30 april 2007

Etter eit landsmøte

- Korleis likar du deg i Stjørdalen, då? var det ein som spurde på landsmøtehotellet, seint på laurdagskvelden. Eg måtte vedgå at eg vel ikkje hadde vore utanfor hotellet sidan eg kom dit på fredagen. Ein kunne naturlegvis ha gått til jarnbanestasjonen, Hell station, som amerikanske turistar valfartar til, for å verte tekne bilete av (opptekne som dei er av evig liv og fortaping), eller til den næraste grannen, det tungt sosialrealistiske Hell kjøpesenter. Frå ein altan i åttande etasje ser ein eit flott kulturlandskap, så det er sikkert verdt å sjå seg rundt her, sjølv om trøndarane har gjort sitt beste for å unngå å skape eit slikt inntrykk nett her. Men ein ville no ikkje gå glipp av noko heller, for ein vil jo vere der målfolk er, og det var inne i hotellet. Likevel har ein tydelegvis gått glipp av noko. For når eg les avisene i dag, eller ser på veven, er tydelegvis halve varalista tungt inne i styret.

På landsmøtet fekk svartkorpsmetall-bandet An10 Boyband stipend, og her kan du lytte på låta "Meininga med livet".

25 april 2007

Lyndon B. Johnson

Målrørsla sin nye strategi er visstnok å tenkje om FrP som Lyndon B. Johnson tenkte om FBI-bossen Edgar J. Hoover: "It's probably better to have him inside the tent pissing out, than outside the tent pissing in." Vel, vel, han om det. Sjølv meiner eg det kan vere verdt å tenkje i høve til ei anna setning frå eks-presidenten: "If two men agree on everything, you may be sure that one of them is doing the thinking."

24 april 2007

100 år med sidemål

Example
(Døme på sidemål.)
Heise flagget i morgon? Ja, kvifor ikkje, det er nemleg tale om ein 100-årsdag. Den 25. april 1907 vedtok Odelstinget, etter eit ordskifte som tok til 23. april, å innføre sidemålet i gymnaset.

22 april 2007

Berlin og postmodernismen

Tilbake i Berlin. Denne gongen på helgatur, som turistar. Det fyrste ein gjorde, etter å ha teke bana frå Schønefeld-flyplassen, var å finne hotellet, dvs. Hotel-Pension Funk i Fasanenstrasse, rett ved Ku´dam. Ikkje så verst val; jugendstil, høgt under taket, flotte raude roser i tapeten som matsjar skjørtet sambuaren skaffa seg. Den danske stumfilstjerna Asta Nielsen budde forresten i husværet i 1931–37, og ein kunne studere bilete av henne i korridoren eller den stilige matstova. Elles er jo ikkje Ku´dam det mest interessante området å vere i når ein ikkje er så kjøpegal. Og når Hedda Gabler på Schaubühne am Lehniner Platz (i Ku´dam) var utseld, kva skulle ein då finne på? Såleis vart Mitte og Prenzlauer Berg meir frekventert. Ein liten tur til Kreuzberg og Dieffenbachstrasse, der ein budde hausten 2005, vart det òg tid til. I Kreuzberg har tida tida stille. Det var som om ein berre var vekke ein times tid og så kom tilbake, for dei same folka var der og gjorde nett det same dei gjorde sist. Hyggeleg nok det, og det var avslappande på utekafe under lauvtre, medan ein las i "Herr Lehmann" (Sven Regener). Men der kom ei snikande kjensle av at oppheldt ein seg her lenger, kom ein til å gå i eitt med det stillegåande. Det var på tide å gå vidare.

I Deutsches Historisches Museum vart to utstillingar vitja: ei om daglegliv i DDR og ei om kunst og propagande i strid mellom statar 1930–45. I den siste utstillinga vart utviklinga i Italia, Tyskland, Sovjetunionen og USA sett opp mot kvarandre. Men desse regima er jo ikkje jamførbare. Roosevelt er ikkje som Stalin, Hitler eller Missolini. "New Deal" gav jo nettopp rom for t.d. mangfald i kulturlivet gjennom å subsidiere kunstnarar. Naturlegvis var der eit propagandaelement i "New Deal", men det vert heilt feil å jamføre det elementet med fascismen. Samtidig gir ei slik utstilling støtte til den ideologiproduksjonen som rår i Bush-USA, nemleg at ideologien om at "New Deal" og velferdspolitikk er lik fascisme. Det illustrerer i sin tur problemet med postmodernistisk historiepedagogikk og postmodernismen generelt.

10 april 2007

Ein dag ekstra

Hastar grytidleg av garde. Plan: Førelesing som ikkje er heilt klar enno, møte i eit utval, tre studentar som skal ha rettleiing. Røyndomen etter påskekrimmen er brutal.

Men i auditoriet er der ingen. Absolutt tomt. Er eg i rett rom? Kanskje det skal vere i Vektergården? tenkjer eg, klok av skade. Har enno fem minutt, spring tilbake til kontoret for å sjekke. Ja, det er rett rom, etter mine planar, men er dei planane rette? Går ein gong til, møter ein student i korridoren. Har ho tenkt å skofte? Eg spør: - Ja, det er i auditorium N? Ho ser spørjande på meg.- Det er jo ikkje førelesing i dag. Jau, onsdag 11, står det på planane. Ho forklarer meg at det er i morgon som er den 11. april. Eg trudde altså det var onsdag i dag, men så er det berre tysdag.

Ein dag ekstra. Ein dag eg trudde var forsvunne i påskedragsuget. Brått er han her, uventa.

04 april 2007

Hytteboka

Gå langsmed vatnet, forbi sel, gjennom myrar, over elvar, opp gjennom knauser. Så er hytta der, blenkjande raud i påskesola. Lufte, hente vatn, fyre i omnen, hogge nokre bjørker, koste. Deretter: gå tur. Om kvelden, etter gryteretten, kan ein lese i hytteboka, om korleis folk har vore her gjennom barndom, ungdom og over i vaksendom. Somme hyttebokskribentar fortel historier, somme har gode formuleringar, slåande der og då, "Bjarte på rette staden", "påskemorgen sluker sorgen", "gjesten må ha vore noko tilmårskomen"; teikningar er der òg. Det slår ein, medan ein høyrer opplesing, og får kommentarar attåt, kor viktig slike hyttebøker er. Kvar gong vi er der, kjem hytteboka fram. Ja, hytteboka fortener ein litterær og sosialantropologisk analyse. Dette skriv eg som tips til gåverik ungdom som enno ikkje har bestemt seg for kva dei vil skrive masteroppgåve om.

21 mars 2007

Vårjamdøger

Våren i Bergen kjem med ein smell, like uventa kvar gong. Og i dag er det ikkje berre strålande sol, det er òg vårjamdøger. Det som kjenneteiknar vårjamdøger er at dag og natt er like lange. Deretter vert dagen lengre enn natta, heilt til det snur igjen.

18 mars 2007

Sprit og nynorsk

I Klassekampen 17. mars fortel tidlegare Unge Høgre-leiar Nikolai Astrup om det å vere Unge Høgre-leiar: "På den ene siden må du kunne snakke om sprit og nynorsk, og på den andre siden reise ideologiske debatter." Og ein noterer seg at Unge Høgre, tydeleg påverka av smuglarspriten sin, no har sett i gang nok ein håplaus antinynorsk-kampanje, leidd av dagens leiar Torbjørn Røe Isaksen. Det mest gledelege er at ein ikkje ein gong har klart å stave kampanjeslagordet rett ("mer en nok").

10 mars 2007

Kastrert katt

Example
I vårt feminiserte samfunn vert naturlege drifter hos hannvesen sedde på som ekle. Så det var ingen veg utanom. I går vart katten kastrert, ni månader gamal. Det ser ut til å gå bra med katten, sjølv han ikkje likar å gå med krage.

08 mars 2007

Den gode skaden

Å ha gips på handa, er som å ha hund, det er særs sosialt. For ingenting er så lett å forhalde seg til som ein synleg fysisk skade. Alle vil stoppe og sjå på og snakke. Kva skjedde? Gjer det vondt? Eg fortel i detalj om turen ned trappa, om lasset med ved som eg hadde i handa, om trinna som var for glatte og korte, om at eg glei ned, heldt på å falle bakover, men klarte på mystisk vis å vri meg slik at eg for framover i staden. Ja, at eg faktisk var heldig som ikkje datt bakover og trefte trappa med skallen eller med ryggen. Og eg fortel om veker med knallhardt press for å skrive NFR-søknad med venstrehanda, og eg får alle moglege synestsyndpå-erklæringar, i tillegg dei humoristiske kommentarane om venstrehandsarbeid.

Så kjem dagen då gipsen skal vekk. Inn i røntgenavdelinga, ei streng dame kjem med saksa, så røntgenbilete, deretter inn og vaske handa. Etter ei stund kjem lækjaren. Eg får vite at dette gror rette vegen. Handa er nok ikkje heilt i orden enno, men hadde eg gipsa fingrane lenger, ville det ha teke lang tid å få dei til å røre på seg, får eg vite. - Du får gå varsamt fram, vente ein månads tid før du går rundt på byen og slår ned folk. Lækjaren har med seg to studentar, og dei granskar med interesse den stakkars handa. Vert deretter sendt inn til ei fysioterapidame som lærer meg bøyøvingar. Medan eg ventar på henne, sit eg og les i eit Bonytt frå 1992; sterke fargar, luta furu, klumpete møblar. Etterpå går eg vegen heim. Stikk innom Mega og kjøper skrei til middag, står i kø i lag med pensjonistane som òg er ute på denne tida. Dei er tydelegvis lukkeleg uvitande om den storhendinga det er at gipsen er fjerna på handa mi. Og på arbeid dagen etter er livet med hund over. Interessa for ei hand utan gips er ikkje like stor som interessa for ei hand med gips.

Å bli sett

Det seinmoderne mennesket har den veikskapen at det heile tida må verte sett. I den samanhengen kom eg på nok ein artikkel om hipphopp.

12 februar 2007

Litt metakarpsnakk

Laurdag ettermiddag, arbeidt heile dagen i huset, så ned i kjellaren med ei famn ved, men trappetrinnet er for kort, og ein flyg nedover, må ta seg føre med handa, knea og skallen. Noko smerte, mest i handa, men det går vel over? Ventar eit par dagar, lang sundagstur, hevinga går vel òg over? Men nei. Til legevakta på måndagen. Ventar i to-tre timar. Brot i "annen metakarp". - Du må gipsast, og ha gips på i tre-fire veker. Akk, ja. Sit no med høgrehanda i gips, og byrjar alt å få seneproblem i venstre. Så til ungdomen vil eg seie: Øv opp båe hender til å verte like gode, så er du godt rusta når du må gipsast.

06 februar 2007

Samisk nasjonaldag

Example
I dag er det den samiske nasjonaldagen. Vi gratulerer.

05 februar 2007

Rapp på rogalandsk

Eg refererte til nokon frå Bergen som sa at rapp på rogalandsk ikkje passa. Ein lyttar har så vist til rappbandet "Skolekorps" frå Sandnes. Og ja, sjølvsagt funkar rogalandsk. Men nettopp "Skolekorps" må vere av dei mest vulgære og pubertale i sjangeren, og det seier litt. Her er dei på NRK "Urørt". Interessante frolandliknande diftongar i "Furore", men mest lågvulgaritetar, t.d. er "Simsalabim" ufjelg.

Kjeng

Direkte på radio i dag, i Språkteigen, for å snakke om rappspråket. Hyggeleg, det, og alt gjekk vel greitt, jamvel om eg kom til å seie ein feil. Denne bloggsida vil like fullt dvele ved nettopp feil og marginalitetar, for det er det purisme handlar om.

Fyrst til to e-brev om eit ord eg brukte i ei bisetning, ordet "kjeng". Ordet førekjem i ei Side Brok-låt som handlar om tøffe karar som skyt med kjeng.

Innsendar A skriv:
"Innslaget gav meg barndomsminne og førte til eit lite spørsmål om ein detalj: Er det sikkert at tjeng (eller kjeng?) er sprettert? Då eg vaks opp i Sør-Trøndelag, var eg av og til med far min og reparerte eller laga nettinggjerde, "sett opp nettingutgard" som vi kalla det. Krampen som vi festa nettingen til stolpane med, kalla vi "kjeng". Det kunne vel og henda at einkvan brukte kjeng som prosjektil på spretterten. Men at kjeng er det sama som sprettert, høyrest litt merkeleg for meg. Eg tenkjer at det er parallelt med å skyta erter, ein må ha røyr for å få fart på ertene, og ein må ha sprettert for å få fart på kjengen. Det kan sjølvsagt tenkjast at ungar i Side Brok sitt område etter kvart har utvida tydinga av kjeng til å omfatta heile våpenet. Kva trur du?"

Innsendar B skriv:
"Ein biting: Du kalla spretterten for 'kjeng' på sunnmørsk. Det må vel da vere ei vidareutvikling frå ordet for det ein skaut med. 'Kjeng' betyr krampe, eller den bukta spikaren med spiss i begge endane. Denne kjengen brukte vi når vi skaut med sprettert heime i min barndom. Heilt grufullt å tenke på kor farleg dette våpenet var!"

Min kommentar:
Gode og interessante innspel. Poenget mitt var vel likevel ein tekst der Side Brok rappar om å skyte med "kjeng" (låta "Sjarmør" der det heiter "me går i gjeng og me skyte med tsjeng"). For å gjere alt enkelt forklarte eg at å skyte med "kjeng" er sunnmørsk for å skyte med ‘sprettert’ . Det er naturlegvis for enkelt, men det er ikkje heilt feil. Litt forklaring: På møbelbygder på Sunnmøre er "kjeng" òg det same som ‘stift’. Å stifte ein stol er "å kjenge ein stol". Vi kan då tenkje oss fleire moglege grunnar til at "kjeng" også vart brukt om sprettert, slik det vart gjort av slike som meg i barndomen. (Har sjekka opp med eit par informantar.) Den førebelse teorien: I møbelbygdene var og er det ganske god tilgang på kjengar, og rakkarar, dvs. dei som var nokre år eldre enn meg, skaut så med desse kjengane. (Eg gjorde naturlegvis ikkje det.) Å skyte sprettert med kjeng vart så til uttrykket "å skyte med kjeng". For slike som meg vart dermed det å skyte med sprettert kalla å skyte med kjeng, pga. den bakgrunnen. Det er mogleg at tydinga var ganske lokalt og/eller generasjonsavhengig. Det viktige var likevel forklaring i høve til teksten som jo er lokal og generasjonsavhengig. Dette er samtidig noko å gå vidare på.

Så til tabba. Fekk spørsmål om namnet "Side Brok". Etter å ha snakka om "sid" og "sagging", sa eg så at "brok" var ‘bukse", og at ordet frå kjem frå nederlandsk. Dette er sjølvsagt feil. Ordet "bukse" kjem frå nedertysk, medan "brok" er fellesgermansk, jf. norrønt "brók". Derimot har det fellesgermanske "brok" tapt status som "normalform" i norsk, medan det har overlevd i norske dialektar pluss altså i nederlandsk der det er "normalforma". Dette visste eg naturlegvis frå før av, i alle fall burde eg ha gjort det, for eg har til og med snakka om ordet i undervisning. Det har alt kome eit e-brev som påpeikar dette med "brók", og eg ser føre meg eit syrleg innlegg i Dag og Tid.

01 februar 2007

Fagleg-pedagogisk dag

I morgon er det "Fagleg-pedagogisk dag" ved UiB. Ein av føredragshaldarane er vorten intervjua om innlegget han skal ha (om hipphopp). Intervjuet kan du lese her.

29 januar 2007

Samlaget og språksmaken

Sjølvsagt har Bjørn Kvalsvik Nicolaysen rett når han går ut mot Samlaget si manglande satsing på klassikarar. Samstundes har ein Klassekamp-journalist drive og ringt rundt om måten Samlaget normerer nynorsken på. Og for å vere ærleg: Den siste saka er eigentleg mest interessant.

Fyrst pliktløpet: D
et er naturlegvis ikkje slik at det er rettskrivinga som avgjer om nynorsken skal ha framgang eller ikkje, og eg er heller ingen arkaiserande mørkemann, og er heller ikkje imot at Samlaget får statsstøtte. Så eg vil ikkje gå inn i nokon allmenn populistisk kampanje mot Samlaget, for nynorsken treng eit sterkt forlag som kan tenkje strategisk på mange område.

Likevel: Kvifor skal Samlaget i lærebøkene sine bruke ein nynorsknormal der ein som oftast legg seg mest mogleg mot bokmålet? Ved jamstelte lærebokformer vel Samlaget helst former som "komme" i staden for "koma", "først" i staden for "fyrst" og "skole" i staden for "skule".

Motspørsmål: Vel, kvifor skal ein ikkje kunne gjere det?

Svar: Det er ein prinsipiell skilnad mellom lærebokspråket og det skjønnlitterære språket. I lærebøkene er det "normalen" som skal råde, og på bakgrunn av den pressa situasjonen nynorsken er i og på bakgrunn av manglande rettskrivingstame hos ny norskelevane, er det ikkje rett å gå mest mogleg nær bokmålet i lærebøkene. I skjønnlitteraturen må det vere fritt fram, det er noko anna. Lærebøkene kjem i ei særstilling.

Underbygging: For eit par veker sidan, i ein Jack og Jones-butikk av alle plassar, trefte eg ei som driv
og omset lærebøker frå bokmål til nynorsk, og ho får melding frå forlagsdama i Oslo om at dei skal bruke slike former som Samlaget bruker. Dette minner meg om det nokon i Utdanningsavdelinga ved UiB sa då ein god kjenning av meg omsette studiekatalogen til nynorsk, og brukte a-infinitiv, - det var for "ekstremt". Poenget er altså at Samlaget har stor påverknadskraft i nynorsknormeringa også overfor andre forlag, som alle er plasserte i Oslo. Det skaper ein normeringssirkel der ein tilpassar nynorsken til det ein trur er språksmaken til folk i Oslo som eigentleg ikkje likar nynorsk.

24 januar 2007

Snø

Av og til hender det at snøen fell, og at han fell stille. Det skjer sjeldan i Bergen, men når det skjer, er det eit lite under. 16-åringane i Dollie laga ei god setning for det: "Nysnøen laver ned, alt hva du kan se, er det hvite teppet over alt." No snør det ikkje, men snøen ligg der, og alt er berre lyst og annleis. Eg går ut og hentar skia, tek dei fram frå lageret under altanen, for i kveld, onsdagskvelden, bør det vere tid for ski, tenkjer eg. Katten spring etter meg, nyfiken, har jo aldri sett snø før desse siste dagane. Eg kastar litt snø på katten, han prøver å fange snøfnugga, jafsar etter dei med labben, eg kastar litt meir snø på han, og han bykser etter. Deretter går eg ut i hagen, kvit plen, kvitt tre, kvitt gjerde. Så går eg inn att, fyrer i omnen, unnlet å svare på telefonen. Ute lysnar det, meir og meir lysnar det, og eg vert ståande ved vindauget og sjå ut.

11 desember 2006

Ikkje breiband

Ganske surt å ikkje få høve til å ha breiband i heimen. Telefonleidninga er for tynn for ADSL, får eg vite frå diverse breibandsleverandørarar. (Telenor gidd ikkje svare på spørsmål eller purringar om slikt, så eg må få vite det av andre.) Har prøvd UiB si antenne for trådlaust nettverk (VPN), frakta den opp og stod og peiva med den i regnveret ute på altanen, men fekk ikkje signal. Så det er sure dagar.

24 november 2006

Eit brev frå Tarjei Vesaas

Eg sit med arkivet til Studentmållaget i Bergen, og der finn eg eit brev frå Tarjei Vesaas. Brevet er stila til Herr Edmund Utne, og er dagsett 23. januar 1964. Det gjeld tydelegvis førespurnad om å kome og seie noko på eit møte i Bergen. Brevet er i original, og lyder slik:

Brev motteke. Akk, må eg seia! Skrinet er så skrapa som det kan bli. Og ikkje har eg tid til å sette meg ned og truge fram noko - og ikkje ville De vera tent med å få noko slikt heller. De får verkeleg orsaka, det er ikkje vond vilje, men det er det at tidene endrar seg for ein skrivar, ideane innfinn seg ikkje, rett og slett. Det var før det -. Då kunne ein rive av seg noko i ein fart. No får de unge studentane ruske dykk opp og debutere i vilden sky, så her kan bli ein ny nynorsk litteratur att.

Med beste helsing
Tarjei Vesaas