn, og den er "LLE". I byrjinga kom der rett nok eit e-brev frå ein komite om at forkortinga var "ILLE". Men den gjekk visst ikkje. I byrjinga heitte elles instituttet "Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier", altså "studier". Så kontakta eg ein fyr på HF og sa at når ein presenterte dette på nynorsk, måtte det verte "studiar". Såleis har ein teke i bruk "studium" i staden. Som kjent kan ein bruke den forma både på nynorsk og bokmål, men på ulik måte: I nynorsk kan den brukast i ubunden form både i eintal og fleirtal ("eit studium" og "fleire studium"), medan den i bokmål berre kan brukast i eintalsform ("et studium" og "flere studier"). Dersom ein les instituttnamnet på bokmål, vert det såleis tale om eitt studium av lingvistikk, litteratur og estetikk, men då kan ein ikkje ha fleirtalsformene "lingvistiske, litterære og estetiske". Såleis er instituttnamnet eigentleg berre mogleg å ha på nynorsk. Og då kunne ein kanskje hatt forma "studiar" då.

Eg går elles ut frå at den vakne lesaren oppfattar skilnaden på "eit studium" og "ein studie" på same måten som eg gjer det.

16 august 2007

Godt intervju med prinsessa


Synsarar har rakka ned på NRK fordi kanalen fungerte som "mikrofonstativ" for prinsesse Märtha Louise. Eg vil seie at det var eit godt intervju. Dramaturgien i intervjuet var som ein munnleg eksamen og som eit sosiolingvistisk intervju: Informanten byrjar nølande, snakkar relativt usamanhengande, og så hjelper intervjuaren informanten til å kome med spontane ytringar om det ho er oppteken av, det ho trur på, og då får vi fram mykje interessant. Intervjuet vil passe ypparleg til å analysere ein samtale generelt. Vi unngjekk det teite opplegget med ein brølape-journalist (av typen Steinfeld) som avbryt informanten for å seie at det du no seier er teitt. Og vi unngjekk at Kyrre Nakkin skulle kome etterpå for å seie kva prinsessa hadde sagt. Naturlegvis er det urimeleg av prinsessa å jamføre seg sjølv med Tore Tønne, naturlegvis ville ikkje ho ha brunne på bålet, og hennar tankar om "energiar" verkar ganske ureflekterte. Men utan denne intervjuforma, ville slike ytringar aldri ha kome fram. At så Trygve Hegnar meiner prinsessa driv kvakksalveri, er ganske uinteressant, for kva er vel meir kvakksalveri enn hans ekstremliberalisme? Burde ikkje NHH og BI fått påpakning i så måte? Det prinsessa nok treng, er råd og rettleiing frå ekspertar i nyreligiøsitet, for å gjere teoriane sine meir samansette. Ho burde heller ha gått på skule, i staden for å starte ein skule.

10 august 2007

Joika-kaker

Ein går på Hardangervidda ein heil dag, og kjem så til ei hytte der ein finn losji. Så skal ein lage middag. Det må verte boksmat med potetmos. Og kva er vel betre då enn Joika-kaker? Problemet er berre at sambuaren ikkje et Joika-kaker. Ikkje et ho makrell, ikkje et ho lever og ikkje et ho Joika-kaker. Men det verste denne gongen var at DNT-hytta på Stavali faktisk ikkje hadde Joika-kaker. Dei hadde bokser med brun lapskaus, lys lapskaus, trøndersodd og vanleg sodd pluss ei spagettigryte. Men ingen Joika-kaker. Eg må seie at denne utviklinga likar eg ikkje.

02 august 2007

Filmstjerne frå Tjelta undrar seg over språket

På Statoil-stasjonen på Tjelta er der ei ledig stilling, les vi på plakaten. Naturlegvis er det visse skrivemåtar som vekkjer interesse. Vi stoppar. Fyller litt bensin, for å ha alibiet i orden, går så inn i bensinbua. Sjekkar om det kan vere innvandrarar som driv stasjonen, det er det tydelegvis ikkje. Visstnok ein lokal storleik som har sett opp plakaten. Igjen er det den språklege framandgjeringa hos altfor mange rogalendingar som kjem fram. Ein stoppar aldri å undre seg over at ikkje Rogaland er 100 prosent nynorsk. Dei har jo denne seige, arkaiske dialekten (som gir menn eit omstendeleg, men samtidig slagferdig preg, gir kvinner eit sterkt erotisk preg). Og reiselivet legg vekt på alle desse greiene med "identitet". Og så driv dei og marknadsfører seg på bokmål. Eit mysterium. Eg skjønar det ikkje. Det gjer tydelegvis ikkje filmstjerner frå Tjelta heller, i alle fall ser det ut som ho undrar seg ein del.

28 juli 2007

Ungkarar

Etter slike draumar var det på tide å reise vekk. Fyrst til Stavanger. Leseforskaren vi budde hos, tok oss med til Preikestolen og nærområdet på Ullandhaug. Ein kveld på Cementen vart det òg. Eg noterte at ei ung lyshåra dame frå HF-miljøet sat der inne på Cementen, ho var tydelegvis frå Stavanger, det høyrde eg frå bardisken ("om eg kan få ei øl"). Rart det med folk ein ser, men ikkje kjenner, skal ein ta kontakt når ein er på ein framand stad? Kva om vi no sat på Hard Rock Cafe i Kuala Lumpur, skulle eller ville eg då ha gått bort og sagt "hei" til vedkomande? Kanskje, kanskje ikkje. Uansett var dette ikkje Kuala Lumpur, dette var Stavanger, berre kort veg frå Bergen. Eg var ikkje full, eg var ikkje på sjekkaren, naturleg nok, og eg hadde eit framifrå sosialt selskap. Men for andre individ, t.d. heterofile ungkarar, ville problemstillinga ta kontakt vs. ikkje ta kontakt vere relevant. Men sannsynlegvis ville dei ikkje ta kontakt i alle tilfelle, heller ikkje i Kuala Lumpur. Kanskje like greitt, nokon må no vere ungkarar òg.

Deretter med bil til Jæren. Opnare himmel, kornåkrar, kyr, hestar, lange strender.

19 juli 2007

Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi

Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.

13 juli 2007

Lumbago

Lenge sidan det har skjedd noko på denne sida. Ikkje noko gale i det. Det er så mykje mas og kav i verda. Kan vere greitt å roe litt ned. Eit moment er vel òg at ein har vore ute på reise, fyrst og fremst til Sunnmøre. Fjellturar, øyturar, familie, bading, Førde-festival og bilkøyring. Tilbake til Bergen måndagen. På tysdagen skjedde det så. Ein vaskar bilen, bøyer seg fram, og pang, så er han der: lumbagoen. Og det var ikkje tidlegare medlemer av nyveivbandet Lumbago (som nokre av lesarane kanskje hugsar frå 1980-talet) eg no referer til. Det var hekskotslumbagoen.

Lumbago er ei påminning om at når ein har blitt 40, handlar det stort sett om å halde det kroppslege forfallet i sjakk.

Elles har røynsla av å vere funksjonshemma vore interessant. Det er diverre slutt på den tida då ein meinte at beste kuren mot ryggplager var å liggje heilt i ro. Men imellom all fornuftig gåing og utstrekking og husarbeid, har det vore råd å lese litt i ein biografi om Mao.

19 juni 2007

Lure trapper, barnslege namn

Example
Nokre dagar i Estland gav grunnlag for visse generaliseringar. Til dømes at esterane kan det å lage lure trapper. Denne trappa opp til eit tårn i Hapsalu er ikkje så verst. Skulle gjerne hatt ei slik ned til kjellaren. Som kjent sklei eg ned trappa heime tidlegare i vår og braut handa.
Example
Meir barnslege er gatenamna. Dette fann vi i kvar einaste by.

15 juni 2007

Gustav Indrebø er attende

Example
Etter intens etterforsking, bruk av milde trugsmål og appellering til allmenn dødsangst er det grunn til å feire. Biletet av Gustav Indrebø er kome på plass att! Det heng no på veggen i korridoren der det har hange i fleire tiår.

Der har vore mange spekulasjonar på kven som kan ha ført bort Indrebø-biletet, og kva som kan ha vore motivet for bortføringa. Kunne det ha vore målpolitisk motivert? Namneteoretisk motivert? Språkhistorisk motivert? Faghistorisk motivert? Ein protest mot at Nordisk institutt skal nedleggjast og verte ein del av instituttet ILLE (Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar)? Kunne det vere tale om postmoderne hedonistar? Her kjem nok det erotiske elementet inn; Indrebø var jo ein pen mann. Eller har det heile vore eit kunstprosjekt, eit kunst-stønt?

Som ein ser på fotografiet, har tjuvlånarane festa til ei snakkeboble: "Takk for sist!" Det er neppe 1942 ein refererer til her, jamvel om det har vore nemnt.

Interesserte kan studere biletet der det no heng. No skal det sjekkast om det er tale om ei forfalsking.

14 juni 2007

Akademisk kriminalitet

Mykje tyder på at det er hedonistar som har stole biletet av Gustav Indrebø frå korridorveggen på Nordisk institutt. Meir om det kan ein lese her.

Tarveleg kriminalitet er òg noko som har råka gamle statsminister Mowinckel. Frå brevsamlinga hans på 20 000 brev, som er godt nedpakka i arkivet ved Universitetsbiblioteket i Bergen, er frimerka stolne, visstnok av ein filatelist som tidlegare var tilsett ved UB, men som no er både pensjonert og daud. Tydelegvis har dette ikkje vore oppdaga, av di ingen andre enn filatelisten har brydd seg om desse breva, men dårleg gjort er det i alle fall. Filatelisten har visstnok seld frimerka, for å reise på sydenturar eller liknande.

Dette med tjuveri frå spesialsamlingar ved bibliotek er merkeleg, for det viser seg at det ofte er tilsette i høge stillingar, folk ein skulle tru hadde hugnad for bøkene, som står for tjuveriet. Liknande hendingar har vi frå Det Kongelige Bibliotek i København og Kungliga Biblioteket i Stockholm, likeins frå Bibliothèque Nationale i Paris. Og det er ikkje berre tale om at ein kjenner eit særleg eigedomstilhøve til bøkene, slik sjefsbibliotekaren i Umberto Ecos "Il nome della rosa" gjer det. Det er òg tale om å selje vidare, for å tene pengar på bøkene. I København har 1565 eineståande verk kome til rette frå ein som kjende eit personleg eigedomstilhøve til bøkene. I Stockholm enda det meir dramatisk for boktjuven. Han gjorde harakiri ved å sprengje seg sjølv inne i leilegheita si, etter at han hadde vorte oppdaga, og hadde tilstått overfor politiet å ha kjøpt og seld sjeldne bøker frå spesialsamlingane som han var sjef for.

Vi får tru at dei som står bak Indrebø-tjuveriet no tek til vitet, og heng biletet opp att der det var. Viss det ikkje skjer, så har vi sjølvsagt våre framgangsmåtar.

12 juni 2007

Estland

Nett heimkomen frå Estland. Fyrst til Tallinn, så til Tartu og ein seminardag ved Skandinavistika. Deretter på bussen i Estland, med faglege stopp i Setomaa og den estlandssvenske vestkyste. Programmet for alt dette finst her.

Ein fekk lære mykje om setoane og Võru-målet, og då høyrde eit møte med seto-kongen til, det same gjorde synging frå Kala Maria og andre damer. Nemnast må òg estisksvensk og estisksvenskane (som i dag er avgrensa til ein syklubb i Hapsalu) og så om latgalisk (eller livisk som ein vil), det siste fortalt av Snorre K. Svensson, norsklektor i Riga. I tillegg har det vore kulturelle og sosiale aktivitetar, bl.a. med færøysk kjededans og engelsk dans. Siste dagen i Tallinn gav han som har vore tolk heile tida, averøyingen Øyvind Rangøy, ei interessant omvising for meg og to færøyingar.

Det var varmt i Estland; det verste er at det samtidig var varmt i Bergen.

31 mai 2007

Farvel 30-talet

Livet er sett saman av dagar, og etter kvart som dagane går, vert eit menneske eldre. Om nokre minutt går den delen av livssoga som høyrer til 30-talet slutt for den som skriv dette. På denne siste dagen i denne livsbolken har ein fått med seg Brecht-stykket "Die Massnahme" på Teatergarasjen, deretter har ein drukke øl på Verftet, og sett den raude sola gått ned i vest, før ein så har sykla heim. I morgon skjer altså overgangen. Eit nytt tiår tek til, og det skal sjølvsagt markerast.

15 mai 2007

Stigmatiserande ord og intimitetstyranni

Vart nett intervjua av ein journalist frå Kulturnytt om stigmatiserande ord. Eg sa mykje fornuftig om fenomenet sånn generelt, men fekk meg ikkje til å seie kva som var det mest stigmatiserande ordet. Ho viste til "eskimo", "mongoloid" og "dverg", men hadde eg ikkje noko meir stigmatiserande? Nei, eg hadde ikkje det, fordi ho ville at EG skulle seie kva EG meinte var mest stigmatiserande. Det ville eg ikkje. Kvifor verte tvungen til heile tida å utlevere seg sjølv? Kvifor heile tida tilpassse seg intimitetstyranniet? Sjølv snakkar eg helst generelt, ikkje personleg, om eit fenomen. Mine personlege meiningar er til liks med andre sine meiningar stort sett uinteressante, og i den grad dei er interessante er det ikkje som meiningar, men som noko heilt anna, t.d. fornuft.

14 mai 2007

Kyrasleik

Eg var og klipte meg i dag tidleg. Frisøren kommenterte igjen kvervelen framme i panne. - Den er kva ein heime på Voss kallar ein god gamaldags kyrasleik, sa ho. Ja, ja, eg skjøna vel kva ho meinte, men kva var eigentleg etymologien til "kyrasleik"? Det funderte eg på der eg sat i frisørstolen, under eit blått laken. Attende i hola slo eg opp i band 6 av "Norsk ordbok". Litt ulike bruksmåtar - vasskjemma hår, hårlaus tjafs, måne etc. Men her var det tale om ein kvervel, og då var etymologien klar: "område på kuskinnet der kua har sleikt seg, såleis at håra ligg ein annan veg enn vanleg". Ja, i "Norsk ordbok" stod det heile rett nok under "kusleik", men ein del av oss held no på dei gamle norrøne formene: "ei kyr", "fleire kyr" og "kyrasleik". Det viktigaste var i alle tilfelle å få vite etymologisk korleis ein såg ut i panna.

11 mai 2007

Sadistisk feminisme

Example
Bladet Målmannen har kome ut med nytt nummer. Ser keisamt ut, med eitt unntak: Ein god, gamal målmann har skrive om "Sadistisk feminisme". Men den artikkelen står ikkje på veven. Merkeleg. Kva i alle dagar er det vedkomande har vorte utsett for?