23 februar 2006

Nynorsk f-prat

For nokre dagar sidan skreiv eg litt om kvinnekroppen. Og malapropos så dukka det nett no opp eit ebrev med informasjon om eit møte der ein skal prate om ein kvinneleg kroppsdel. Redaktøren i Syn og Segn skriv:

"Kva ligg i ordet FITTE og kva veit eigentleg kvinner om det dei har mellom beina?

Kan kvinner skrive like utfordrande som menn, uten å verta sett på som «kåte», «erotiske» eller sett i andre tilsvarande trange båser? Er det spekulativt når kvinner nyttar sex i sine tekstar, men ikkje når menn gjer det? Er unge kvinner meir frigjorte seksuelt og er Dagbladet Fredag si sexspalte på fredag eit bevis på det?

VELKOMMEN TIL FITTEPRAT PÅ LOGEN 7. MARS
med forfattarane Olaug Nilsen, Gunnhild Øyehaug, Ragnfrid Trohaug, Gro Jørstad Nlsen, Tormod Haugland, Ellen Mortensen (litteraturvitar), Kristina Johannessen (gynekolog). Musikk: Fanny Holmin og Dj Barabass"

Sjølv interesserer eg meg verken for Dagbladet si sexspalte, Syn og Segn eller kva norske kvinner veit om det dei har mellom beina, og eg skjønar heller ikkje dei småborgarlege greiene om vilje skrive om sex, men har angst for å verte stempla som ‘kåte’. Eg vil oppmode norske kvinner i visse lag og visse aldersgrupper om å halde sine heilt private oppdagingar av sin eigen kropp for seg sjølv. Eller å fokusere på meir sentrale kroppsdelar, t.d. navlen.

21 februar 2006

Kor e tonen

Har omsider byrja i kor – Kor e tonen/.

Verkar bra og hyggeleg. Øving kvar måndag.

17 februar 2006

Kvinnekroppen og skriving

Kvifor har skrivande kvinner det enorme fokuset på kroppen sin? Tenåringsjenter skriv innlevande stilar om anoreksi og motejag, når dei vert midt i tjueåra og midt i tredveåra skriv dei romanar og bloggar om seksuallivet sitt og om ulike kroppsdelar. Eg skjønar ikkje denne interessa. Den er no ein gong der, kroppen. Som Ivar Medaas song: Du skal vera glad for den nasen du har, sjølv om han er både krokut og rar.

Dei som skriv så mykje om kroppen, er jo unge, pene akademiske kvinner frå mellomlaga i samfunnet, og det er fåe som er så kroppsfokuserte (og sjølvsentrerte) som dei (unntaket når det gjeld sjølvsentrering er vel nestenunge akademiske menn + visse 50-60-årige menn i målrørsla, men dei held vi utanfor no). Samtidig trur eg den kroppsfokuseringa og sjølvsentreringa åt dei nemnde kvinnene ikkje berre heng saman med denne sosiologiske gruppa sine eigne frustrasjonar, men òg med skulen. Skulen gir gjennom si skriving systematisk jenter fordelar, av di norsk skrivepedagogikk er så gjennomsyra av det forteljande, det personlege, det autentiske. I alle fall er det mykje interessant å hente ut frå ein del nye systematiseringar omkring skriving i skulen (t.d. frå KAL-prosjektet og frå PISA-undersøkinga). I KAL-prosjektet vert det vist til korleis skriveopplæringa neglisjerer gutane sine interesser, røynsler og verdiar, og oppmuntrer jentene sine. Eg har lufta dette for studentane, men dei viser til at professorane er menn, og at eg ikkje har noko med å snakke om undertrykking av menn i skulen. Dette er noko eg vil kome tilbake til.

09 februar 2006

Eigedomsmekling på nynorsk

Å vere på bustadjakt, er traurige greier – leite på nettet, fare på synfaring, tid, tid, tid, nesten like tidkrevjande som møta på universitetet. Interessant då at det faktisk finst prospekt frå meklarfirma som er på nynorsk. Det er tale om bergenskontoret til Re/Max som har bustadprospekt på nynorsk og der jamvel to av meklarane bruker nynorsk på heimesidene sine. Då eg spurde etter takst på eit husvære, fekk eg forresten ebrev som vart avslutta med "vyrdsamt". Dette er noko heilt anna enn det desse kriminelle dyslektikarane på Notar byr på.

Re/Max er eit internasjonalt konsern, så det er heilt rett av målrørsla med ei internasjonal satsing.

07 februar 2006

Kampen mot dansken

Example
Die westlichen Demokratien sind dekadent, og målfolk er blant dei mest dekadente. Såleis er det folk i heilt andre delar av verda som fører kampen mot dansken.

Men kanskje finst der von. Skal ein tru det den urbane Syn og Segn-redaktøren visstnok har sagt (på fjernsyn) om Hamas i målrørsla, bør der vere grunnlag for nye og interessante alliansar.

06 februar 2006

Saman

Example

Det er samisk nasjonaldag i dag. Vi gratulerer, og nyttar høvet til å vise til Trond Trosterud si vevside om samisk på data.

Farlege måltroll

Det var ei forvitneleg hundreårsmarkering i Kristiania i helga. Slike feiringar får fram mykje god galskap, og ein reiser heim glad og nøgd. Men som Einar Økland med rette seier det, ein bør vere kritisk til slike feiringar, ja, ein bør vere kritisk til alt Mållaget gjer og ikkje gjer. Difor var det litt òg på sin plass med diktet G. Harildstad nett har sendt ut på ei epostliste. Det er tale om ei fri omdikting av "Farleg vind" av Tarjei Vesaas. Omdiktinga er til Mållag Noregs ved hundreårsleitet:

Farlege måltroll

Måltrolla blæs og borar.
Gamle måltroll dansar.
Gamle måltroll knirkar.

Men gamle måltroll blir
nye og farlege
i den unge vind.

= = = =
Originalen

Tarjei Vesaas:

Farleg vind

Vinden blæs og borar.
Gammalt lauv dansar.
Gamle dører knirkar.

Men gamle tankar blir
nye og farlege
i den unge vind.

31 januar 2006

VG gratulerer

I dag vert Mållaget gratulert på leiarplass i VG. Avisa gratulerer Mållaget med 100 års arbeid for nynorsk. Rett nok er det tale om ein minileiar, men likevel. Ein minileiar er betre enn ingen leiar. Ein får tru at dette er fyrste steget på veg mot nynorsk i spaltene.

Pasienten forstår ingenting

Aftenposten Aften dekkjer kulturlivet i Oslo. Ein viktig del av det kulturlivet er russerevyar, og i meldinga av Ulsrudrevyen les vi dette: "Det er mye gråstein i «Golddiggers» men enkelte ganger finner Ulsrud- elevene glansnumrene de leter etter. Som når Iyoel Tasfadi i sketsjen «Indisk lege» spiller nettopp en indisk lege som er pålagt å snakke nynorsk til pasienten under hele konsultasjonen. Som du sikkert allerede har skjønt: pasienten forstår overhodet ingenting."

18 januar 2006

Forskefusk

Denne lækjaren ved Radiumshospitalet har gjort det verste ein forskar kan gjere: fuske. Ei ekstrem form for doping kallar nokon det. Sant nok. For det er resultata som tel, resultat i dei fremste tidsskrift, helst dei i gruppe 2 – på den måten kan ein ikkje berre få prestisje, men også stillingar, forskingspengar og tid til å forske endå meir. Og dersom ein ikkje publiserer, går det ein ille. Fuskesaka illustrerer dessutan dette med autoritet gjennom namn og ikkje gjennom sak og argument. Det er viktig å ha autoritetar med på forfattarlista, og det gir makt å takke den og den autoriteten for hjelp. Forfattarnamna og tidsskriftnamnet gir meir autoritet enn kva som faktisk vert skrive. For ein forskar har jo ikkje tid til å lese kva som faktisk står i artiklane. (Ja, det er dei i akademia som seier at ein kan berre take seg tid til å lese innleiinga og konklusjonen i artiklar; alt som ikkje vert presentert der skal berre fungere som dokumentasjon. Akk.)

Men ei puristside må ha fokus på det språklege. Poenget vårt i dag er at avisene skriv om "forskingsfusk", men heller burde ha skrive om "forskefusk" slik at vi fekk ein god ordgranne til ordet "fiskefusk". Det kling nemleg betre lydleg med "forskefusk" enn "forskingsfusk". (Rett nok tyder mykje på at ordgrannen "fiskefusk" har "fiske" som substantiv og ikkje som verb, slik jo "forske" i "forskefusk" fungerer, men det er det ikkje så farleg med.)

16 januar 2006

Seminarisme og skuld

I dei tre fyrste månadene av i år skal eg ha fire opphald på Solstrand konferansesenter i Os, og eg er no godt i gang med opphald nummer to, vart berre avbroten av helga. Har i dag snakka om det å skrive doktoravhandling - om korleis skriveprosessen endrar seg etter kvart – for ein flokk oppegåande doktorgradskandidatar. Det heile er ein del av Forskarskulen ved HF-fakultetet i Bergen. Nyttig og greitt altså.

Dette med å vere på Solstrand gir jo eit løft, for maten og spa-avdelinga er ikkje så verst, og det er fint å sjå soloppgangen frå vindauga.

På seminaret vart det i dag snakka mykje om den skuldkjensla ein har, alle som driv med forsking. Skuldkjensla sit djupt i kulturen, og særs djupt sit ho hjå forskande vestlendingar. Sjølv om slike folk sit på kontoret til to om natta for å løyse opp ein tekstfloke, har ein skuldkjensle for alt som ikkje vert gjort, og ein vaknar sveitt om morgonen og tenkjer på alt ein skulle ha levert.

Difor fortener ein litt ok tilhøve av og til, jamvel om ein av legning er protestant, pietisk og purist.

04 januar 2006

Die fetten Jahre sind vorbei

Berlinopphaldet er forlengst over. Farvel Kreuzberg, Dieffenbachstrasse med grønsakhandlar frå Tyrkia, avishandlartvillingar frå Romania, hippe kafear og bakeri. No sit ein på eit universitetskontor og stirrar ut vindauget. Ute regnar det.

Ikkje for det – det er nok å gjere, uhyre mykje, faktisk, samstundes har ein det ikkje så verst der ein sit i fast stilling. Den skal eg naturlegvis sitje i til eg vert 70.

Logikken i ei slik fyrstemanauensisstilling er å unngå dei mest håplause pliktene, og å publisere, publisere, publisere i tidsskrift av typen nivå 2, slik at ein kan verte professor før ein er 40. Problemet er naturlegvis at undervisninga, rettleiinga og all administrering tek så mykje tid at ein knapt får høve til å skrive artiklar, dvs. ein må gjere det på kveldstid og i helgar, slik ein arbeidde som stipendiat, men det er ikkje så lett når ein òg skal vere sosial i heimen. Dermed vil ein gå rundt med dårleg sjølvbilete, stive skuldrar, verte utbrend og må sjukmelde seg. I alle fall dersom ein fylgjer det etablerte mønsteret.

Så det var nok mykje enklare å vere stipendiat, likevel.

15 desember 2005

"Rettet den Palast!"

Det er no vedteke. I januar byrjar rivinga av Palast der Republik - hovudsymbolet paa DDR. Rivinga vert overförd direkte paa ei internett-side; vi kjem tilbake til den seinare.

Palast der Republik var ikkje berre parlamentet for DDR. Her var òg store kulturarrangement og julefestar for ungane. Det skulle vere folkets eige hus, maa vite. I dag er det ikkje noko vakkert syn der det staar.

Det finst dei som vil redde palasset. For nokre veker sidan kunne ein sjaa Liknkspartei-politikarane Petra Pau og Gregor Gysi i spissen for ein demonstrasjon med slagordet "Rettet den Palast!". `Det finst òg fleire planar om kva palasset kan brukast til. Men det er nok for seint, bygninga er full av asbest, og alt maa rivast i alle tilfelle, sier bygningsfolk. Kanskje kunne ein ha redda bygninga om ein var ti aar tidlegare ute (jf. det ein har gjort med Berlemontbygninga i Brussel), men i staden er ein altsaa ti aar for seint ute.

Berlinarar av den gamle garde vil ha tilbake slottet paa tomta. (Meir om det initiativet her.) Det er sjölvsagt absurd aa byggje opp att slottet. Heldigvis har korkje den tyske staten og Berlin kommune raad til slik nywilhelminisme.

14 desember 2005

Kvit fisk og innmat

Ingvild vil deltake på julearrangement i Berrrrgen, så ho har reist heim ei veke før meg. Men eg held altså ut, og kan gjere det eg eigentleg vil. Går såleis i einsam majestet rundt i dei 95 kvadratmetra i Dieffenbachstrasse, kikar ut vindauget, set meg ned ved skriverbordet, slår opp i dei mange bøkene, prøver å fortrengje all ubehageleg epost, reiser meg opp og ser etter posten som kjem frå ei luke i døra, kokar litt kaffi eller kanskje eg skulle take te, støvsyg, syklar laaange turar, går i bokhandel og i bibliotek, sym 1000 meter, syklar heim, snakkar med avismannen, går opp trappene og lagar til kvit fisk, t.d. steinbit, eller innmat, t.d. steikt lever med kokt eple.

Du har så store bøker

Var ein svipptur til Oslo laurdag-sundag. Hyggeleg å treffe folk, og å verte oppdatert på kva som skjer i åndslivet der nord. (Jamvel om det å gå ut er noko ein skal straffast for gjennom skyhøge prisar på drikke og mat.) Fekk elles ei aha-oppleving då eg midt på dagen sveva gjennom hyllene i Norli bokhandel. Der er nemleg så stort format på norske bøker! Det gjeld særleg fagbøkene. Dei har dessutan ofte altfor stor skrift på sidene. Kvifor skuldast det eigentleg? Er det av di det vert gitt ut så fåe fagbøker i Noreg, at det som vert gitt ut hovudsakleg er innføringsbøker, og at dei må visast meir att? Men det gjeld òg romanar som det jo kjem ein del av. Eg har nok meir sans for det mindre formatet, t.d. det formatet som norske og dansk-norske forfattarar publiserte i på slutten av 1800-talet. Bøker i det formatet er gode å halde i og gode å lese frå.

06 desember 2005

Indrefileten i tysk grammatikk

"Konjunktiv 2 er indrefileten i tysk grammatikk." (Sagt av kjend vossahistorikar ved bardisken på Atlantic, Bergmannstrasse, Kreuzberg.)

01 desember 2005

Matisyahu

Siste dagen i november var vi på konsert med Matisyahu, ein jødisk-mystisistisk reggaeartist. Matisyahu har ei tøff og livleg sceneframføring, kledd i svart hatt og med langt skjegg. Musikalsk blandar Matisyahu reggae med hipphopp, og han fungerer som ein rappar på svena. Resultatet var uhyre interessant og bra. Dessutan har mannen ei framifrå stemme.

Matisyahu (hebraisk form for ‘Matteus’) er berre 24 år, frå USA, og freistar å leve eit åndeleg liv der han vekslar mellom yeshivaen (bibelskulen) i New York og scena. Tekstane hans dreier seg mykje om det seinmoderne forvirra mennesket og det heilage, dessutan om religiøse symbol. Orienteringa hans går mot kabbala, som ho jo òg gjer blant mange nyreligiøse, t.d. Madonna. I intervju med Tageszeitun 30.11.05 fortel Matisyahu at han likevel ikkje vil vere misjonær med musikken.

Konserten var i Kalkscheune, i Mitte, nær eit gamalt jødisk kjerneområde i Berlin. Det bur fåe jødar fast i Berlin i dag – grunnane til det er velkjende – og tydelegvis var fleire av dei som var på konserten, tilreisande jødar. Mange av dei tok bilete med mobilen sin. Greitt nok det. Men ein som stod bortanfor oss dreiv heile tida og såg på mobilskjermen sin, for å få gode nok bilete, og når konserten var over, såg han på bileta han hadde teke. Han såg faktisk heile konserten gjennom ein mobilskjerm. Det er ei form for framandgjering eg tykkjer er fascinerande. Observere livet gjennom ein mobilskjerm.

29 november 2005

Italiensk pønk

Kvart år har den legendariske rockeklubben SO 36 i Kreuzberg ein italiensk pønkfestival. I år hadde Italia Punk 05 vitjing av meg, i alle fall torsdag 24.11., saman med nokre hundre andre galne italienarar. Det bandet som gjorde eit framifrå inntrykk, var derimot ikkje italiensk, men baskisk, og heiter Betagarri. Særleg bra var blåsarrekkja (trompet, trombone, saksofon). Vokalisten likna ei blanding av italiensk mafia og spansk lerhomse. Bandet har forresten ei heimeside der du kan velje mellom baskisk, katalansk, kastiljansk, galisisk, engelsk eller fransk. (Så viss nokon masar om at det "kostar å ha heimesider både på nynorsk og bokmål", så vis til kva Betagarri gjer.)

Noko som er interessant, er at pønken til liks med hipphoppen viser stor regional og lokal variasjon. Kvifor det i dag er Italia pønken står sterkast, veit eg ikkje.

Diverre er det i italiensk ungdomskultur ikkje uvanleg å seie at ein er "fascist" eller "anarkist". Kanskje er det dette umogne som gjer at italiensk politikk er slik han er? Det er så mangt ein får å tenkje på etter å ha vore på italiensk pønkfestival i Berlin.

21 november 2005

Reven på Alexanderplatz

Eg såg to revar på Alexanderplatz, midt i Berlin, rett ved Fjernsynstårnet. Det var onsdag, tidleg kveld, og eg var på veg heim. Gjekk mot Fjernsynstårnet ved ei fontene. Som så ofte før i eigne tankar. Veret var surt. Skodde flerra Fjernsynstårnet. Den prøyssiske steppevinden bles tvers gjennom skjelettet. Og så kom der to revar springande langsmed fontenevatnet, og drakk litt. Den eine sprang tilbake. Den andre for litt mot meg, blunka lurt, før han sprang vidare.

Kvar kjem så desse revane frå? Frå Tiergarten? Frå ein av dei andre store parkane? Ikkje godt å seie. Men rev var det.

15 november 2005

Kraft durch Freude

Fredag ettermiddag gjekk togturen til saltlukt og måseskrik. Målet Rügen, Tysklands største øy. Rügen ligg nordaust mot Austersjøen, 4,5 timar med tog frå Berlin (togskifte i Stralsund), i delstaten Mecklenburg-Vorpommern. Den politiske historia til denne regionen (Pommern) er komplisert, men Rügen var i alle fall svensk fram til 1815.

Etter ein time på toget kunne ein kjenne at tempoet var rolegare. Der var ikkje den aggressiviteten som pregar Berlin.

På strandpromenaden i Binz stod hotellrommet klart. Sundagen var det sol og fint å gå den lange, lange sandstranda. Sjå på måser som svel flyndrene heile. Og såvidt unngå bårene som rullar mot land.

Også nasjonalsosialistane tykte at dette området var fint, og ca. 4 km nord for Binz, i Pora, bygde ein eit Kraft durch Freude-Seebad. Planen var å hyse 20 000 gjester samtidig."Kraft durch Freude" var Hitlers ferieklubb, og organiserte t.d. båttur til Noreg. I Pora skulle så tyske arbeidarar samle krefter til ny innsats for nasjonalsosialismen. I 1941 vart byggearbeidet stoppe, invasjonen i Polen gjorde at ein måtte bruke bygningsarbeidarane til andre føremål. Men då hadde ein åtte blokker, kvar på seks etasjer, 10 000 rom, og 4,5 kilometer med bygningsmasse.

DDR gjorde ferdig ein del av blokkene, og brukte anlegget fyrst til ein ungdomsorganisasjon og dinest til militære føremål.

I dag står fem av blokkene att. Ein enorm bygningsmasse. Noko er gjort om til eit interessant museum, men det er uklart kva bygningane skal brukast til. Dei som står bak museet vil ha ein internasjonal ungdomsleir der (30 000 ungdomar skal kome der kvart år), men det spørst om slike blokker er det som lokkar dagens ungdom.

Apropos "Kraft durch Freude". Dette kan minne om ein slags velferdspolitikk, og ein tysk historikar, Götz Aly, har skapt mykje ordskifte i år ved å hevde at når nasjonalsosialismen fekk såpass gjennomslagskraft i det tyske folk, var det av di ein klarte å oppretthalde velferdsstaten. Utgangspunktet for det var i sin tur all rikdomane ein henta frå plyndringa av andre land og av jødane, meiner Aly. No i dag kl. 18 skal det vere eit ordskifte mellom Aly og forfattaren av den nye biografien om Alfred Rosenberg, Ernst Piper, og dit skal eg; det er på Dossmann, bokhandelen i Friedrichstrasse.