28 mars 2006

Trå

Eg les i Klassekampen at Sarah Kane er "aktuell". Eg kjenner berre til "Crave" av henne, men det er i alle fall eit stykke eg likar, og det kan med fordel lesast på ulike språk og sjåast på ulike teaterscener. "Crave" er omsett til nynorsk av Finn Iunker, og den omsetjinga er framifrå (skal ikkje seie noko om Iunkers private nynorskkonsulent). Tittelen kunne derimot ha vore annleis. Den vart "Må". Finn Iunker smatta på "Trå", men forlaget likte ikkje den tittelen. På tysk er tittelen forresten "Gier", og ein kunne òg ha valt "Gir" på norsk (sjå forresten Fløgstads utgreiing om "GIR" i kp. 4 del 1 i "Det 7. klima"). Men "trå" er betre. Det er meir futt over det å trå etter eigedomen og ektemaken åt nesten sin enn det å gire/vere gira på eigedomen og ektemaken åt nesten sin.

Elleve lausrivne sitat frå den norske omsetjinga:
- Eg har feika orgasme før, men dette er første gong eg har feika ikkje å få orgasme.
- Når han er raus, vennleg, omsorgsfull og glad, veit eg at han er utru.
- Det som bind meg til deg er skuld.
- Du er ikkje eit dårleg menneske, du berre tenkjer for mykje.
- Eg såra henne, er ikkje det nok?
- Høyrer du nokon gong stemmer? Berre når dei snakkar til meg.
- Sigarettane drep meg ikkje fort nok.
- Det er som å vente på å håret skal gro.
- Eg drikk ikkje. Eg hatar røyking. Eg er vegetarianar. Eg driv ikkje og køddar. Eg har aldri kjøpt meg hore, og eg har aldri hatt smittsame sjukdomar bortsett frå litt sopp. Dette har nok gjort meg til ein sjeldan fugl, for ikkje å seie eit unikum.
- Eg vil ikkje døy einsam og ikkje bli funnen før skjelettet er reint og leiga gått ut.
- Vi elska, så kasta ho opp.

24 mars 2006

Kryptisk song og spel for galleriet

Folkemusikk-konsert i kveld, fredag 24. mars, kl. 19.30 i Galleri Gathe, Strandgt. 86 (Gågata). Utøvarane: Eirin Røykenes (song), Anne Murstad (song) og Ingvild Kleiveland Vevle (hardingfele). Inngang kr. 80, og dørene opnar kl. 19. Ein får kjøpe både øl og vin, og kan elles sjå på utstillinga av Janine Magelsen og Lise Bjørne. Så her er det berre å kome seg på konsert.

22 mars 2006

Livet i revy

Kvar gong eg slår av og så slår på att PowerBooken min, vert datoane "nulla", dvs. eg endar alltid opp med 1. januar 1970. Spør meg ikkje kvifor. Sender eg då epost får ebrevet sendardato 1. januar 1970. Lite lurt. Når eg så klikkar på tasten for å nå 2006 ser eg alle årstala, 1971, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976, 1977, 1978, 1979, 1980, 1981, 1982 osv. rulle forbi. Og det er nett som livet rullar forbi. Kva skjeddde desse åra? Kva har eg fått gjort på denne tida? Er eg verkeleg så gamal? Slik vert eg sitjande og fundere kvar gong eg slår på Power-Booken.

18 mars 2006

Retorikk utan engasjement

Arbeidarpartiet har laga eit grundig notat for korleis ein skal møte FrP. Notatet kan lesast i Aftenposten, for ein klarte å feilsende notatet til ein FrP-politikar. Eigentleg mykje interessant i notatet. (Minner forresten litt om fraksjonsnotata frå mållagslandsmøtet 1999 [dei vi reine fekk sjå i forfjor].) Problemet er meir at forfattaren, 1. amanuensis Jens E. Kjeldsen, jo gir seg ut for å vere "nøytral retorikkekspert". Kjeldsen driv på den eine sida, ved sida av universitetsstillinga, eit selskap som bl.a. får pengar frå Arbeidarpartiet for å gjere retorikken deira betre. Dinest får han pengar frå aviser for å vurdere t.d. Arbeidarpartiet sin retorikk. I notatet skriv Kjeldsen om korleis Stoltenberg skal få Siv Jensen til å verke sur. Deretter gir han dommar i Aftenposten og BT om ordskifte mellom Stoltenberg og Siv Jensen, og seier der at Jensen verka sur.

Vel så interessant er det Kjeldsen seier til Bergens Tidende i dag: "Eg har ikkje noko politisk engasjement". Vidare: "Eg har berre utført eit oppdrag. Eg har uttala meg om faget mitt." Herrejeremias. Det er fantastisk at ein oppegåande person som uttalar seg om samfunsspørsmål kan fråskrive seg sitt eige ansvar som samfunnsaktør. At han så seier at han jamvel vil ha kurs for Unge Høgre, får meg til å lure. Kjeldsen driv her, til liks med sofistane i si tid, anvendt retorikk (til dei som kan betale). Det er ikkje noko gale med det (jamvel om universitetsfolk ikkje skal drive business). Problemet vert meir mangelen på medvit og sjølvrefleksjon. "Berre eit oppdrag". Som om det ein gjer har ingen politiske implikasjonar. Og kvifor berre fokusere på den forma for retorikk som er instrumentell? På den retorikken som gjer den strategiske handlinga til mønster for talen? Det var nettopp den same fella sofistane gjekk i (og som Platon skriv om i "Gorgias"). Det var retorikk utan engasjement, utan medvit og utan kritisk potensiale.

17 mars 2006

E-søknad

I dag skulle eg sende inn ein prosjektsøknad til eit program i Forskingsrådet, praksisretta FOU i grunnopplæring og lærarutdanning/. Vi er ein gjeng på HF som har kokt i hop noko vi søkjer litt "prosjektutviklingsmidlar" til, det heiter "Strategiar for språkkompetanse", og eg skal stå som leiar. Problemet er at Forskingsrådet berre vil ha elektroniske søknader, e-søknader, og sjølvsagt klussa alt seg rett før 12 då fristen gjekk ut. Vi var ikkje ferdige før, men då byrja alt å gli på plass, klokka var fem på tolv, alt verka greitt, men så kom ikkje søknaden seg av garde. Feilmelding, men inga spesifisering. Og då klokka vart 12, låste alt seg. - Ein tidsfrist er ein tidsfrist, seier systemet. - Etter den slettar eg alt, held systemet fram. Så alt det med budsjett, milepålar, den ti siders prosjektskildringar, dei mange møta gjennom fleire veker – er alt dette forgjeves? Kanskje like godt. Får sjå kva dei seier på måndag. Lagnaden avgjer.

13 mars 2006

Typisk oslosk

Ei lang kor-helg. Omsider sundagskveld, og eg set meg ned og kveikjer fjernsynsapparatet. Jammen santen så er det ikkje "Typisk norsk". Men det er ikkje mykje eg får sjå. Arne Torp på Island får eg med meg. Men når denne Petter-kvikkasen skal kjekke seg med målstriden, vert sambuaren så arg at eg ikkje ser anna råd enn å sløkkje fjernsynet før ho kastar det ut av vindauget.

10 mars 2006

Nynorsk i BA

Torsdagsmorgonen hadde Bergen Målungdom aksjon utanfor redaksjonen til Bergensavisen – for nynorsk i BA. Eit framifrå tiltak! Skriv under her. Ordskifte med heilt uhyrlege utsegner finn du her. Nokre smakebitar:

• "Nynorsk er et facsistisk lavkastesystem for striler og ferdig med den saken."
• "snart skal vel BA trykkes på muslimsk også...eller hva med svensk , ??Mål laget kan vel trykke sin egen avis siden det visstnok skal være så stor intersse.."
• "Det siste vi trenger er en Bergensavis på grautmål. Nynorskfanatikere som søker å nynorskifisere Bergen befinner seg i feil by. Reis til Telemark!!!"
• "Ka i svarte e det folk tenker me???En eller annen tulling som har klart å finne på at vi BERGENSERE skal ha mer nynork må jo vere helt tett i pappen. Vi e jo BERGENSERE... Vi har vår egen dialekt og egen måte å skrive på."
• "Til HELVETE MED IVAR AASEN. Nynorsk skaper forvirring og forurenser språket.La bøndende fortsette å skrive nynorsk, men la det være valgfritt."

For ordens skuld: Eg ser der er fleire gode innlegg for nynorsk òg.

08 mars 2006

Matriarkatet

- Skal vi ikkje gå ein tur? spør den betre halvdelen. - Gå du, svarar eg. For i dag er det tryggast å halde seg innandørs. Som nemnt i 10000000 avisartiklar og 100000 bøker er dagens feministar kåte, og er det noko eg vil unngå, så er det å verte krafsa på når eg går ut. Eg er nok ikkje åleine om det. Det er vorte heilt normalt at kjekke nestenunge menn held seg vekke frå offentlege stader, av di ein vil unngå sexpress.

Noregs Mållag på tysk

I visse miljø diskuterer ein kva Noregs Mållag kan heite på tysk. Aktuelle alternativ så langt:
• Norwegische Sprachgesellschaft
• Gesellschaft für die norwegische Sprache
• Norwegischer Sprachverband
• Norwegischer Sprachverbund
• Norwegische Organsation für Neunorwegisch
• Sprachgesellschaft Norwegens

Eg held ein knapp på "Norwegische Sprachgesellschaft". På engelsk er forresten nemninga Norwegian Language Society.

07 mars 2006

Pengar å tene på blogging

Jill Walker har fått 100 000 kroner frå UiB for blogg-sida si, jill/txt. Ho har nemleg vunne ein formidlingspris frå Meltzerfondet, skriv På Høyden, UiB si vevavis. Ikkje verst! Der er altså pengar å tene på blogging. Det viktigaste er likevel at blogging får status som forskingsformidling. For å gjentake meg sjølv: Ikkje verst! Så er då òg bloggane vår tids "Eige forlag". Eg les elles at Jill Walker er tilsett ved Seksjon for humanistisk informatikk. Det faget som i dag heiter "humanistisk informatikk" heitte forresten tidlegare "EDB for humanistar". Eg hugsar ein gong på 1990-talet, det var nokre realfagsfolk som lo så fælt av det namnet; dei lurte på om det ikkje òg fanst "EDB for kristne". Men slike dårlege vitsar får dei ikkje høve til å kome med i dag.

Stemmegrupper i kor

I eit blandakor er der visse spenningar mellom dei fire hovudstemmegruppene: bass, tenor, alt og sopran. For når ein går inn i ei stemmegruppe, går ein òg inn i visse roller, og desse rollene kan ein lese om her. Det ser kanskje litt teitt ut det som står der, men det er nok korrekt. Det gjeld vel òg det poenget om at sopranane er dåneferdige når dei høyrer tenoren, men likevel endar opp med å fylgje bassen heim. Dei råda ein finn her, kan derimot ikkje tilrådast.

02 mars 2006

Ane Dahl Torp

Example

Filmen "Gymnaslærer Pedersen" burde vel ha heitt "Nina Skåtøy". I alle fall er det ikkje mogleg å lese noko om filmen utan å lese om Ane Dahl Torp. Klassekampen merkar seg ut med å ha bilete av Ane Dahl Torp på framsida stort sett kvar dag. Dei dagane ho ikkje er på framsida, er ho inne i avisa. Ingenting gale i det. Pedersen er ein Serenus Zeitblom-figur som bør få sleppe mediemerksemd (jamvel om han i filmen fyrst og fremst er gjort til ein grabukk). Medan Skåtøy er den eldfulle (fantastsida er mindre kommunisert i filmen), og eldfulle kvinner gjer seg nok betre i media. Det kan diskuterast om den eldfulle sida er overkommunisert i filmen, t.d. i elskovscena (ein vossahistorikar meiner t.d. det i Dag og Tid), men den diskusjonen tek vi ikkje her.

Også denne vevsida tek med eit bilete av Ane Dahl Torp. Det er frå rolla som Nancy Drew i Radioteatret. Kvifor ho skal ha den frisyren og det kostymet for å spele i Radioteatret, er uklårt.

01 mars 2006

Seng og bøker

Det er ikkje for å skryte, men senga brotna.

Det var dei småe pilarane i midtstanga på sengebotnen som brotna. Eg hoppa opp i senga, som eg av og til gjer, og så kom der eit brak og alt rausa ned. Dramatisk var det, og naboane tenkte vel sitt. Men ingen kom til skade, og det viste seg at sengebotnen ikkje vart øydelagd, berre litt benda. Seljaren på Bohus sa i telefonen at slik går det når ein ikkje kjøper seng til 10 000 kr; han føreslo at ein legg bøker under, så held senga. Så etter ei natt på golvet, vart det i går lagt ein del bøker under midtstanga, og så la huslyden seg til for å sove. Det var vel ikkje fritt føre at ein gjorde seg sine tankar om kor vidt bøkene ville gli unna. Og medan ein låg og tenkte på slikt, var natta brått over, ein ny dag hadde kome, og det var på tide å stå opp.

23 februar 2006

Nynorsk f-prat

For nokre dagar sidan skreiv eg litt om kvinnekroppen. Og malapropos så dukka det nett no opp eit ebrev med informasjon om eit møte der ein skal prate om ein kvinneleg kroppsdel. Redaktøren i Syn og Segn skriv:

"Kva ligg i ordet FITTE og kva veit eigentleg kvinner om det dei har mellom beina?

Kan kvinner skrive like utfordrande som menn, uten å verta sett på som «kåte», «erotiske» eller sett i andre tilsvarande trange båser? Er det spekulativt når kvinner nyttar sex i sine tekstar, men ikkje når menn gjer det? Er unge kvinner meir frigjorte seksuelt og er Dagbladet Fredag si sexspalte på fredag eit bevis på det?

VELKOMMEN TIL FITTEPRAT PÅ LOGEN 7. MARS
med forfattarane Olaug Nilsen, Gunnhild Øyehaug, Ragnfrid Trohaug, Gro Jørstad Nlsen, Tormod Haugland, Ellen Mortensen (litteraturvitar), Kristina Johannessen (gynekolog). Musikk: Fanny Holmin og Dj Barabass"

Sjølv interesserer eg meg verken for Dagbladet si sexspalte, Syn og Segn eller kva norske kvinner veit om det dei har mellom beina, og eg skjønar heller ikkje dei småborgarlege greiene om vilje skrive om sex, men har angst for å verte stempla som ‘kåte’. Eg vil oppmode norske kvinner i visse lag og visse aldersgrupper om å halde sine heilt private oppdagingar av sin eigen kropp for seg sjølv. Eller å fokusere på meir sentrale kroppsdelar, t.d. navlen.

21 februar 2006

Kor e tonen

Har omsider byrja i kor – Kor e tonen/.

Verkar bra og hyggeleg. Øving kvar måndag.

17 februar 2006

Kvinnekroppen og skriving

Kvifor har skrivande kvinner det enorme fokuset på kroppen sin? Tenåringsjenter skriv innlevande stilar om anoreksi og motejag, når dei vert midt i tjueåra og midt i tredveåra skriv dei romanar og bloggar om seksuallivet sitt og om ulike kroppsdelar. Eg skjønar ikkje denne interessa. Den er no ein gong der, kroppen. Som Ivar Medaas song: Du skal vera glad for den nasen du har, sjølv om han er både krokut og rar.

Dei som skriv så mykje om kroppen, er jo unge, pene akademiske kvinner frå mellomlaga i samfunnet, og det er fåe som er så kroppsfokuserte (og sjølvsentrerte) som dei (unntaket når det gjeld sjølvsentrering er vel nestenunge akademiske menn + visse 50-60-årige menn i målrørsla, men dei held vi utanfor no). Samtidig trur eg den kroppsfokuseringa og sjølvsentreringa åt dei nemnde kvinnene ikkje berre heng saman med denne sosiologiske gruppa sine eigne frustrasjonar, men òg med skulen. Skulen gir gjennom si skriving systematisk jenter fordelar, av di norsk skrivepedagogikk er så gjennomsyra av det forteljande, det personlege, det autentiske. I alle fall er det mykje interessant å hente ut frå ein del nye systematiseringar omkring skriving i skulen (t.d. frå KAL-prosjektet og frå PISA-undersøkinga). I KAL-prosjektet vert det vist til korleis skriveopplæringa neglisjerer gutane sine interesser, røynsler og verdiar, og oppmuntrer jentene sine. Eg har lufta dette for studentane, men dei viser til at professorane er menn, og at eg ikkje har noko med å snakke om undertrykking av menn i skulen. Dette er noko eg vil kome tilbake til.

09 februar 2006

Eigedomsmekling på nynorsk

Å vere på bustadjakt, er traurige greier – leite på nettet, fare på synfaring, tid, tid, tid, nesten like tidkrevjande som møta på universitetet. Interessant då at det faktisk finst prospekt frå meklarfirma som er på nynorsk. Det er tale om bergenskontoret til Re/Max som har bustadprospekt på nynorsk og der jamvel to av meklarane bruker nynorsk på heimesidene sine. Då eg spurde etter takst på eit husvære, fekk eg forresten ebrev som vart avslutta med "vyrdsamt". Dette er noko heilt anna enn det desse kriminelle dyslektikarane på Notar byr på.

Re/Max er eit internasjonalt konsern, så det er heilt rett av målrørsla med ei internasjonal satsing.

07 februar 2006

Kampen mot dansken

Example
Die westlichen Demokratien sind dekadent, og målfolk er blant dei mest dekadente. Såleis er det folk i heilt andre delar av verda som fører kampen mot dansken.

Men kanskje finst der von. Skal ein tru det den urbane Syn og Segn-redaktøren visstnok har sagt (på fjernsyn) om Hamas i målrørsla, bør der vere grunnlag for nye og interessante alliansar.

06 februar 2006

Saman

Example

Det er samisk nasjonaldag i dag. Vi gratulerer, og nyttar høvet til å vise til Trond Trosterud si vevside om samisk på data.

Farlege måltroll

Det var ei forvitneleg hundreårsmarkering i Kristiania i helga. Slike feiringar får fram mykje god galskap, og ein reiser heim glad og nøgd. Men som Einar Økland med rette seier det, ein bør vere kritisk til slike feiringar, ja, ein bør vere kritisk til alt Mållaget gjer og ikkje gjer. Difor var det litt òg på sin plass med diktet G. Harildstad nett har sendt ut på ei epostliste. Det er tale om ei fri omdikting av "Farleg vind" av Tarjei Vesaas. Omdiktinga er til Mållag Noregs ved hundreårsleitet:

Farlege måltroll

Måltrolla blæs og borar.
Gamle måltroll dansar.
Gamle måltroll knirkar.

Men gamle måltroll blir
nye og farlege
i den unge vind.

= = = =
Originalen

Tarjei Vesaas:

Farleg vind

Vinden blæs og borar.
Gammalt lauv dansar.
Gamle dører knirkar.

Men gamle tankar blir
nye og farlege
i den unge vind.