28 juli 2007

Ungkarar

Etter slike draumar var det på tide å reise vekk. Fyrst til Stavanger. Leseforskaren vi budde hos, tok oss med til Preikestolen og nærområdet på Ullandhaug. Ein kveld på Cementen vart det òg. Eg noterte at ei ung lyshåra dame frå HF-miljøet sat der inne på Cementen, ho var tydelegvis frå Stavanger, det høyrde eg frå bardisken ("om eg kan få ei øl"). Rart det med folk ein ser, men ikkje kjenner, skal ein ta kontakt når ein er på ein framand stad? Kva om vi no sat på Hard Rock Cafe i Kuala Lumpur, skulle eller ville eg då ha gått bort og sagt "hei" til vedkomande? Kanskje, kanskje ikkje. Uansett var dette ikkje Kuala Lumpur, dette var Stavanger, berre kort veg frå Bergen. Eg var ikkje full, eg var ikkje på sjekkaren, naturleg nok, og eg hadde eit framifrå sosialt selskap. Men for andre individ, t.d. heterofile ungkarar, ville problemstillinga ta kontakt vs. ikkje ta kontakt vere relevant. Men sannsynlegvis ville dei ikkje ta kontakt i alle tilfelle, heller ikkje i Kuala Lumpur. Kanskje like greitt, nokon må no vere ungkarar òg.

Deretter med bil til Jæren. Opnare himmel, kornåkrar, kyr, hestar, lange strender.

19 juli 2007

Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi

Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.

13 juli 2007

Lumbago

Lenge sidan det har skjedd noko på denne sida. Ikkje noko gale i det. Det er så mykje mas og kav i verda. Kan vere greitt å roe litt ned. Eit moment er vel òg at ein har vore ute på reise, fyrst og fremst til Sunnmøre. Fjellturar, øyturar, familie, bading, Førde-festival og bilkøyring. Tilbake til Bergen måndagen. På tysdagen skjedde det så. Ein vaskar bilen, bøyer seg fram, og pang, så er han der: lumbagoen. Og det var ikkje tidlegare medlemer av nyveivbandet Lumbago (som nokre av lesarane kanskje hugsar frå 1980-talet) eg no referer til. Det var hekskotslumbagoen.

Lumbago er ei påminning om at når ein har blitt 40, handlar det stort sett om å halde det kroppslege forfallet i sjakk.

Elles har røynsla av å vere funksjonshemma vore interessant. Det er diverre slutt på den tida då ein meinte at beste kuren mot ryggplager var å liggje heilt i ro. Men imellom all fornuftig gåing og utstrekking og husarbeid, har det vore råd å lese litt i ein biografi om Mao.

19 juni 2007

Lure trapper, barnslege namn

Example
Nokre dagar i Estland gav grunnlag for visse generaliseringar. Til dømes at esterane kan det å lage lure trapper. Denne trappa opp til eit tårn i Hapsalu er ikkje så verst. Skulle gjerne hatt ei slik ned til kjellaren. Som kjent sklei eg ned trappa heime tidlegare i vår og braut handa.
Example
Meir barnslege er gatenamna. Dette fann vi i kvar einaste by.

15 juni 2007

Gustav Indrebø er attende

Example
Etter intens etterforsking, bruk av milde trugsmål og appellering til allmenn dødsangst er det grunn til å feire. Biletet av Gustav Indrebø er kome på plass att! Det heng no på veggen i korridoren der det har hange i fleire tiår.

Der har vore mange spekulasjonar på kven som kan ha ført bort Indrebø-biletet, og kva som kan ha vore motivet for bortføringa. Kunne det ha vore målpolitisk motivert? Namneteoretisk motivert? Språkhistorisk motivert? Faghistorisk motivert? Ein protest mot at Nordisk institutt skal nedleggjast og verte ein del av instituttet ILLE (Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar)? Kunne det vere tale om postmoderne hedonistar? Her kjem nok det erotiske elementet inn; Indrebø var jo ein pen mann. Eller har det heile vore eit kunstprosjekt, eit kunst-stønt?

Som ein ser på fotografiet, har tjuvlånarane festa til ei snakkeboble: "Takk for sist!" Det er neppe 1942 ein refererer til her, jamvel om det har vore nemnt.

Interesserte kan studere biletet der det no heng. No skal det sjekkast om det er tale om ei forfalsking.

14 juni 2007

Akademisk kriminalitet

Mykje tyder på at det er hedonistar som har stole biletet av Gustav Indrebø frå korridorveggen på Nordisk institutt. Meir om det kan ein lese her.

Tarveleg kriminalitet er òg noko som har råka gamle statsminister Mowinckel. Frå brevsamlinga hans på 20 000 brev, som er godt nedpakka i arkivet ved Universitetsbiblioteket i Bergen, er frimerka stolne, visstnok av ein filatelist som tidlegare var tilsett ved UB, men som no er både pensjonert og daud. Tydelegvis har dette ikkje vore oppdaga, av di ingen andre enn filatelisten har brydd seg om desse breva, men dårleg gjort er det i alle fall. Filatelisten har visstnok seld frimerka, for å reise på sydenturar eller liknande.

Dette med tjuveri frå spesialsamlingar ved bibliotek er merkeleg, for det viser seg at det ofte er tilsette i høge stillingar, folk ein skulle tru hadde hugnad for bøkene, som står for tjuveriet. Liknande hendingar har vi frå Det Kongelige Bibliotek i København og Kungliga Biblioteket i Stockholm, likeins frå Bibliothèque Nationale i Paris. Og det er ikkje berre tale om at ein kjenner eit særleg eigedomstilhøve til bøkene, slik sjefsbibliotekaren i Umberto Ecos "Il nome della rosa" gjer det. Det er òg tale om å selje vidare, for å tene pengar på bøkene. I København har 1565 eineståande verk kome til rette frå ein som kjende eit personleg eigedomstilhøve til bøkene. I Stockholm enda det meir dramatisk for boktjuven. Han gjorde harakiri ved å sprengje seg sjølv inne i leilegheita si, etter at han hadde vorte oppdaga, og hadde tilstått overfor politiet å ha kjøpt og seld sjeldne bøker frå spesialsamlingane som han var sjef for.

Vi får tru at dei som står bak Indrebø-tjuveriet no tek til vitet, og heng biletet opp att der det var. Viss det ikkje skjer, så har vi sjølvsagt våre framgangsmåtar.

12 juni 2007

Estland

Nett heimkomen frå Estland. Fyrst til Tallinn, så til Tartu og ein seminardag ved Skandinavistika. Deretter på bussen i Estland, med faglege stopp i Setomaa og den estlandssvenske vestkyste. Programmet for alt dette finst her.

Ein fekk lære mykje om setoane og Võru-målet, og då høyrde eit møte med seto-kongen til, det same gjorde synging frå Kala Maria og andre damer. Nemnast må òg estisksvensk og estisksvenskane (som i dag er avgrensa til ein syklubb i Hapsalu) og så om latgalisk (eller livisk som ein vil), det siste fortalt av Snorre K. Svensson, norsklektor i Riga. I tillegg har det vore kulturelle og sosiale aktivitetar, bl.a. med færøysk kjededans og engelsk dans. Siste dagen i Tallinn gav han som har vore tolk heile tida, averøyingen Øyvind Rangøy, ei interessant omvising for meg og to færøyingar.

Det var varmt i Estland; det verste er at det samtidig var varmt i Bergen.

31 mai 2007

Farvel 30-talet

Livet er sett saman av dagar, og etter kvart som dagane går, vert eit menneske eldre. Om nokre minutt går den delen av livssoga som høyrer til 30-talet slutt for den som skriv dette. På denne siste dagen i denne livsbolken har ein fått med seg Brecht-stykket "Die Massnahme" på Teatergarasjen, deretter har ein drukke øl på Verftet, og sett den raude sola gått ned i vest, før ein så har sykla heim. I morgon skjer altså overgangen. Eit nytt tiår tek til, og det skal sjølvsagt markerast.

15 mai 2007

Stigmatiserande ord og intimitetstyranni

Vart nett intervjua av ein journalist frå Kulturnytt om stigmatiserande ord. Eg sa mykje fornuftig om fenomenet sånn generelt, men fekk meg ikkje til å seie kva som var det mest stigmatiserande ordet. Ho viste til "eskimo", "mongoloid" og "dverg", men hadde eg ikkje noko meir stigmatiserande? Nei, eg hadde ikkje det, fordi ho ville at EG skulle seie kva EG meinte var mest stigmatiserande. Det ville eg ikkje. Kvifor verte tvungen til heile tida å utlevere seg sjølv? Kvifor heile tida tilpassse seg intimitetstyranniet? Sjølv snakkar eg helst generelt, ikkje personleg, om eit fenomen. Mine personlege meiningar er til liks med andre sine meiningar stort sett uinteressante, og i den grad dei er interessante er det ikkje som meiningar, men som noko heilt anna, t.d. fornuft.

14 mai 2007

Kyrasleik

Eg var og klipte meg i dag tidleg. Frisøren kommenterte igjen kvervelen framme i panne. - Den er kva ein heime på Voss kallar ein god gamaldags kyrasleik, sa ho. Ja, ja, eg skjøna vel kva ho meinte, men kva var eigentleg etymologien til "kyrasleik"? Det funderte eg på der eg sat i frisørstolen, under eit blått laken. Attende i hola slo eg opp i band 6 av "Norsk ordbok". Litt ulike bruksmåtar - vasskjemma hår, hårlaus tjafs, måne etc. Men her var det tale om ein kvervel, og då var etymologien klar: "område på kuskinnet der kua har sleikt seg, såleis at håra ligg ein annan veg enn vanleg". Ja, i "Norsk ordbok" stod det heile rett nok under "kusleik", men ein del av oss held no på dei gamle norrøne formene: "ei kyr", "fleire kyr" og "kyrasleik". Det viktigaste var i alle tilfelle å få vite etymologisk korleis ein såg ut i panna.

11 mai 2007

Sadistisk feminisme

Example
Bladet Målmannen har kome ut med nytt nummer. Ser keisamt ut, med eitt unntak: Ein god, gamal målmann har skrive om "Sadistisk feminisme". Men den artikkelen står ikkje på veven. Merkeleg. Kva i alle dagar er det vedkomande har vorte utsett for?

Gustav Indrebø forsvunnen

Rett utanfor kontordøra har det stått eit bilete av Gustav Indrebø, men no har det forsvunne. Eg har bede kontorsjefen sende ut etterlysning, så eg får tru at biletet kjem på plass att. Det har trass alt stått der i over 30 år og bør stå der til eg går av med pensjon om 30 år òg.

03 mai 2007

Flagget

Fyrste mai var omsider komen, og ein gjekk opp på loftet, henta flagget, og bar det ned til flaggstanga som stod stor og stiv og ruvande midt på plenen, som forresten burde ha vore slegen, men ein kan ikkje godt slå plenen på ein fyrste mai. Så var det å få opp flagget. Eit auge i toppen, det festa ein til lina med flaggstikk, ok. Men så var der ei lang snor nede på flagget, korleis festa ein det? Ein vart ståande og fundere, med blikka frå vindauga rundt om. Sambuaren som var med som assistent, vart brått akutt svolten, ho ville døy om ho ikkje fekk i seg noko mat snart, og eg kunne vel å heise eit flagg, var eg ikkje mann? Naturlegvis, her måtte det handlast. Eg festa òg nedre delen sånn nokolunde, slik at flagget tok seg fint ut på lina. Jau, då, og etter ei stund kunne ein setje seg på altanen, framleis nokre timar til toget gjekk, og nyte sola medan ein kika på flagget der på toppen, for det skal vere heilt på toppen av stanga og ikkje litt nedanfor slik naboen har gjort det (sikkert heisa det berre for å ha politiskkorrekt alibi for å stelle i hagen). Den nedste knuten var ikkje heilt etter oppskrifta, men på den andre sida hadde eg inga oppskrift heller. Best som ein sat der på altanen kom det nokre sundagsturgåarar og vart ståande og sjå på flagget. Dei peikte på det. Kva var det? Var det den nedre knuten som ein stod og gjere seg lystelege over? Sett i ettertid kunne det vel mest sannsynleg vere fuglesleppet dei peika på (duegard oppe i lia). Men der og då verka det som om desse peikefingrane var ute etter knuten min. Etter ei stund gjekk dei så, på jakt etter anna dei kunne hovere over, og ein kan berre prise seg lukkeleg for at dei ikkje deltek i rettskrivingsdiskusjonar, og kva er så gale med ukonvensjonelle knutar når flagget vaiar så fint? Og vaie gjorde det til nesten kl. 22, då vi omsider kom oss heim. Det heitest rett nok at flagget skal vere nede til kl. 21. Men når det er sommartid er jo klokka eigentleg 21 når ho er 22.

02 mai 2007

Nynorskbar torsdag

Siste nynorskbar på Cafe Opera vert torsdag 3. mai kl. 19.30. Den som skal lese og snakke er ingen ringare enn Erna Osland.

30 april 2007

Etter eit landsmøte

- Korleis likar du deg i Stjørdalen, då? var det ein som spurde på landsmøtehotellet, seint på laurdagskvelden. Eg måtte vedgå at eg vel ikkje hadde vore utanfor hotellet sidan eg kom dit på fredagen. Ein kunne naturlegvis ha gått til jarnbanestasjonen, Hell station, som amerikanske turistar valfartar til, for å verte tekne bilete av (opptekne som dei er av evig liv og fortaping), eller til den næraste grannen, det tungt sosialrealistiske Hell kjøpesenter. Frå ein altan i åttande etasje ser ein eit flott kulturlandskap, så det er sikkert verdt å sjå seg rundt her, sjølv om trøndarane har gjort sitt beste for å unngå å skape eit slikt inntrykk nett her. Men ein ville no ikkje gå glipp av noko heller, for ein vil jo vere der målfolk er, og det var inne i hotellet. Likevel har ein tydelegvis gått glipp av noko. For når eg les avisene i dag, eller ser på veven, er tydelegvis halve varalista tungt inne i styret.

På landsmøtet fekk svartkorpsmetall-bandet An10 Boyband stipend, og her kan du lytte på låta "Meininga med livet".

25 april 2007

Lyndon B. Johnson

Målrørsla sin nye strategi er visstnok å tenkje om FrP som Lyndon B. Johnson tenkte om FBI-bossen Edgar J. Hoover: "It's probably better to have him inside the tent pissing out, than outside the tent pissing in." Vel, vel, han om det. Sjølv meiner eg det kan vere verdt å tenkje i høve til ei anna setning frå eks-presidenten: "If two men agree on everything, you may be sure that one of them is doing the thinking."

24 april 2007

100 år med sidemål

Example
(Døme på sidemål.)
Heise flagget i morgon? Ja, kvifor ikkje, det er nemleg tale om ein 100-årsdag. Den 25. april 1907 vedtok Odelstinget, etter eit ordskifte som tok til 23. april, å innføre sidemålet i gymnaset.

22 april 2007

Berlin og postmodernismen

Tilbake i Berlin. Denne gongen på helgatur, som turistar. Det fyrste ein gjorde, etter å ha teke bana frå Schønefeld-flyplassen, var å finne hotellet, dvs. Hotel-Pension Funk i Fasanenstrasse, rett ved Ku´dam. Ikkje så verst val; jugendstil, høgt under taket, flotte raude roser i tapeten som matsjar skjørtet sambuaren skaffa seg. Den danske stumfilstjerna Asta Nielsen budde forresten i husværet i 1931–37, og ein kunne studere bilete av henne i korridoren eller den stilige matstova. Elles er jo ikkje Ku´dam det mest interessante området å vere i når ein ikkje er så kjøpegal. Og når Hedda Gabler på Schaubühne am Lehniner Platz (i Ku´dam) var utseld, kva skulle ein då finne på? Såleis vart Mitte og Prenzlauer Berg meir frekventert. Ein liten tur til Kreuzberg og Dieffenbachstrasse, der ein budde hausten 2005, vart det òg tid til. I Kreuzberg har tida tida stille. Det var som om ein berre var vekke ein times tid og så kom tilbake, for dei same folka var der og gjorde nett det same dei gjorde sist. Hyggeleg nok det, og det var avslappande på utekafe under lauvtre, medan ein las i "Herr Lehmann" (Sven Regener). Men der kom ei snikande kjensle av at oppheldt ein seg her lenger, kom ein til å gå i eitt med det stillegåande. Det var på tide å gå vidare.

I Deutsches Historisches Museum vart to utstillingar vitja: ei om daglegliv i DDR og ei om kunst og propagande i strid mellom statar 1930–45. I den siste utstillinga vart utviklinga i Italia, Tyskland, Sovjetunionen og USA sett opp mot kvarandre. Men desse regima er jo ikkje jamførbare. Roosevelt er ikkje som Stalin, Hitler eller Missolini. "New Deal" gav jo nettopp rom for t.d. mangfald i kulturlivet gjennom å subsidiere kunstnarar. Naturlegvis var der eit propagandaelement i "New Deal", men det vert heilt feil å jamføre det elementet med fascismen. Samtidig gir ei slik utstilling støtte til den ideologiproduksjonen som rår i Bush-USA, nemleg at ideologien om at "New Deal" og velferdspolitikk er lik fascisme. Det illustrerer i sin tur problemet med postmodernistisk historiepedagogikk og postmodernismen generelt.

10 april 2007

Ein dag ekstra

Hastar grytidleg av garde. Plan: Førelesing som ikkje er heilt klar enno, møte i eit utval, tre studentar som skal ha rettleiing. Røyndomen etter påskekrimmen er brutal.

Men i auditoriet er der ingen. Absolutt tomt. Er eg i rett rom? Kanskje det skal vere i Vektergården? tenkjer eg, klok av skade. Har enno fem minutt, spring tilbake til kontoret for å sjekke. Ja, det er rett rom, etter mine planar, men er dei planane rette? Går ein gong til, møter ein student i korridoren. Har ho tenkt å skofte? Eg spør: - Ja, det er i auditorium N? Ho ser spørjande på meg.- Det er jo ikkje førelesing i dag. Jau, onsdag 11, står det på planane. Ho forklarer meg at det er i morgon som er den 11. april. Eg trudde altså det var onsdag i dag, men så er det berre tysdag.

Ein dag ekstra. Ein dag eg trudde var forsvunne i påskedragsuget. Brått er han her, uventa.

04 april 2007

Hytteboka

Gå langsmed vatnet, forbi sel, gjennom myrar, over elvar, opp gjennom knauser. Så er hytta der, blenkjande raud i påskesola. Lufte, hente vatn, fyre i omnen, hogge nokre bjørker, koste. Deretter: gå tur. Om kvelden, etter gryteretten, kan ein lese i hytteboka, om korleis folk har vore her gjennom barndom, ungdom og over i vaksendom. Somme hyttebokskribentar fortel historier, somme har gode formuleringar, slåande der og då, "Bjarte på rette staden", "påskemorgen sluker sorgen", "gjesten må ha vore noko tilmårskomen"; teikningar er der òg. Det slår ein, medan ein høyrer opplesing, og får kommentarar attåt, kor viktig slike hyttebøker er. Kvar gong vi er der, kjem hytteboka fram. Ja, hytteboka fortener ein litterær og sosialantropologisk analyse. Dette skriv eg som tips til gåverik ungdom som enno ikkje har bestemt seg for kva dei vil skrive masteroppgåve om.