30 juni 2005

Ingen brunsniglar

Nett no er eg på ei øy litt nord for Bergen. Skal vere hundepassar. Det er ei rolle som kler meg. Hiv kjeppen ut over plenen, hunden spring etter og tek kjeppen.

Men korleis er eigentleg hagelivet? Eg har nemleg høyrt det verste. Har site i sofakroken på arbeidsplassen og høyrt fortvila hageeigarar fortelje om kampen mot den iberiske mordarsniglen. Ein hageeigar tok i fjor kverken på 531 brunsniglar i løpet av ein kveld. Han har seg ein runde i hagen kvar kveld. Det har konsekvensar. Sniglane fylgjer etter han i draume. Dei slører seg rundt i soverommet, kravlar og kryp overalt. Og hageliver er ruinert. Ingen vil gå berrføtt på plenen, då får ein berre sniglar på føtene. Alle hjelpemiddel er prøvde, men dukkar det opp noko nytt, prøver ein det òg.

Brunsniglen kom visstnok til Vestlandet frå den iberiske halvøya på midten av 1990-talet, truleg gjennom plantemold til eit gartneri. Så spreidde sniglen seg i eit område som var perfekt: fuktig, utan naturlege fiendar. Ein kan verte globaliseringsmotstandar av mindre.

Når eg så går berrføtt på plenen i morgontimane, tenkjer eg i mitt stille sinn at no treffer eg vel på ein av desse iberiske mordarsniglane. For det er litt fuktig i morgontimane. Men nei, faktisk ikkje ein einaste har eg treft. Eg har sett etter i buskene, men ingen å sjå. Og bra er no det. Så eg set meg ut i sola med føtene på graset. No vert problemet om eg skal lese ei færøysk hovudoppgåve eller ein roman. Må berre hive ein kjepp til hunden fyrst.

27 juni 2005

Solbrent

I fjor ein gong var eg i Hamar. Då var det ein som sa at "dette er prototypen på ein typisk norsk by". Han sa det til og med på engelsk. I helga var eg i Hamar igjen, for å sjå om det stemte. Vel, egentleg var eg i eit bryllaup. Det var ein slektning av sambu som gifta seg, og sambu spela då òg paret inn og ut av Hamardomen, dvs. steinrøysa under glastaket oppe på Domkyrkjeodden.

Sundagen gjekk vi så tur og sat ved stranda og såg på Mjøsa. Skiblader, ungar som bada, idyll. Det var altså sol ute. Det var ei sjokkoppleving. Resultatet var som overskrifta indikerer.

Er no i Oslo der eg kjøpte ein solkrem til 178 kroner. Noko fortel meg at det var ganske dyrt og litt seint.

Men no er det ut att igjen i sola. Sambu og Matilde ute og et is, sikkert.

24 juni 2005

Kursslutt

Så er det slutt. Etter to og ei halv veke har svenskane på sommarkurset reist heim. Eksamen i går, deretter avslutning på Bryggeloftet der kurset spanderte middag. Kursleiaren fekk kvikk-lunsj og ei t-skjorte med "Endre - din turoperatør" pålimt. Etterpå prøvde nokre av dei blide studinene å lokke kursleiaren med på tur opp Stoltzekleiven, men då var klokka mykje, så kursleiaren for heim, fornuftig nok. Litt trist når alle er reist.

Her er forresten eksamensoppgåvene (tre timars eksamen):

"Kandidaten skal svare på alle oppgåvene.

I Språk
a) Gje eksempel på nokre dialektskilnader (”målføremerke”) i norsk.
b) Ivar Aasen og Knud Knudsen representerer to hovudstrategiar i norsk språknormering: målreising og fornorsking. Gjer kort greie for hovudskilnaden mellom desse to strategiane.
c) Korleis har forholdet mellom nynorsk og bokmål utvikla seg i det norske samfunnet?

II Litteratur
Ta utgangspunkt i to eller fleire litterære verk som er gjennomgått på kurset. Peik på og vurder måtar identitetsproblematikken kjem til uttrykk på.
(Litterære verk kan vere romanar, noveller eller dikt.)"

23 juni 2005

Ordbøker i regnet

Det kan berre regne så mykje det vil. Eg sit her nemleg med ein haug med nye ordbøker. Vel, nye og nye. Eigentleg er det tale om to posar med "utdaterte" ordbøker; ordbøkene kjem frå ein kollega som nett gjekk av for aldersgrensa.

Omsider har eg m.a. fått Øverlands blå riksmålsordliste, både fyrste og andre utgåva. Og her er ulike utgåver av ordbøker som fylgjer ulike variantar av 1938- og 1959-rettskrivinga. Snadder.

21 juni 2005

Fast stilling

Det er ikkje kvar dag ein får fast stilling. Men i dag fekk eg altså det, for fyrste gong, med tittel "fyrsteamanuensis".

Utlysinga av stillinga stod forresten "her". Eg byrjar fyrst i januar 2006; skal vere i postdok-stipendet ut desember. Og når eg byrjar vil eg sjølvsagt vere påpasseleg med at det står "fyrsteamanuensis" og ikkje "førsteamanuensis" på døra.

15 juni 2005

Intern strid

Det skulle i løpet av juni verte halde årsmøte i Rørsla for sterke verb. Men den seinare tida har det vore ein del strid i rørsla, så årsmøtet ligg litt i det blå.

Striden i sterkverb-rørsla har likevel ikkje gått så langt som striden i visse fraksjonar av "høgnorskrørsla". Ikkje nok med at fraksjonen som tapte slaget om bladet "Vestmannen" laga eit nytt blad dei kalla for "Målmannen". No har òg "Målmannen" vorte offer for fraksjonering. Kanskje får vi endå eit blad? "Myrmannen"?

Kannibalisme er ingen sunn aktivitet, og han er heller ikkje så underhaldande som årsmøtet i Borkne for nokre år sidan. Då var der mykje sunn og god galskap. Ja, det var tider det.

Lurer forresten på kven som har skrive om bladet "Målmannen" og "Vestmannen" i Wikipedia.

14 juni 2005

Toget venta

Klokka 07.58 skal toget gå. No er klokka 07.35. Og snart kjem dei svenske studentane, dei skal hentast med stordrosje på Hatleberg. Vi skal nemleg på tur – Noreg i eit nateskal. Med bergensbanen til Myrdal, så til fots ned Flåmsdalen til Berekevam, deretter tog til Flåm, middag på Furukroa, båt til Gudvangen, buss til Voss og tog derifrå til Bergen. Ein klassikar. Alle likar den turen. Og no er det snart tid for at vi fer frå togstasjonen. Eit par studentar har alt kome. Det er sundag, og roleg ute.

Så ringjer mobiltelefonen. – Æ, det har enno ikkje kome nokon taxi til Hatleberg... Kva? Eg ringjer til Bergen Taxi: - Nei, der kom ein taxi i går. - Men det var jo I DAG, I DAG, drosja skulle kome!!! - Vel, vi sendte ein i går. Og vi har ingen stordrosje her no. Men vi kan sende vanlege drosjer. - Ja, gjer det!

Klokka går og går. Så, 07.50 kjem nokre svenskar springane. Dette ser lovande ut. Men ikkje heilt: - Der var så fåe drosjer! Det er tvilsamt om dei aller siste rekk dette! Kva sa konduktøren? Fekk du ikkje noko svar?!

Klokka vert 07.55. Ei ny gruppe studentar kjem. Men framleis manglar den siste gruppa. Eg får melding om at dei neppe kan rekke toget. Klokka vert 07.56. Ingen andre enn meg og konduktøren ute på perrongen, 200 meter lenger borte, han svarar ikkje. Kva er lurast no? Å ta heile gruppa ut av toget og vente på neste tog, eller å la ei gruppe reise til Myrdal? Så talentlaus å ikkje ha tenkt på det før! Men ingen har mobiltelefon med seg, heller, og assistenten vil ikkje ta på seg å reise til Myrdal. Klokka er 07.57. Ingen kjem. Men ingenting er over før det er over. Klokka vert 07.58. Vel, no er det eigentleg over. Klokka 07.59. Toget er klart til å gå. Konduktøren på veg til å gi signal, men eg irriterer han, står med eitt bein inne i toget og eitt bein på perrongen (har lange bein). Konduktøren kjem bort. Klokka er 08.00. Men då er dei der! Rundt hjørnet kjem ein flokk springande! No er alle her! Konduktøren seier han sjølvsagt kan vente til dei har kome fram til vogna og ombord. Og så, fem minutt over tida er vi på veg. Ut på tur!

Etterpå er sjølvsagt kursleiaren helten. På folkemunne i Sverige vart han heretter kjend som "mannen som fekk toget til å vente".

10 juni 2005

Turoperatør

Universitetet i Bergen har for tida vitjing av 20 svenske og finlandssvenske studentar som vil studere norsk språk og litteratur. Det er rett hyggelege personar. Dei er både sosiale og pliktoppfyllande – det er ein god kombinasjon.

Sjølv er eg kursansvarleg for studentane. Det inneber mykje: lage fagleg program, halde styr på budsjett, undervise, ordne med innkvartering, skaffe kjøkkenutstyr etc. Og dessutan: å vere turoperatør. For ein skal jo oppleve ein del. I forgårs var vi t.d. på tur opp Stoltzekleiva og til Sandviksfjellet, og i går var vi på Bergen kunstmuseum og såg utstilling av Astrup-bilete, før vi seinare for på surrealistisk konsert med Oddvar Torsheim på "Nynorsk bar" (Cafe Opera). I dag har vi vore i Bryggens Museum og Rosekrantztårnet. Og på sundag fer vi med tog til Myrdal og gåtur ned Flåmsdalen. I det heile teke er det mykje praktisk. Det verste er at eg likar det. Eg går fyrst flokken gjennom gatene i Bergen sentrum med ein paraply som flagg. Fortel om hus og gater, og veit i mitt stille sinn at det er jo dette eg har drøymt om: Å vere den allvitande turist-guide som ausar ut av kunnskap for dei ikkje-anande turistane.

05 juni 2005

Rapp er snakk

(Her kjem ein liten artikkel eg skreiv for spalta "Ord om ord" i siste Dag og Tid. Artikkelen skulle handle om eit ord. Og det gjer han.)

Den viktigaste dialektrørsla i dag kjem frå musikkforma rapp. Kva er så bakgrunnen for ordet rapp?

Vi må då tilbake til slutten av 1960-talet og til det kulturelle blandingsmiljøet i New York. Eit nytt fenomen hadde oppstått, diskoteket, der midtpunktet var plateryttaren (DJ-en). Somme plateryttarar merka seg at tilhøyrarar tok til å gjere frie danseopptrinn under instrumentaldelen av songar, det ein kalla ”the break”, dvs. ‘pausen’. Desse danseopptrinna vart populære, og plateryttarane byrja då å manipulere med platene slik at pausene og pause-dansen kunne vare lenger. Dermed var grunnlaget lagt for breaking som sjølvstendig danseform. Då breakdansen kom til Noreg i 1984, med filmen ”Beat Streeet”, kunne ein eigentleg ha kalla han for ‘pause-dans’.

Sjølve rapp-musikken oppstod kring 1970, i nær samanheng med nettopp diskoteka og breakdansen. Plateryttarar ville ha fleire til å kome ut på dansegolvet, og engasjerte ein microphone controller (MC). MC-en framførte rim og vers som stod i stil med musikken og rytma, og som kunne verke engasjerande på publikum. Framføringa vart kalla rap og rappin, av det amerikansk-engelske nemninga rap som tyder ‘snakk’. I byrjinga hadde MC-en ein underordna posisjon, og han skulle skryte av plateryttaren. Etter kvart vart MC-en kalla ein rapper, og fekk all merksemda. Dermed var grunnlaget lagt for det som skulle kome – for Eminem og Side Brok.

Rapp er eit lydhermande ord som har oppstått i fleire språk. I etymologiske ordbøker for germanske språk finn vi mange av dei same tilvisingane: Rapp viser mellom anna til noko som går snøgt føre seg, til å skunde seg, til lokkerop etter ender, og til å herme etter andre sine lydar. I afro-amerikanske miljø karakteriserte rap ein spesiell stil og eit repertoar prega av det raske, av herming og av ordspel. Rapp-stilen vart utnytta musikalsk alt på 1930- og 1940-talet. Typisk er Cab Calloway med refrenget “Hi-de-hi-de-hi-de-ho” i "Minnie the Moocher", kjent frå filmen Blues Brothers.

Rapp-musikken har gått gjennom fleire fasar, teknisk og sjangermessig utvikling, og spreidd seg til resten av verda. Fyrst gjekk alt føre seg på engelsk, men på 1990-talet gjekk ein i store delar av verda over til å rappe på morsmålet. Språkskiftet vart kombinert med eit innhaldsskifte der utøvarane tok opp meir lokale og aktuelle spørsmål. Frankrike var tidlegast ut, men for norske utøvarar var det utviklinga i Sverige som var føredøme, særleg med artisten Petter.

Sjølv om det har skjedd store lokale tilpassingar av rapp-musikk, slik at nyskapinga no skjer utanfor USA, er der framleis organisatoriske og tekstkulturelle rammer som er ganske felles. Rappteksten skal framleis knytast til plateryttar-verksemd, det skal vere mogleg å danse til rapp, og rapptekstane viser påfallande likskapar når det gjeld val av emne og språkhandlingar. Kanskje nettopp strenge rammer gir friske resultat? I alle fall har rapp vore med på å forfriske lyrikken, og jamvel gitt rimbruk ein renessanse. Ein god del norsk rapp er dårleg, men det kjem faktisk noko bra snakk òg.

For framleis er det snakke ein gjer. Gode rapparar kan nemleg ikkje syngje.

01 juni 2005

Eldrebølgja

Ein gong i året vert ein eldre. Gratulasjonar på morgonkvisten tydar på at ein har klart det i år òg. Jau, då. Gratulasjonsobjektet tek elles imot fleire kommentarar t.d. på Nattjazz i kveld.

Apropos alder: Sidan folk på nokonogtredve stort sett ikkje er i bloggosfæren, er det interessant å merke seg korleis den generasjonen reagerer på bloggeri. Nokre e-brev kan illustrere det. Døme 1 (den syrlege moralist): "Hei bloggis! Det er fint at framståande forskarar dyrkar det uvesentlege utan å skjemmast." Døme 2 (den overraska): "Hepp, jaggu er du ungdommeleg! Fin blogg, delikat og smakfull i det ytre." Døme 3 (pedagogen nett komen heim frå festival): "Mykje ladd om debut og porno i starten der, men veldig morsomt og bra." Ein kan altså konstatere at generasjon X har ei liberal haldning til dette.

31 mai 2005

Opprop

Stundom får eg e-brev om å skrive under på opprop. No er der to saker som fleire bør skrive under:

Fyrst eit opprop mot regjeringsframlegg om romavlytting. Framlegget inneber høve til meir intensiv overvaking av kriminelle, men òg meir overvaking av politiske aktivistar. I så måte står det om viktige verdiar i høve til ytringsfridom og rettstryggleik. Framlegget frå regjeringa skal handsamast av justiskomiteen på Stortinget onsdag 1. juni og i Stortinget i løpet av juni. Så dette hastar.

Det andre er oppropet "Stopp salget av bergenserne!". Det er imot planane til Bergen kommune om å inngå eit samarbeid med Clear Channel om digre reklameplakatar på 500 busskurs, 15–20 montrar og offentlege toalett 15 år fram i tid. No er ikkje tittelen på oppropet heilt god her. Det er no ein gong bergensarane sjølv som er det største trugsmålet mot Bergen. Hugs på at det var innflyttarar som redda Bryggen, bergensarane ville rive heile greia på 1950-talet. Men med tanke på desse plakatane over heile Bergen ser eg stort på det med tittelen.

30 mai 2005

To disputasar på fredag

Fyrstkomande fredag 3. juni disputerer to gode kjenningar. Her i Bergen disputerer Heming Gujord med avhandling om Olav Duun og Juvikfolke. I Oslo disputerer Unn Røyneland om dialektvariasjon på Røros og i Tynset. På denne sida kan du laste ned avhandlinga til Unn.

Men det var dumt at dei absolutt skulle disputere på same dagen.

28 mai 2005

"Ytringsfriheten er en felle"

Sitat frå Georg Johannesen.

27 mai 2005

Sandnes morra blues

Eg kjenner ein del hyggelege folk frå Sandnes. Dei snakkar treigt og eg tenkjer treigt, evt. på andre ting, så det går bra. Det var dessutan i Sandnes at eg for fyrste gongen var vitne i ei rettssak. Saka var reist av Mållaget mot Sandnes kommune og galdt ulovleg blanding av nynorskklassar og bokmålsklassar.Mållaget vann rettssaka. Sandnes kommune sa deretter at dei ville respektere domen. Eg hadde til og med møte på Flesland lufthamn med ein av dei leiande byråkratane, Ingvar Torsvik. Vi sat oppe på kafeen på toppen (over kontrollpunkta), eg har aldri brukt å sitje der oppe, fint forresten der, sjølv om kaffien ikkje var topp, i alle fall sat vi der og snakka om kva ein skulle gjere framover i Sandnes. Det var snakk om målbruksplan og det eine med det andre. Han skreiv ned nokre punkt på eit ark, og sa at no hadde vi "dialog". Så anka Sandnes kommune. Og alt snakket på Flesland var gløymt, tydelegvis. Anken frå kommunen vart kjend i påska, på ein av dei ettermiddagane det var sol. Nuvel. Men Mållaget vann igjen, og det var for nokre dagar sidan. Men så i dag får eg høyre frå Egil Astad i Sandnes mållag at Sandnes kommune ankar nok ein gong. Denne gongen til Høgsteretts kjæremålsutval.

Til Sandnesposten seier den mannen eg møtte på Flesland, Ingvar Torsvik, at nynorsken vil tape på sigeren til Mållaget. For dersom nynorskelevar skal få eige gruppe, "risikerer en fort at det ikke vil være nok foresatte som velger bokmål som hovedmål for sine barn".

Eg ser ikkje heilt problemet her.

26 mai 2005

UFOar og Bergen som heilag stad

Example
Førre veke var eg på ein disputas om UFO-miljøet i Bergen. Doktoranden hadde granska UFO-entusiastane i bergensgruppa av NETI. Rett nok fekk doktoranden ein god del pepar frå opponenten, den legendariske Mikael Rothstein (som forresten stilte i ein raudstripa genser og ikkje i dress og slips). Men emnet er interessant, og eg noterte at i bergensområdet er det Lysekloster som er staden dersom ein vil sjå UFOar. I Noreg er det Hessdalen (mellom Røros og Trondheim) som er "stargate", der vil ein sjå UFOar. NETI arrangerer visstnok ekskursjonar dit. Nøkterne vitskapsfolk snakkar om ei ny lyskjelde der. Men UFO-entusiastane veit sjølvsagt at CIA prøver å dekkje over det som eigentleg skjer! Ein som heiter Rune Øverby meiner at Hessdalen vil spele ei sentral rolle i den komande "jordtransformasjonen". Øverby har forresten gjort intervju med folk som har møtt UFOar. Særleg interessant er ein zeta-talk om "dei grå". "Dei grå" er ein art som kjem frå stjernesystemet Zeta Reticulis; det er dei som kidnappar folk for å take genetiske prøver. "Dei grå" har spesielle romskip som gjer at dei klarer å flyge frå Zeti Reticulis til Jorda på om lag to timer. Vi får vite at i 1947 var det ein bonde som såg dei grå, men som fekk ein lastebil frå dei militære for å halde kjeft.

Men det var dette med stader. I det internasjonale New Age-miljøet meiner ein at stader som Sedona og Esalen i USA, Glastonbury i England og Findhorn i Skottland er heilage, pga. energibanene. Her er det Bergen kjem inn. I det bergenske New Age-miljøet veit ein sjølvsagt at òg Bergen er ein heilag stad – ja Bergen er i seg sjølv eit chakrasystem! Tanken er om lag slik (skriv m.a. Sigrid Elise Sylte i hovudoppgåva si) : Det finst som kjent sju chakra, og dei sju fjella i Bergen symboliserer heile chakrasystemet. Gjennom desse fjella vert det tiltrekt mykje energi frå verdsrommet, og den energien verkar så inn på humøret til folk. Dersom der er dårleg energi, verkar den særleg sterkt i Bergen, og dersom det er god energi, verkar den særleg sterkt. Så Bergen er ein sterk by å bu i – slett ikkje for sensitive personar. Likeins fungerer alt regnet som Bergen er velsigna med, reinsande. Når du ser ut på regnet som tilfeldigvis veltar seg over Bergen nett no, veit du altså at det er tale om ein reinsingsprosess, og den prosessen gjer godt, sjølv om han kan vere smertefull.

Men Bergen er då heller ikkje for sensitive personar.

I tillegg til Bergen er altså Lysekloster ein heilag stad. Det gjeld ikkje berre for UFO-folket. Også satanistane bruker Lysekloster som sin stad. Men det er vel kanskje feil å tale om ein "heilag" stad for dei...

25 mai 2005

Rørsla for å gjere svake verb sterke

Etter at eg i går nemnte Rørsla for å gjere svake verb sterke, har nokre snakka saman, og det skal i byrjinga av juni vere årsmøte i Rørsla. For fyrste gong på fleire år! Årsmøtestad vert kunngjord seinare. I samband med årsmøtet tek Rørsla sikte på å lage ei liste over:

1) fem ord som BØR gjerast sterke,
2) fem ord som i festlege lag KAN gjerast sterke.

Framlegg til kamp-verb kan sendast til denne bloggen.

24 mai 2005

Nur für Wissenschaftlers

Undertittel: Porno og sterke verb

Det har som kjent kome ei pornografisk side på Internett med bilettekst på nynorsk. Her det eigentleg tale om ei over 30 år gamal sak. Det var nemleg i 1971 at Einfrid Perstølen på talarstolen under landsmøtet åt Noregs Mållag etterlyste pornografi på nynorsk. Og no har altså ein sotrabu på 25 år teke opp hansken frå 1971.

Før vi kjem til sjølve saka (vi er sjølvsagt ikkje pornografar og kjem til saka med ein gong), kan det høve å sjå litt på kva Ivar Aasen gjorde. I dag fekk eg nemleg høyre av godt informerte kjelder at ein stad, gøymt bak støvete kasser inne i eit arkiv, ligg der ei liste Ivar Aasen laga over tabu-ord. Desse tabuorda går særleg på seksualitet, og er, naturleg nok, dei saftigaste og djervaste som tenkjast kan på området. Ein må gå ut frå at Aasen noterte slike tabuord, slik han noterte andre ord, og at det ein stad finst ei liste med desse orda. Og ein vakker dag får nok ein filolog tak i den lista, og kan slå seg fram som den frimodige og folkelege, slik ein folklorist gjorde på 1970-talet då han fekk eit forlag til å publisere erotiske norske eventyr. Desse erotiske eventyra hadde vorte haldne tilbake for folk flest av moralske grunnar. Rett nok hadde dei vorte publiserte over hundre år tidlegrare, men då på tysk, i eit tysk vitskapleg tidsskrift for folkloristar. Folkloristen som eg snakka med i kantina i dag, fortel at det jamvel stod ei åtvaring framføre eventyra: „Nur für Wissenschaftlers“. Asbjørnsen, som samla inn desse eventyra, gjorde suksess i selskapslivet med å fortelje grove erotiske eventyr til damer frå den høgare borgarskapen. Kompanjong Moe la derimot ein dempar på den skriftlege erotikken.

Saka her er likevel ikkje pornografi. Saka er i staden, som ho ofte er i målsamanhengar, den forma for nynorsk som vert brukt. For kva er det den unge pornografen – som Noregs Mållag, av alle, har hylla og reklamert for - kva er det han skriv? Jau, les vi i BA, han skriv om ei jente at ho "sug kuk". Som Finn Tokvam med rette peikar på, i nynorsk heiter det "syg"!

Dette fører oss så vidare til ei rørsle som var aktiv for nokre år sidan, nemleg rørsla for å gjere svake verb sterke. Den rørsla engasjerte seg særleg for eit ord som ein meinte skulle bøyast som "suge". Det er det såkalla "p-"-ordet. Det skulle då bøyast slik: i presens "pyl", i preteritum "paul" og i perfektum partisipp "har pole". Diverre har eg høyrt lite frå den rørsla dei siste åra, men sidan vi var inne på eit emne som ikkje var direkte irrelevant i denne samanhengen, tenkte eg det kunne vere eit poeng å nemne dette.

Debutere

Det er mykje ein kan seie om det å debutere, men eg skal unngå å gjere lesaren forlegen, og nøye meg med å slå fast at dette er min debut som bloggar. Og kva så? spør du. Kvifor dette intimitetstyranniet gjennom offentlege dagbøker – noko så pinleg! Og kven bryr seg eigentleg?

Ute regnar det som vanleg. I korridoren utanfor døra traskar professorar og fyrsteamanuensar tungt forbi. Gjennom vindauget, på hi sida av atriet, ser eg studinene svinsar lett bortover sin korridor, på veg til lesesal eller snakking i sofakroken. På Mållagslista diskuterer dei nynorsk pornografi. På eposten kjem det ebrev frå svenskar. Dei skal eg ha eit sommarkurs for i juni. Og nede i Berrrrrgen sentrum går sikkert dei innfødde inn ein stad og kjøper fiskepudding eller pølser som dei stappar i seg, nøgde med seg sjølve, som vanleg, utan tanke på at eg altså sit her og debuterer som bloggar.

Så kva er poenget? Kven bryr seg? Og – utanom Olaug Nilssen – har eigentleg desse bloggane lesarar?

Denne bloggen byrjar altså med ein del modifikasjonar. Kva som skal vere poenget med bloggen, kjem eg tilbake til.